1859 Minningar fraa maalstriden. 06 Sjette og sidste røda

Ivar Aasen

MINNINGAR FRAA MAALSTRIDEN SJETTE OG SIDSTE RØDA

 

(Or Morgonbladet fyre 5te December.)

Det er ogso ein urimeleg Ting at tenkja, at eit Maal, som er soleides tillagat som dette, kunde no hava Von um at faa nokon Framgang og stiga i Staden fyre det, som eingong er komet i Hevd. Alle Grunnar ero fullkomlega magtlause mot den handgripelege Røynskapen, at denne Tanken er reint ufullførande. Me kunna soleides vera trygge; det vil inkje koma nokot ut av dette Strævet. Det verste ved Tingen er, at det kann gjera Folk misnøgde med det Tilstandet, som er, og hindra Folk ifraa at leggja Vinn paa det Maalet, som me eigong hava fenget. Noko annat er inkje at ottast fyre.

 

UMRØDA

Dette skal ventelega vera det største Meinsvar, som skal gjera alle Motmæle til inkjes. Og naar det berre var Sanning, so vilde det ogso vera eit dugande Motsvar, som kunde vera nog til at gjera Ende paa heile Trætta. Men daa kunde desse Folki hava spart seg myki Møda. Kvi skulde dei strida mot ein Ting, som inkje er til og inkje kann vera til? Det var aldri verdt at gjera slike staakande Stormlaup imot ein umogoleg Ting; det var lika so godt at sjaa til i Stilla og lata Galskapen ganga sin skeive Gang og tyna seg sjølv so snart som mogolegt. Men det seer ut til, at Saki stend paa for gode Føter til det, at ho soleides skulde stupa i Koll, med same ho hadde reist seg.

Hadde no Tanken voret den, at det norske Landsmaalet paa ein einaste Gong skulde driva det danske reint ut or Landet, so vilde desse Folki hava nokon Rett; men slikt hever vist inkje voret paatenkt, utan det skulde vera av Folk, som inkje hava Skyn paa Tingen. Det hever voret talat um, at Folk vilja riva ned eit gamalt Hus og so standa husville, til eit nytt er bygt; men denne Likningi høver inkje her; det trengst aldri um at riva fyrst og byggja sidan; her er Tuft nog til eit nytt Hus jamsides med det gamle, og den, som inkje vil hava det nye, kann halda seg til det gamle og sitja der i Ro og Fred til sin døyande Dag. Lat desse Folki skriva sine lærde Verk paa Dansk, paa Tydsk, elder paa kvat Maal, som dei helst vilja; det vil vist vera deim uspart. Lat Embættessakerna ganga i det same Maal som fyrr, so lenge som det inkje er tilraadande at gjera nokon annan Skipnad. Der er ymse andre Ting til at freista med i dette Maalet, slike som Bøker og Skrifter til Upplysning fyre Folket, og desse Ting hava i vaare Dagar eit stort Gange-Rom fyre seg, og dei vilja faa det endaa større med Tidi.

Det vilde no og vera undarlegt av dei Folk, som hava yppat denne Saki, um dei skulde vera so faatenkte, at dei aldri hadde gjort seg Greida paa, kor Saki skulde fullførast. Der maa daa finnast ymse Merke paa, at dei hava tenkt lika so myket paa Utføringi som paa Grunnlaget; og um det no kann ganga nokot seint med at visa slikt i Gjerningi, so er det daa alltid Raad til at visa fleire Prøvor og betre en dei, som hava voret framviste hittil. Det hever eit annat Lag med den, som kann eit Maal, en med den, som inkje kann det. At ein, som inkje kann det, maa standa fast og verda raadlaus, er ein sjølvgjeven Ting; men difyre skal han inkje tru, at ingen annan skal kunna. Og no trengst det inkje meir fyre det fyrste, en at det skal vera nokre, som kunna skriva, og nokre, som vilja lesa i dette Maalet; og naar dei lesande ero so mange, at dei kunna kaupa Upplag av prentade Bøker, so er det alt nokot til at byrja med; og sidan kann det vel verda meir med Tidi.

Og so er det eit gamalt Ord, at det, ein inkje kann, det kann ein læra. Ein lærer Tydsk, ein lærer Engelsk, ein lærer alt det, som ein tykjer Umaken verdt at læra; soleides kann ein ogso læra Norsk, naar ein hever nokot fyre seg til at læra av. Fyre Byfolk verd det inkje stort vandare en at læra Svensk; og fyre Landsfolk verd det inkje stort vandare en at læra eit nytt Bygdarmaal, naar ein er komen til eit annat Fylke i Landet. Og so er det ogso eit gamalt Ord, at det, som inkje kjem i Aar, kann koma eit annat Aar. Det kann kanskje ganga nokot ustødt i Fyrstningi baade med dei skrivande og dei lesande; men so er det ogso kunnigt, at dess lenger ein skriv i eit Maal, dess betr lærer ein at skriva; og dess meir Folk lesa, dess betr lesa dei. Og soleides kann ein læra nokot um Senn av dette som av alt annat. Og den, som inkje vil læra, kann lata det vera, som fyrr er sagt.

Dette kann alt vera nog fyre deim, som tru, at det finst Vit og Næme hjaa vaart Folk so vel som hjaa andre. Til den, som inkje vil tru nokot annat en det, han seer fyre Augom elder hever seet «Exempel» paa, vita me inkje nokot betre at segja, en at det er best, at han bidar til dess han fær sjaa nokot meir av dette; for endaa hever ingen seet Prov paa, at Tingen er umogoleg. Det er i Gjerningi at slike Tankar best kunna syna seg, og slikt kann inkje lett lata seg gjera paa eit Aar elder tvau, men likavel kann det verda gjort med Tidi, naar Saki verd drivi paa rette Maaten. Det hender mangt, som inkje alle kunna skyna. Eg hever høyrt fortelja um ein Sjomann paa Bergens-Sida, at daa han fyrste Gongen saag ein Eimbaat, sagde han, at denne Baaten var ein spotteleg Ting, som vist maatte venta seg Hemn og Refsing, fyredi han gjekk beint imot Guds Vedr og Vind. Men i Millomtider hever Eimbaaten gjenget sin Gang og fenget fleire til seg, og ingen hever seet nokor Refsing. Naar Bønder soleides visa Uvilje mot nye Ting, som dei inkje hava Skyn paa, so plaga dei faa høyra ei gomol Visa um, at dei ero gapne og skynlause, fulle av Fordomar, faatenkte og nærsynte og trongrømde (bornerede) i sine Skilningar. Men Fordomar og trongrømde Skilningar kunna stundom finnast hjaa andre en berre Bønder; og vist er det, at dei maa møtast med Grunnar og betre Upplysningar, kvar som helst dei finnast.

Men det vilja me tenkja, at her alltid vil finnast Folk, som kunna skyna og samtykkja desse Setningarne,

at det rette heimelege Maal i Landet er det, som Landsens Folk hever ervt ifraa Forfedrom, fraa den eine Ætti til den andre, og som no um Stunder, til Traass fyre all Fortrengsla og Vanvyrding, endaa hever Grunnlag og Emne til eit Bokmaal, lika so godt som nokot av Grannfolka-Maali;

at den rette Medferd med dette heimelege Maalet er, at det maa verda uppteket til skriftleg Hevding i si fullkomnaste Form, at det maa verda reinskat fyre dei verste framande Tilsetningar, aukat og rikat (beriget) ved Avleiding av si eigi Rot og etter sine eigne Reglar, og soleids uppreist og adlat ved eit verdigt Bruk;

og at denne Hevdingi maa vera baade til Gagn og Æra fyre Landsens Folk, med di at dette er den beste Maate til at maalgreida (udtrykke) det heimelege Laget i Hugen og Tanken aat Folket, og til at fremja Kunnskap og Vithug (elder den einaste rette og sanne Kultur), og med det same til at visa Verdi, at ogso dette Folket hever Vit til at vyrda det gode, som det hever fenget til Arv og Heimanfylgja fraa uminnelege Tider.

*

Og hermed maa no desse Umrødorna hava ein Ende. Dei hava kanskje vordet alt for lange, av di her var so mange undarlege Ting at tala um. Ein skulde synast, at dei Folk, som ero imot denne Saki, maatte hava vissare Grunnar til at setja fram; ein skulde venta, at dei vilde segja, at dette er nokot nytt og ukjent, som vilde verda deim til Møda, at det er deim nokot uvant, som dei inkje finna Smak i, at dei soleides inkje kunna vera med og taka Lut (Deel) i det, og at dei fyre sin Part inkje tru, at det kann hava nokon stor Framgang. Hadde dei teket Saki paa den Maaten, so var det altsaman rimelegt og nokot, som ingen kunde undrast paa; det var nokot, som ein kunde tala fint og fagert um, og det burde ingen hava sagt deim eit vondt Ord fyre den Skuld. Men naar dei no koma og vilja døma Maalet berre etter sin eigen Smak og Vane, tvertimot all Maalkunna, og utan Umsyn til den Rett, som Landsens Folk maatte hava, so er dette nokot, som krever ei skarpare Motsegn; dette duger inkje til nokor Greiding av Saki; det fører inkje til nokot Framstig elder nokor Framhjelp fyre Sanningi; helder kunde det føra til ei Forvending av Sanningi fyre den store Hopen, som kunde trenga til betre Upplysning. Og naar dei dernæst liksom kappast um at leggja Lastord paa Maalet og paa deim, som bruka det, so kunna dei helder inkje venta seg mildare Svar, en dei sjølve hava gjevet; for naar ein skal verja ei Sak imot so mange undarlege Motmæle, so er det inkje lett at fara so fint fram, at ingen skulde verda støytt elder tykkjen fyre det. Eg tyktest inkje her hava nokon Grunn til at spara paa Ordi; men so hever eg daa alltid komet i Hug, at eg stridde med Meiningar og inkje med Menner. Og sidan det var berre unemnde (anonyme) Folk, som eg her hadde fyre meg, so kunde eg inkje helder vita, kvat Menner dei ero. Difyre set eg inkje nokot Namn under dette Stykket helder; og soleides kann det vera likt paa baade Sidor.

 

 

Frå Dølen No. 22, 20. mars 1859, side 1-2. Elektronisk versjon ved Nynorsk kultursentrum 2006