1869 Om vaart nationale Stræv

A.O. Vinje

A. O. Vinje Om vårt nationale Stræv

Om vaart nationale Stræv.

 

Godtfolk!

Eg vil i Kveld tala om vårt nationale Stræv og svara på det Spursmål:

Kvat er det me vilja?

Me vilja det, som stend i den fyrste Paragraf i vår Grunnlog: at Kongeriket Norge skal vera eit fritt, sjølvstendigt, udeilelegt og uafhendelegt Rike.

Ja, det vilja me alle, svarar kver og ein, og dette er netup det rimelege i vårt Stræv, at alle norske Folk må vera med på det. Men dette er berre solenge der er Tale i det ålmenne og blåe. Sosnart Tingen verdt utgranskad, so koma der mange Tvistemål, og det er desse eg her vil greida litt ut.

Me vardt, som det heiter, eit fritt Folk og eit sjølv­stendigt Land i 1814. Dette er Tanken i vår 17de Mai, og det er ein stor Tanke; for då kom det, som var Ho­vudsak, nemlig at Landet vardt eit Land for seg sjølv med serskilt Riksstyre, og liksom fekk atter sit Rikssverd, som i gode 300 År hadde voret gjevet Danmark i Hand. Sosnart dette Rikssverd kom i vår Hand, so fylgde det andre af seg sjølv. Det var berre Spursmål om litt Tid, og den nationale eller sjølvstendige Tanke måtte koma til sine ytste Endemål, eller den nationale Logik og vår historiske Ånd måtte draga si Tankefylgja eller Consequense. Det logiske og historiske Jernbanetrain vardt sett i Fart, og det måtte koma til sit Mål.

Me såg og straks, at det ikke var nok at me hadde eit norskt Statsråd og eit norskt Storthing og ein norsk Ombodsbolk eller Embættesstand med heile det utvordes politiske Regelverk. Dette var ein Adam, skapt af Leir, før Livsens Ande vardt blåsen i honom. Der måtte koma eit indre, eit nationalt Liv i desse utvordes For­mer, og dette Liv måtte ganga ut ifrå Folkets eiget Tun­gemål og Tenkning og heile Livskrav. Det måtte vera eit Folk, både i Form og i Innehald; det måtte vera det heile Folk, soleides som det gjekk og stod. Det måtte setjas i Stand eller restaureras, likso vel det som Kongshall og Tårn på Bergenhus. Der var mangt forfallet af det nationale Liv i vår Utlendings-Tid. Der var komet in Utlendingar med utlendskt Tungemål og Stell. Desse hadde styrt os og aukat seg i Byar og fengjet eit Ombodsverk i Stand med sine Prentehus, sine Bøker og sine Rettarbøter frå eit annat Land. Men det store Folk hadde livt sit nationale Liv for seg sjølv. Der var vel Bygder, mest på Austlandet og nær Byar, som hadde lært eit og annat af denne hitsende Riksmagt, men jam­vel i desse Bygder var der so myket atter af det gamle norske, at Grunntonen og Grunnfargen var norsk, med all den ytre Påsmurning, som der var komet til i eit og annat. Det var liksom med ein utvordes Sjukdom i Led og Limer; dei indre Livsreidskapar våro friske, den gamle norske Ryggmerg og det norske Hjarta våro ikke helse­lause. Der skulde ein Kur til, og det er denne Kur me no ganga igjenom.

Denne Kuren byrjad som vanlegt fyrst med små Doser. Bokriket eller Literaturen er eit Uttryk for det finare og hægre åndelege Liv i eit Folk. Eit sjølvstendigt Folk er det då, når det har eit sereiget Land med sit sereigne Tungemål og sine sereigne Tankar. Der er ingen Grunn til, at eit Folk skal vera eit Folk for seg sjølv, dersom det ikke har desse sereigne Vilkor til eit sjølvstendigt Liv, so at det kan vera til Uplysning for det store Sam­fund af dei mange Verdsens Folk, som netup hava eit sjølvstendigt Liv kvert for seg, for at dei skulle leggja sin Skilling til det store åndelege Sameige, som den heile Menneskeslægt liver af. Eit Folk, eit Samfund er ikke ei Grille. Det er ikke slik ein Kile, som du kan slå ned og reisa up atter. Det er ein åndeleg Vokster eller Organisme, som har si Livsgjerning i det store Menneskesamfund. Og ei slik Organisme er vårt Land. Det var so i gamle Dagar og er so den Dag i Dag; for det har alle Livsvilkor til at vera so. Og det ligg soleids til på Landkortet, at du måtte segja om det, som ein Fransk­mann sagde om det hægste Væsen:«Si dieu n’existepas, il faut l’inventer»,eller dersom der ikke var slikt eit Væsen, so måtte du finna på eit. Det trengst nemlig til.

Ja, me sjå på Landkortet eit slikt Land, og me kunna, utan at vita om det, draga ut, at det med alle dei Fjell og Fjordar må hava eit Folk, og at dette Folk må i Tun­gemål og Tenkning vera nokot framifrå og leggja sit Ord med i Laget i det store Ordskiftet eller Debatten millom dei andre Folk. Det må i det minste hava ein ori­ginal Tanke i Motsetning til det vesle Slettelandet der lenger sud.

Og det låg i Grunntanken af vårt Folk, at me hadde eit slikt originalt Ord at segja. Straks etter Skilnaden frå Danmark vilde våre Bokmenn liksom utan at vita af det hava ein norsk Literatur. Dei vreid og dei vreid seg un­der det gamle literære Samband med Danmark og vilde få fram nokot norskt. Men det såg endå nokot uliklegt ut. Vår gode bergenske Mann Lyder Sagen sette ihop ei «dansk Læsebog», men Mauritz Hansen, som for si Tid var ein merkjeleg norsk Målmann, han tyktes, at dette ikke var i den beste Samanheng, og han kom med ein «norsk Grammatik». Det var dansk eller Bokspråk, det som han foor med, men Mannen kjende liksom på seg, at han måtte vera norsk. Det er sorglystigt eller tragikomisk, men so gjeng det, når ein stor Tanke ar­beider seg fram gjenom alt det uklåre. So skreiv Schwach sine norske Nytårsvers f. Ex; det var dansk, men Man­nenvildevera norsk. Blodet var tykkare en Vatnet, som det heiter. Og so skreiv Bjerregaard «Fjældæventyret». Han var med i denne Bokring, som stod med den eine Fot ned i Danmark og den andre up i Norge; men den tyngde so over på den norske Foten, at Hovud og Hjarta låg der framme nord mot Heimlandet.

Desse gilde Menn våro Born af si Tid, og du kjenner ved at lesa deim liksom ein Understraum up imot den norske Kyst, om so Overstraumen endå gjekk ned mot «den gamle Moder med Fjord og Sund, med Belter og med Roder», som Øhlenschlæger so yndefullt skriv.

Og so kom desse tvo Stormenne, Wergeland og Welhaven. Det er lik tvo Skybankar, som koma in af Ha­vet. Du seer Lynglimt og høyrer Toreslåttar langt burte. Det kjem ein Storm. Du kan ikke skyna desse Lyn og desse Hagl, for dei fara for langt burte. Der er mangt, som du ikke kan tyda, for det heng ihop med hitt Liv, som ikke lenger er her. Det er det politiske Liv, det er Samfundslivet, det er Smak, det er Poesi. Alt dette, og meir til, er no i so mangt omskift, at du ikke rett kan forstå den blodige Strid millom hine tvo Hovudmenn, kver i Brodden af si Fylking. Og dei våro nationale på si Vis både tvo. Store Folk må altid vera det; for det er det historiske Blod i Folket, som pulserar igjenom deim. Og om sume store Menn ikke kunna vera na­tionale af Theori eller Læresetningar, so ero dei det af Instinkt, for det er netup det, som gjør Mannen stor, at han liver i Samanheng med sit Folk og er ein Reidskap for det. I og for seg sjølv og i Motstrid med si Folke­ånd vardt ingen Mann stor i den heile Heimssoga.

Det vilde vera nokot at halda Fyrelesningar over Wergelands og Welhavens Forhold til kverandre, og deires Forhold til det norske Samfund og vår nationale Fram­vokster! Det er utan Samanlikning våre største Poeter og literære Menn etter 1814. Kort og godt vil eg segja, at Welhaven var national liksomimotsin Vilje. Norsk­domen taut liksom ut millom Sidebeini hans. Werge­land derimot var meir national af Instinkt og i sit heile Liv. Han livde med sit Folk i godt og vondt, medan Welhaven liksom stengde seg inne i ein fin Ring. Og so var Wergeland national liksom i Ord eller Gloser i Språket, medan Welhaven meir var det i Construction eller Ordstillingar. Og Utbytet for det norske Bokriket af desse tvo Menn var stort.

So kom Asbjørnsen og Jørgen Moe med sine Æventyr, og med desse kom der myket af det liksom meir hus­lege i det norske Tungemål in i Literaturen. Det var eit stort Framstig, og det er gildare Folk desse tvo Menn, en mange tru. Det norske Språk, som før var trutt ubrukelegt i Bokmål, so nær som eit Ord her og der og eit norskt Ordalag imillom, det vardt no sagt at kunna bli brukat til Æventyr og simple Historier. Tenk simple! Lenger kunde det umogelegt koma! Nokot slikt veit eg, at f. Ex. Professor Monrad sagde, og han er ein Filosof. Men so måtte det og folkast på eller civiliseras litt i Stavemåten, so som det var gjort i desse Æventyr. Der var den rette Mønsterform funnen; ja men var den so. Og Asbjørnsen og Jørgen Moe tykte det sjølve! Dei synes reint liksom at bli sinnad, når nokon vågar at draga Tankefylgja vidare. Mannen trur gjerne at Livet aldri kan koma lenger en han sjølv kom. Dette er ei af dei mange «Lyksaligheiter» for Dårar, som Holberg talar om. So kom då Professorarne Munch og Keyser. Keyser var so danskslikkad i sine Læresetningar om Språket, at eg hadde min største Gaman af at høyra under hans Fyrelesningar denne grundige og gode Mannen. Men der flaut norske Ord frå hans Munn rett som det var; og seer du i hans Bøker, skal du finna, at der er utruleg mange norske Ord og Ordstillingar. Naturen var sterkare en Uptuktelsen, og han lærde af Mor si meir en han viste af. Munch, denne overveldande Kjempa, som var til slik ei Rædsla for alle danske Bokmenn, han gjekk vidare i sine Læresetningar om vårt Målstræv en nokon annan Mann. Då nemlig Ivar Aasen i 1848 kom med det fyrste Uplag af si Språklære og straks etter med si Ordbok, so skreiv han, at me burde fara tilbake til det trettande Århundrad med vår Literatur og Bokmål, og so utfylla vår nationale Utlendingstid, og på den Måte knyta ihop den historiske Tråd, som var afklypt. Denne store Mannen vardt agad eller imponerad af so møn­stergyldige Arbeid som Aasens. Han skulde hava livt no og seet det andre Uplag af Aasens norske Grammatik og snart det andre Uplaget af hans Ordbok, so skulde han hava helsat endå djupare på det mønstergode Ar­beid og det rike Tungemål. Men so døydde han, og før han gjorde det, so talad han att og fram om denne Målsak, so at både Partar no taka denne Mannen til Intekt. Han var livleg; og ein Mann med mange Tan­kar er ikke pruten på ei ny Meining, likso litet som den rike Mann på Skillingen. Overlærar Knudsen i Kristiania har no i snart 30 År arbeidt for Norskdom i vårt Bokrike. Han held seg mest til det grammatikalske og det, som han kallar det «dannede Bymål», og når alt verdt upsummerat, so er Utbytet af hans Gjerning ikke litet. Han er netup ein Mann, som det trengdest til for at gjera ein Overgang. Det sokallad dannede Talespråk måtte få sin Talsmann, og om det just ikke seer godt ut på Prent og heller ikke er synderleg velklingande, so må det leggja sit Ord med i Laget, og der verdt nok hangande atter eit og annat af dette i det endelege Literaturspråk, som arbeider seg fram. Og i Samanheng med Knudsen må Folkeskribenten Ole Vig bli nevnd. Han gjorde myket godt. Det var eit stort literært Talent, og her er enno etter honom ein national Skole, som er all Ære værd.

Der er Samanheng eller Logik i alt slikt. Det vil koma til sit Endemål, når det er sett i Fart. So kom då det eigenlege Målstræv. Eg trur mest det er eg sjølv, som har kristnad det med dette Navn.

Ivar Aasen skreiv sine Prøver af Landsmålet og gjorde sin «Erving». No ja, Språket kunde, som du såg, bru­kast til Æventyr og «simple» Historier og no gjorde det eit Stig frametter og kunde brukas til «naive Vers». Eg trur det var Filosofen som her atter var ute. Lenger kunde det umogeleg koma. Til Politik og det meir sa­mansette Tankeuttryk var det reint ubrukelegt. Ja men var det so. Det er med dette, som med somangt nytt. Fyrst er det umogelegt. So verdt det tvilsamt. Og so er det ingen Mann, som har voret imot det. Der stod me. Men so trur eg vist det var «Dølen», som kom, og det er ikke fritt for, at Filosofen klo seg bak Øyrat og meinte, at det nok kunde skapas til det og på ein Måte, men det vardt fælt kunstigt og tilgjort. Lenger var det atter umogelegt at koma. Men so kom der Vers f. Ex. af Ivar Aasen, og Welhaven sagde, rigtignok privat, men like­vel offentlig nok: «Den som hadde havt eit slikt Mål i sin Ungdom!» Ja han kunde so segja.

Og so ero me då her. No kann Målet brukas til alt, men ikke til offentlige Fyredrag. Det er, som eg har sagt, litet inspilat, i det minste i Munnen min. Men gjeng det frametter som hittil, Stig for Stig, so vil det nok tala sine livande Ord over vår Grav.

Denne heile Tankerekkja lagde eg ein Gong ut for vår Poet A. Munch, og han kunde ikke svara annat på det en det nokso naturlege for ein Mann, som lik os alle gjerne vil liva etter at han er daud: «Men om nu dette går frem, hvordan skal det da gå slige Folk som mig?» Ja, der stod eg og kunde berre trøsta os både tvo med den literaturhistoriske Kjensgjerning, at dei fleste Skribenter i Grunnen ikke liva lenger literært en likamlegt. Det heile Tankedrag verdt eit annat i ein ny Mannsalder, so at jamvel store Menn i dei Land, der Språket synes uforanderlegt, ikke liva stort ut over si Tid. Det kan vera slike Monarkar i Tankens og Diktningens Rike som vår Holberg, den franske Moliére, og framfor alle Shake­speare, det kan vera, at slike Folk synes at liva nokot lenger, men det er likevel eit Slags Liv på Afstand. Dei verdt agtad og ærad, og der er Setningar i Ordspråksform etter deim, helst når det er vittigt sagt; men det heile Tanketrain verdt nokot nytt for kver Mannsalder, so det meir er som Mønster for si Tid en for os dei liva. Det er Mønsterfolk og det er ein Mønsterstil, som ikke lenger er bunden til nokot serskilt Tungemål og Land, men er gjeldande for alle. Det er denne forunderlege Insalting af den menneskelege Tanke, som og verdt kallad det «klassiske». – Og er dette Omskifte sant om fyrste Rangs Folk, som på Jordi er likso fåe som Stjernor af fyrste Rang på Himilen, so er det endå sannare om Folk af lægre Rang nedigjenom. Nei, me må vera for­nøgde med at kunna tena vår Tid og døy med den, og kunna me upnå so myket, at me stå som Språkprøver i ei Lesebok, so er det store Ting.

Og liksom det er med Tanken, soleids er det og med Språket. Om det seer nok so likt ut i det eine Århundrad som i det andre, so er det likevel med Tanken for si Tid liksom omgjort og umerkjande gjengjet over til eit annat. Det franske Språk er kjent for at vera det minst omskiftande i desse sidste 2–300 År. Men les ei fransk Literaturhistorie og dei franske Dictionairar og sjå på Literaturen sjølv, om du kan, og du vil finna, som det so tidt er sagt, at Tungemålet hans Corneille ikke er Må­let til Voltaire og endå mindre til Alfred de Musset og Victor Hugo. Det kan sjå likt nok ut, og det stend på den gamle Grunnen, men det er omsett og ny Ånd og Tanke komen in; og so nye Ord.

Den politiske Revolution i Frankrike var og ein Språkrevolution, utan at vita eller vilja det. Folkelivet trengde meir og meir fram. Og i Engelland, der Språket og er gamalt og fastnat, der verdt det sagt af Kritici, f. Ex. i Westminster Review, at Charles Dickens har si største Forteneste i den engelske Literatur som Mål­mann. Ord, som før vankad husville ikring på Gatorna, førde han in i the drawingrooms eller Salonerne. Tennyson verdt mest rosad for sin fagre Anglosaxon. Her er Målstræv i England og, ja i heile Europa, kan du segja. Og det er so rimelegt at vårt Målstræv må stå i Forhold til vår Utlendingstid. Det er mest likso sterkt som dette nygrekiske, etter at Grekarland som Norge vardt eit sjølvstendigt Land.

Desse tvo Land kver i sin Ende af Europa, nemlig Grekarland og Norge, dei hadde det beste Mål og det beste Bokrike i gamle Dagar, og desse deires gamle Tun­gemål hanga enno på det beste saman med deires nyare Folkemål. Det er derfor so rimelegt, at desse tvo Folk hava dei beste Grunnar til eit sterkare Målstræv en dei Folk, som korkje hadde so gode gamle Mønster eller so gode yngre Landsmål, men derimot eit Bokmål, som er utviklad i Samanheng med den nyare Tid og Folket sjølv. Og det er dette sidste som Grekarland og Norge ikke hadde. Altso atter ein Storgrunn til Målstræv.

Og so må me minnast, at Holberg sette sin største Ros i at vera Målstrævare. Og det ero me allesaman mot eller med vår Vilje, anten me ero store som han eller mindre. Omtrent dette sagde eg til Munch i denne vår Samtale, og dermed vardt me liksom forlikte og fann os i at liva med vår Tid og døy med den.

Men det er denne menneskelege Livslyst hjå våre Skribenter, som gjør, at dei ikke kunna vera meir nor­ske. Dei hava vistnok ikke Forutsetning eller Under­bygning til det, då dei hava lært for litet både af Folket og Bøker. Det er likevel endå Tanken om at vera Mønstermenn og liva til Domedag, som stend mest i Vegen. Men både Ibsen og Bjørnson f. Ex. ero norske langt frametter. Dei rena si Tid og uttala etter Evne si Folke­ånd. Det er gode Menn, og det vilde vera dårlegt gjort at lata deim høvra ille, for dei ikke taka Stiget fullt ut. Kven gjør vel det? Dei ganga so vidt som dei kunna, og det vilde kan henda ikke vera godt, at dei gingo vi­dare. Det vardt nemlig då usant for deires eiget Ved­komande. Og Bokriket treng netup til Overgangsfolk af alle Fargar, for at der ikke skal verda for store Sprang i den javne Utvikling, men at den eine Ledringen kan knyta seg til den andre under Framvokstren af denne Rygrad for vårt boklege Liv.

Det gjeng nemlig ikke til so som mange tru, at der er Hopp og Sprang i nokon god Framvokster. Det kan tidt sjå so ut; men i den store Samvokstren er det like­vel ikke sant. Den, som ikke seer daglegt på Vokstren, han synes, at der liksom er gjort Sprang og utrulege Framstig. «Nei, so du har vokset sidan ifjor,» segja me til ein Ungdom, som me ikke har seet på eit År. Og so med vår Literatur. Frå Mauritz Hansen og hans Fe­lagar eller Kamerater og til den wergeland-welhavenske Afslutning synes eit Sprang. Og so er der eit Skifte len­ger framme med det asbjørnsenske og moeske Æventyr, og so fylla Keyser og Munch ut eit Millomrum; og jam­vel A. Munch, som no er, og helst so gjernevilvera ein gamal Bokspråksmann, jamvel med honom er det eit litet Framvarp, so danske Skribenter alt mange År sidan hava sagt, at der er eit og annat so norskt i hans Skrifter, at dei her og der må slå etter i ei Ordbok. Livet er sterkare en Mannen, må vita, og han kan med sin beste Vilje ikke riva seg laus frå det Samfund, han liver og andar i. Mange af Munchs Samtidige har det gjengjet likeins med. Exempelvis kan eg nevna H. Ø. Blom, C. R. Monsen og Sylvester Sivertson.

So kjem då den literære Ledring eller Skiftet med Ib­sen og Bjørnson, om just ikke so rett i Tid, so likevel i Sambygning med den boklege Utvikling. Det er eit Ledsystem og kver af alle hine Menn eller boklege Afslutningar er liksom ein Kvirvil i denne Rygrad. Ibsen fører, som dei fleste andre, Strid mot den literære Fram­vokster i national Retning. Han spenner imot og er sinnad, men han verdt sogjen med af det norske Fossedrag, som du ikke stengjer med den flate Hand af ein einstak Mann. Seer du etter, so er der myket norskt i hans Vendingar og Ordalag, om han so stavar eit og annat Ord burt i Villska. Med Bjørnson er det nokot likt, endå han fører ikke so open Strid mot vår språklege Framgang som Ibsen. Han er og meir norsk i Tone og Tanke. Og desse tvo Menn hava attåt sine Framvarp i norsk Bokveg gjort stor Nytte ved det, at dei hava lært Danske og Svenske til at sjå vårt Målstræv og liksom finna seg i det. Det er vel ikke danske og svenske, me fara etter, men det er likevel nyttigt, at desse utlendske Folk fylgja med os og venja seg til Omskiftet.

Det er sagt, sovidt eg veit blandt andre af Geijer, at der er tri Slags Folk i den historiske Dag, nemlig Morgonmenn, Middagsmenn og Kveldsmenn. Det er då Middelsfolket eller dei, som i Politikken verdt kallad justemilieu, nemlig dei praktiske Folk, som taka litt af deim, som ganga for langt fram, eller dei radikale, revolutionære, og so litt af deim, som fylgja for litet med, eller spenna tilbaka, eller dei reaktionære. All Framgang i Literatur som Politik verdt utgjord af desse tri Slags Folk. Framstiget er liksom Dampmaskina, dei praktiske Menn el­ler Middelvegsfararne er liksom Styresfolket, og Atterhaldsmennerne eller dei reaktionære er Vatnet, som held imot Farten og alt som dreg tilbake. Dei må til allesaman; Livet må hava alle desse tri Folk, og ingen kan godt vera den andre forutan. Men det er Dårskap at gjera Millommannen og Atterhaldsmannen til dei stør­ste og mest nyttige. Det er Framgangsmannen, som er den dragande Magt, og utan denne måtte Samfundet stå stilt eller rettare, det vilde fara tilbake og veksa ned­etter liksom Istappen frå Taket. Men derfor skal Fram­gangsmannen setja den rette Pris på desse tvo andre Menn og vedkjenna, at han lærer mangt af deim. Mor­gonen må få sin Middag og so må Kvelden koma. Det verdt ingen heil Dag utan dette.

So er då Målstrævet med alle sine Skribenter Morgon- eller Framgangsmannen eller dei revolutionære. Lat meg bruka det Navn, og eg godkjenner det på meg sjølv. For andre kan eg ikke svara. Men eg kan ikke gjera annat en eg gjør, og so segje eg då som so: Her er god Råd på Millommenn og endå betre Råd på Atterhaldsmenn, so Livet treng godt til Framdrag, og ved denne Samdråtte af alle desse tri Slags Folk vil vårt Bokrike koma fram på høveleg Måte, og Nationen koma til seg sjølv, og det folkelege Språk i si Tid koma til sin Rett, liksom i gamle Dagar, men likevel med det naturlege Omskifte, som vår millomliggjande utlendske Tid og det fram­veksande Liv har ført med seg. Det er ikke vår Meining at vera gamalnorske, men livande og samvirkande med vår Tid, og derfor bruka me mangt eit Ord og Ordalag, som i den millomliggjande lange Tid er inført.

Det seer derfor ikke so farlegt ut som mange Folk meina. Vårt boklege Liv vil ganga sin Veg med sine Framgangsmenn og Atterhaldsmenn og dei som standa midt imillom og taka litt af desse tvo andre til høvelegt Husbruk. Målstrævet utviklar norsk Bokskrivning og norsk Omgangstale. So gjeng det sin harmlause Veg frametter, og so ganga desse Millommenn sin, og den største Mark for desse vil vera Bladliteraturen og Bø­ker af mange Slag. Der vil vera litet poetisk i denne Literatur; for det poetiske må altid vera folkelegt og vera det reinaste Uttryk for sit Lands Tungemål og Tanke. Men han vil vera til Nytte for det praktiske Liv og gjera, at Folk liksom ikke seer nokon Framgang, før det alt er ferdigt, eller med andre Ord, før denne praktiske Literatur umerkjelegt er gledenoverogini denne poetiske og nationale. Denne Literatur for Da­gen, som han og kan heita, tek nemlig up eit Ord her og eit Ord der, alt til han er mettad af denne nationale Literatur, liksom det verdt sagt om Vatn, når der f. Ex. er upløyst so myket Sukker i det, som det kan taka in i seg.

Om desse Atterhaldsmenn eller reaktionære er det literært ikke stort at tala. Dei kunna naturlegvis litet eller ingen Ting skriva, som der er nokot vidare Værd i. Det er dei atterhaldande, dei skrikande, dei mis­nøgde Folk, som Framgangsmannen berre smiler åt; for dei ero i det lange Drag magtlause som alt det dårlege i dette Liv.

Eg må her vara meg imot, at eg skulde meina vår språklege Utvikling var afsluttad med det noverande Målstræv. Langt ifrå. I ei vis Meining ero me alle Overgangsmenn og ikke minst eg sjølv. I ubunden Stil er Målet mit enno haltande, og jamvel i bunden Stil eller på Vers skriv eg ikke so reint norskt som mange etter meg koma til at gjera. Eg vågar meg ikke, som eg har sagt, til at draga ut alle Stemmer på dette Orgel og spila med fullt Verk. Ivar Aasen skriv alt reinare en eg, og desse sokallad bergenske Målstrævarar likeins; og det er godt, at der er Grader eller Trappestig frametter med våre Målmenn. Det syner fram, at Språket er inne på ei Utviklingsrekkja. Det kan ganga fort eller seint med denne Utvikling, og di fortare di betre. Her er ingen Ting at venta på. Der denne Rekkja vil stansa veit enno ingen. Men stansa kan den ikke før en det heile norske Tungemål er upteket i vårt Bokrike og inspilat so godt som den beste Fela hans Ole Bull.

Det kunde synas underlegt, at nokon Mann skulde vera uglad i slik ein Framvokster af vårt folkelege Bokrike og ei slik Godkjenning af det nationale Tungemål. Men dei fleste skrivande Folk bilda seg som sagt in, at dei æveleg skulle liva og vera Mønstermenn til alle Tider. Det er naturlegt dette, men det er flirande, og det vi­sar, at desse Folk ikke hava den minste Kunnskap om Vilkoret for menneskeleg Utvikling, men at det er den fåfengde Sjølvelsk og det ukjærlege Hjartelag, som vilde, at det heile Liv skulde døy med deim sjølve.

Og so er det den likso ukloke Tanken, som trur, at det vilde vera til åndeleg Skade for vårt Folk, om det fekk sit eiget Tungemål til Bokspråk og ikke lenger lånte eit annat. Dei tru, at Kulturen ligg uppi Bok­hylla og ikke in i det livande menneskelege Hovud, og at me ved at bruka vårt eiget Mål vilde ganga Glipp af den Uplysning, som er os tilførd med Fællesliteraturen. Liksom me ikke skulde lesa Holberg og Wessel og Wergeland og Welhaven og alle dei andre, for det om her vardt skrivet og talad eit reinare norskt Tunge­mål! Me lesa alle desse gilde Menn, so vidt som det svarar til Kravet i vår Tid, og so vidt som me finna, at der er nokot for os at læra af deim. Og Skilnaden imillom Tungemålet til desse Skribenter og dette reinare norske Tungemål er ikke større en at den, som kan lesa det eine, han kan og lesa det andre. Det er eit reinare Bokstavljod eller Vocalisation i denne nyaste Literaturutvikling eller i Målstrævet, og der er fleire norske Ord, men alt heng so ihop med den fyrre Ledringen, at Overgangen er mindre en han seer ut til at vera. Det var alt lagad til, so Målet liksom af seg sjølv måtte glida over i den reinare Toneart. Men om Overgangen var større en den er, so måtte me då vel som eit myndigt og sjølvstendigt Folk bruka den reinare Form i vårt eiget Tungemål, om so dette ikke var so godt som det er; men Ivar Aasens språklege Arbeid og våre beste norske Vers visa, at dette vårt norske Språk er myket betre og meir alsidigt en det danske. Den, som talar nokot annat, han må beint fram bli afvisad som ein Fåkunning eller Ig­norant.

Nei, me missa ingen Ting af det gamle ved at veksa fram i det nye. Det gamle døyr ut, som eg her framme ettervisad, om so det ytre Språk for det gamle Tankeinhold seer ut til at vera det sama. Den eine Manns­alder tek up i seg Tankeinholdet frå den fyrre Mannsaldren og omseter dette til sit Bruk og til Kravet for si Tid. Det er liksom med den likamlege Maten dette; den skal ikke liggja som Gråstein i Magen, men bli omsett til Safter og Blod og Livsnæring i det heile. Den, som derfor trur, at Uplysning, Cultur, ligg i dei gamle Bok­samlingar og stend der uppi Hylla og ikke verkar i Tankelivet for Dagen og Timen, han er lik den Mann, som ikke vilde smelta Maten sin, men berre ganga og dragsa og bera på den som ein annan Steinpose. Det er na­turlegvis urimelegt eller absurd at tala med slike Folk, men då det er mange af deim, so verdt du nøydd til det.

Og skulde ein Mann ikke hava meir en den dansk­norske Literatur til at læra af, so vardt han forlitet klok. Han er likso god som mange andre denne Literaturen, det er ikke for det; men likevel so verdt han for liten for den, som ikke rigtig skal vera Heimføding. Den heile Verdensliteraturen må til for ein Mann, som skal hava Rett til at tala om slike Saker. Den nye europæiske Literatur må han i det minste vera heime i. Heimeliteraturen er til Husbruk for det store Folk, og i den må me finna våre finaste Tonar, og i den omsetja våre beste Tankar; men det store, breide Tankeliv må me samla frå alle Literaturer på sama Måten som Bia finn si Honning ved at suga nokre Safter frå den eine Blomen her og andre Safter frå den andre Blomen der. Derfor læra me og andre Språk for at kunna bruka desse fremminde Literaturer. Veksa me derfor so langt frametter i vårt store norske Tungemål, at det vesle danske verdt os nokot fremmed, so stilla me det i Klasse med dei andre europæiske Tungemål, og det er ikke godt at skyna, at det skulde koma nokon Skade for norsk Cultur af dette. Den uplyste Mannen sopar med seg alle Literaturer. Og det kan ikke vera om andre en uplyste Menn me tala her. At vårt norske Folk i det store ikke skulde hava best af sit eiget Tungemål i sine Skrifter, det kan då vel ingen tvila på.

Men det er ingen Fare med det. Dansk ligg os likso nær som Svensk, og desse tri nordiske Språk ero berre store Bygdarmål eller Dialekter til kverandre. Det er berre ein Tame eller Øvelse i Lesnad, so forstend kver nokonlunde vitug Confirmant på Landet desse tri Språk. Det er lykkelegt at det er so, og det er til Uplysning og Tenkning for Ålmugsmannen, at han har desse tri Byg­darmål at lesa. Sit eiget må han kunna fyrst og fremst, og han treng ikke til fleire, men det er altid godt, at han so lett kan taka med det svenske og det danske. For os uplyste Folk er det ingen Ting at tala om; me lesa det heile Europa, so dansk og svensk er det aldri rødande om.

Men no i denne Overgangstid, før so kallad uplyste Folk hava lært Oldnorsk og sit eiget Landsmål, no er det enno litt leidt frametter for desse villfremminde Folk i sit eiget Land. Det støyter deim at sjå ein ny Stave­måte, eit nytt Ord, og det er mang ein god Mann af desse Gjester i sit eiget Hus, som ikke kunna overvinna seg til at lesa norsk. Ak ja, Synet er ein påhaldande el­ler conservativ Sans, og dei stiga på Alder desse Folk og hava det gjerne godt, so dei kunna taka seg ein Lur. Og so slengja dei då ifrå seg den norske Bok og det nor­ske Blad, og dersom dei ikke alt hava sovnat, so mala dei upatter alle dei gamle gjendrivne Grunnar mot eit norskt Tungemål. Dei fylgja ikke med si Tid, må vita; for gjorde dei det, so vilde dei no for det fyrste kjenna Ivar Aasens Arbeid og sjå der det, som du ellers lett måtte kunna tenkja deg til, nemlig, at våre Dialekter er ein Rikdom for Språket, då dei alle ero Grei­ner på det same Tre. Generalnevneren for desse Brø­ker er alt given, so nær kanske som i eit og annat smått, f. Ex. med nokre fåe Pronomen. Det skal litt Tid til at arbeida up til mjuk og lett Framstilling i Skrift dette gode Talespråk, men at kvekkja tilbake for dette, for det ikke alt er gjort, det vilde vera som ikke at rydja up eit jordgodt Åkerland, men i Staden derfor berre bruka den vistnok meir upbrotne, men mindre gode Åkren. Og so om denne nye Åkren ikke var betre en den eldre, men det er greidt nok at den er det; men om den ikke var betre, so er den vår eigen, og det ligg i Natu­ren vår, at me heller vil sitja som Sjølveigarar en som Leiglendingar, om so Bruket er mindre. Det er ellers ikke Spursmål om stort eller litet Bruk i denne Vegen. Denne europæiske Tanken om Nationaliteter godkjen­ner den minste af desse og finn, at den etter sin Lands-lagnad liksom har sit sereigne Instrument at spila i den store Folkeconcert. Der er ein sereigen Klangfarge i To­nen hans, og denne må vera med til at gjeva det heile Samspil Afveksling og Fylde. Det er derfor likesovel ei Pligt som ein Rett for ein so utprægad Nationalitet som vår norske i Sanning er, at utvikla det sereigne i sit Fol­keliv og likso litet som nokon annan Skapning ganga burt og gjera Ende på seg. Det kjem snart den Dag, og den er alt komen for dei beste Ånder, då Dansken og Svensken koma til at segja til Norsken: «Broder, du må ikke upgjeva deg sjølv; me kunna ikke vera deg forutan i dette nordiske Samlag. Det er litet nok, om ingen af os gjeng burt og afkortar sine Dagar. Me draga fram kver vår Stein og våre Strå til den store nordiske Byg­ning, og du, Nordmann, må af Naturen vera den mest originale af os. Det er ikke deg sjølv at takka for dette, det er dit alsidige Land, det er din Skog og di Mark, di Slett og din Dal, dit Fjell og din Fjord.»

Her stod ein Mann på denne Staden ifjor og talad om, at vårt Folkemål var «fossile Levninger» eller steingjengne Rester af eit utdøydt Liv. Men du kan ganga her på Gata og høyra, at dette Tungemål ikke er fossilt. Det har sin Poesi, og det i tykke Bøker. Det verdt meir og meir talat på Torg og Ting af Bonden sjølv, no då han vågar seg fram med det. Det har no ei Ordbok og Språk­lære, rikare og større og betre lagd ut en nokot dansk og svensk Verk af sama Slag. Her verdt dagleg tekjet up i Bokspråket Ord og Ordalag af dette Tungemål. Den heile Literatur stevner, som me hava seet, mot dette Mål, og den har alt mange gode Bøker i si Tunga. Og Ålmu­gen er glad i desse Bøker, no då han ikke lenger verdt utskjelt for han brukar sit eiget Mål, og når han verdt uplærd i at lesa det. Det skal litt Vane med dette og. Nei, det er ikke fossilt dette Mål, men Folk, som kalla det so, dei må vel heller høva til Navnet «fossile Levninger». Det er steingjengne Rester frå denne eldre Tid, då vår Ombodsstand var liksom ein utlendsk Koloni utan Samliv og Samvirke med sit Folk. Dei forbaud sine Born at tala Bondens Mål eller at «bondske», og her er rundt ikring os slike «fossile Levninger», som vilja taka sine Søner heim frå Skolen, om dei fara til med Målstrævet, og som sjå seg «nøydde» til at gjera det sama med sine Døttrar, sosnart ein Lærare på Pigeskolen talar om Landsmålsliteraturen eller brukar litt norsk i si Tale. Det er fint dette, men det er fossilt, og det dryp då heller ikke myket feit af desse Folk.

Ja, det er fossilt. Den nye Nationalitetslæra har i dei sidste tretti År omstøyt den gamle Ringeagt for eit Folks Liv, og ropat ut Retten for det til at liva. Det er dette, som no er den europæiske Politik; og det er dette, som dei beste Ånder i vår Tid setja i Stil.

Politikken er no liksom trøyt af si gamle fåfengde Gjer­ning, at kippa mange serskilde Folk ihop til eit stort Rike. Dei sokallad Universalmonarkier hava spilat Fallit; og er enno eit stort Rike liksom nøydt til at hava mange Nationaliteter under seg, so godkjenner det Ret­ten for kver af desse til at liva sit sereigne Tankeliv med Tungemål og alt, som dertil høyrer. Dette er no Politikken i Østerrike; og jamvel Rusland må nok bøygja seg for denne europæiske Folkemeining og for den Krig på Kniven, som det ellers må føra med sine underlagde mindre Folkeslag. Polen f. Ex. verdt nok Polen i denne Meining, og Finnland likeins. Og er ikke dette slesvikske Spursmål eit nationalt, dette som våre unorske Folk sjølve hava slik Samhug med? Men det var eit annat Slag det, sa Mannen beit af Kurven (Pølsa) i hinom Enda. Politikken heldt lenge på med denne Ihopkipping af serskilde Folk, etter at den store Samstøypstanken var upgjeven med Hensyn til Tungemålet. Dei nyare Literaturer i Europa gjorde Uprør mot Latinen, som i Middelaldren var Kulturspråket for alle Land og vardt trutt at skulle vera so all sin Dag. Men kvert Folk måtte få sit Bokmål, og det er nokot sorglystigt at lesa om dei lærde Menn, som trudde, at all Kultur måtte døy ut med La­tinen og når desse europæiske Folk fingo sine Landsmål. Jamvel so seint som ikring 200 År sidan førde ein lærd Skotlender, Buchanan, Strid mot sine skotske Målstrævarar om dette. Han skreiv ein makalaus Latin, men Målstrævet vann. Og var det kanske ikke mot denne Dårskap, som Holberg måtte føra slik ein Strid? Er ikke kanske Magister Stygotius ein Mann med Kulturspråk? Det er altso lenge sidan upgjevet at hava eit sams Tun­gemål for alle Folk. Det vardt alt upgjevet so tidleg som i Babel. Der må eit heimelegt Mål til for sjælelege Uttryk og Folkets Tankeliv; men til Handel og Vandel derimot kunna me jamvel gjerne bruka Telegrafteikn f. Ex. Eit heimemål er altso godkjent gjenom Historien og af alle tenksame Folk. So er det og her tillands. Eg vå­gar meg til at segja, at våre største og beste yngre Menn stå på denne nationale Sida; og vist er det, at dei beste literære Kræfter gjera det, om ikke altidmedso likevelmotsin Vilje. Der er haldne Slag inne i Kristiania om dette. Kanonaden har spilat frå Bakkar og Berg, so det liksom berre er ned i Dalen blandt Fotfolket dei puffa og skjota; med andre Ord: dei beste Kræfter hava afgjort denne Målsak i Pressen og i Studentersamfundet, alt i Samanheng med den mest uplyste europæiske Fol­kemeining. Og det kan fritt bli sagt, at denne nationale Sak no er at likna ved den upkomande Ungdom, og desse fossile Folk med den dalande Alderdom. Men det er med dette som med so mange andre Magtstillingar. Den eldre Mannsaldren siter inne med Magti frå si Tid, so det «officielt» seer ut som alt det gamle stod ved Lag; og desse eldre styrande Menn tru, at der ingen Ting nytt er komet in i Tanken og Livet. Det var ikke gamle stein­gjengne Folk, dersom dei kunde uptaka i seg det nye. Dei liggja sine gode tretti År tilbake i Tenkning og heile Livsupfatning. Derfor skal der ein ny Mannsalder til, før desse nye Tankar koma til den utvordes Magt.

Derfor må det, som sagt, enno sjå ut som vår eldre nationale Upfatning stod ved Magt, i Motsetning til den yngre, eller at dette fossile enno hadde sit gamle Liv. Soleids er, for at nevna det største Exempel, Ministeriet enno fossilt. Det må vera kjent for Alle, at Fyrsteministeren, Stang, med tvo andre Ministrar i fjor skreiv til Storthinget eit dissenterande Votum imot, at Oldnorsk skulde koma in i dei hægre Skolar, og han ankad der over, at her blandt vår upveksande Ungdom heller var for myket en for litet af national Tankemåte og Hug­lynde. Frå hans Standpunkt måtte det so sjå ut; for her er myket af det Slaget, og det er attåt fælt godt det, som er. Men so gjeng det med alle Folk, som eldast af. Når her no kjem ein Fyrsteminister med vår Tankemåte, som ikke lenge kan lata venta på seg, so kann det somen gjerne henda, at det nationale Liv har vokset seg somyket lenger fram, at han i Likning med Stang no må hava sin Ræddhug for, at den sterkare nationale Ånd, som var grodd fram etter at han ikke lenger var med, snart kunde koma til den ytre Magt i Staten. Det er nemlig ikke sagt, at han verdt klokare han, men fæler liksomyket for dei nye Ideer. Og dei ero farefulle dei for aflegs Folk. Berre ein einaste Mann kan uptaka Kampen mot det heile Riksstyre, når han gjeng med Gneisten til Elden for den store Folkeskogen.

Men her er eg liksom komen in på den politiske Sida af denne Sak, og til den er her ikke Tid i Kveld. Og so vilde eg her heller ikke tala om annat en det, som me alle må vera samtykte om. Politikken er altid ei sår Sak, blandt annat for han er so gruseleg praktisk og kjem so snart in på Skillingen og Matfatet. Det einaste af dette såre, eg derfor vil røra ved, det er, at her i vår Politik liksom er Drag burt ifrå vårt sjølvstendige natio­nale Liv ogaustmot Sverike ogsudmot Danmark. Me nationale, me vilja og liva i Fred med våre Grannar og halda våre Contracter som ærlege Folk; me vilja verja om Nordens Liv og ikke stengja os inne i ein blind Norsk­dom. Mennorskevilja me vera heilt ut, i Politik som i Literarur og alt Heimestell.La logique de la chose,eller Tingens Logik må ganga sin Gang og koma til sit Endemål. Men desse «fossile Levninger» eller desse gamle Kolonister, som ikke vilja samveksa med det store Folk, dei synes at kjenna si koloniale Sjølvstendigheit trugad af Moderlandet eller af Norges Krav på at vera seg sjølv i eit og alt, so her ikke lenger verdt det gamle Bruk for slike Fremmindfolk; og det er derfor ikke fritt for, at me sjå uhyggelege Merke på, at dei lik upskræmde Fuglar leita etter Trygd og Skjerming i desse Granne­land. Den som ikke vil halda seg til Heimefolket, må sjå seg om etter Hjelpetroppar ute. Ein Ombodsbolk, som ikke vil samvirka med sit Land og syrgja og gleda seg med det, men liva innestengd for seg sjølv utan Kjendskap til dets Mål og åndelege Livskrav, den måtte stå seg på, at Regjeringssætet låg lenger burte, so den kunde vera ein Millommann millom Riksstyret og Hei­mefolket. So var det før under vår gode Dansketid, og ei Prøve med at få atter denne gamle Tilstand kunde nok vera værd eit Æventyr. Men her er eg inne på nokot, som eg på andre Stader skal leggja betre ut. Det fær vera nok her berre at klunka på denne Strengen.

Men, lat os tru på vår gode Ånd, og meina, at me alle vilja vera med til at setja i Stand eller restaurera vårt gamle norske Liv, likso vel som våre gamle Minnes­merke, so som denne Kongshall og dette Tårn. Her er mangt forfallet i vårt nationale Liv. Her er infallne Glas­karmar og Glugg; her er danske Flisar klinde in i den gilde Bygning. Her er Rottor og Mus, der som skulde vera den strålande Gildehall for fagre Folk. Men Grunn­muren er god, og her er Stein i dei norske Berg til at hogga ut og fella in. Her er Kunst og Vitenskap til at få alt i den rette Stil og Samanheng. Det var ein Tanke, og inkje eit Tilfelle, at der kom eit Selskap i denne vår Upvaknings Tid for at verja om våre gamle Minne. Det var Nationens Livsinstinkt, som og i dette Stykket braut fram, etter at gamle Kyrkjemurar våro burtkjøyrde og den fine Steinen med inhogne Rosor og Liljor brukad til Låveklopper og Florar. Der vardt steilt med dette som med somangt frå vårt gamle historiske Liv; men Tungemålet var ikke so lett at riva ned og kjøyra burt. Der er liksom eit evigt Liv i det, for det er Folket sjølv og Uttrykket for dets originale Ånd. Og for dette, at det norske Mål livde på Folketunga, so er Ålmugen no so glad, når han seer, at det ikke lenger er vanagtat, men kjem fram i fine Bøker. Det er ikke sant, at han ikke vil hava sit eiget Mål, men det måtte vera sant, so lenge han vardt utskjelt for det og gjord Narr af. Det gjekk med honom som med Hindufolket, når Brahminerne eller dets Prestar lærde, at ei Bøn af dei gamle Vedabøker eller deires Bibel vardt meir og meir heilag, di mindre Folk forstod den. Det heilagste var, når du ikke forstod eit einaste Ord, men mumlad i Myrkret. Som det var i Indien med Sanskrit, var det i Middelaldren med Latinen, og derfor vilde heller ikke det arme Folk missa sit heilage Kyrkjemål. Det er denne Heilagdomen i det ukjende og uforståelige, som enno heng i, når det verdt trutt at vera mindre heilagt, og ikke so gudelegt, at bruka Norsk som Dansk til Saimer og på Prækestolen. Og merkjeleg nok, det er mest Prestarne, som læra dette no likso vel som før i Indien og sidan i Mid­delaldren. Men Ålmugen vil hava sit Mål, når alt verdt uplyst. Derfor er dei fåe Prestar f. Ex., som tala sit Landsmål, so framifrå vel likad, og derfor er her slik Framgang med desse nationale Høgskular. Det er lik­som ein Guds Lagnad, at all denne vitenskaplege Upreising af Målet kjem fram no, då det kunde sjå ilt nok ut for det med dette nyare Skolevæsen og alle dei Bø­ker og Blad og all Samferdsla. Men det gjekk som med Månen: når det sidste Ljosband på Næ sloknar i Aust, nører han seg den krumme Glansringen på Ny atter i Vest. Det var mange af desse fossile Folk, som hyggde seg med, at den gamle norske Ånd skulde ganga i si Grav for dette nye Stell. Det var liksom Mefistofeles i Faust sagde:

 

Somangt eit Lik eg til Gravi bar,

og trudde, at snart det no Enden var

med Menneskelivets Alen.

Ved alle dei Bårer so glad eg stod.

Men endå so leikar det unge Blod.

Det er so du kann bli galen.

Nationens Ånd teiknar oss alle in i sine Rullor for si Stridsher. Det er Folk, som billa seg in at kunna skulka ifrå denne Hertenesta og jamvel reint ut stå imot denne Herferd. Men det gjeng deim som Jutulen, då han bygde Kyrkja og vardt til Stein då Soli kom og han høyrde sit Namn.

Jutul gjør si Gjerning stor,

men på eigen Id kun agter.

So må Magti her på Jord

lydig tena Himlens Magter.

 

Fyredrag haldet i Bergen til Intekt for Taarnet paa Bergenhus af A. O. Vinje. Bergen 1869.

 

Her frå Kjell Haugland (red.): Målpolitiske dokument 1864-1885. Det Norske Samlaget. Oslo, 1971, s. 60-80. Elektronisk versjon ved Nynorsk kultursentrum 2006