1859 Minningar fraa maalstriden. 05 Femte røda

Ivar Aasen

MINNINGAR FRAA MAALSTRIDEN. FEMTE RØDA.

 

(Or Christiania-Posten fyre 3dje December.)

Det høyrer meir til eit Kultur-Maal en berre ein formleg (formell) Rikdom; ein slik Rikdom hjelper til ingen Ting, sosnart som desse Formerna i Grammatik og Ordbok inkje heilt og haldet samsvara til det indre Fremda-Stig (Dannelsestrin), som Folket er komet til; og eit høgre Kultur-Stig krever andre Former en eit laagare. – Um Ljodlag og Formlag og Ordskapnad er altsaman nog so vænt i Aalmuga-Maalet, so kann det endaa vera lika uført fyre ein Kultur, som høver til Tidi. Og det er det; for det stend paa eit myket eldre maalkunnelegt Stig (lingvistisk Standpunkt) i alle Maatar en vaart Bokmaal. [1]

 

UMRØDA.

At eit høgre Stig i Upplysning vil stundom krevja ei større Ordmengd en eit laagare Stig, er nokot, som inkje hever voret motsagt; men at det skulde krevja andre «Former» i Maalet, er nokot, som kunde vera tvilsamt. Det kann sjaa soleides ut, naar ein liknar ymse nyare Maal med dei gamle, med di det nyare Maalet hever stundom stuttare Former og færre Bøygningar en det gamle; men det er inkje avgjort, at just denne Umbrøytingi stend i Samanheng med Framgangen i Kulturen, elder at det skulde vera nokor Naudsyn (Nødvendighed), at Formerna soleides skulde klippast og kverva saman, etter kvart som Kunnskapen gjekk fram. Dei nyare Maali, som no ero mest i Vyrdnad, ero uppkomne paa ei Tid, daa Kunnskapen stod paa eit laagt Stig; og endaa vardt det lenge, fyrr en Kunnskapen fekk nokon Framgang. No i dei sidste Tidom hava derimot mange Folkaslag gjort store Framstig, men Formerna i Maali hava endaa haldet seg ved det same Lag som fyrr. Um Islendingarne er sagt paa ein annan Stad, at dei «standa tilbaka, fyrrdi deira Maal er Gamall-Norsk;» men dette kann knapt vera sant. Islendingarne hava ogso gjort Framstig; og det seer endaa ut til, at sidan Bokmennerne deira toko til at reinska Maalet og føra det atter paa det gamle Laget, hever Upplysningi der stiget sterkare fram en nokot Sinn fyrrmeir. Og um det endaa skulde finnast, at dei stodo tilbaka i nokon Maate, so vilde det vel knapt kunna skuldast paa Alderdomen i Maalet; helder maatte ein skulda paa ymse andre Orsaker og serlega den, at dei ero eit myket faament Folk, som bur so tunt og einbølt paa eit langt avsides liggjande Øyland, og som dertil hever livt i Armod og ufritt Tilstand i lange Tider. Men ifall ein skal døma etter det store Tal paa Folk, som halda Avisor og Tidsskrifter i dette Landet, so er det myket likt til, at dei standa nokot so nær jamsides med andre Folk, og at Kunnskapen hever gjenget storlega fram i dei sidste Tider. Og likaeins er det med ymse andre Folkaslag, som hava eit Maal med myket gamle Former og endaa hava gjenget fort fram i Upplysning. Endaa det svenske Maalet stend paa eit Stig, som er myket likt med det norske, og som etter denne Synsmaaten er eldre en det danske. Men det beste Exemplet finna me i det tydske Bokmaalet elder Høgtydsken; dette Maalet hever endaa ei stor Mengd av Former fraa den gamle Høgtydsken, Former som ero myket eldre en baade dei svenske og dei norske; i Bøygningi hever det endaa sine fjore (4) Kasus i Substantiv og Adjektiv, tri Personalformer i Verbet og dertil eit fullkomet Konjunktiv; i Ljodlaget hever det Tviljod i stor Mengd og meir en den gamle Tydsken, sidan der endaa er innkomet Tviljodar i Staden fyre einsette Ljodstavar (enkelte Vokaler), f. Ex. Eis, Haus, Braut (i Gamall-Tydsk: is, hus, brut. [2] Dette er myket meir en det, som Norsken hever, og med all denne Mengdi av gamle Former i Maalet hava daa Tydskarne gjenget soleides fram, at dei hava lært baade seg sjølv og ymse andre Folk, so at vist ingen kann segja, at dei standa tilbaka i Kulturen. No legg eg inkje so stor Vigt paa Exempel i ei Sak, som ein kunde skyna dessforutan med god Ettertanke; men naar Exempli standa soleides til Reido og ero so nær ved Handi, so kann det no alltid vera Raad til at bruka deim. Og etter denne Umsyni maa eg tru, at «det maalkunnelege Stiget», som Maalet stend paa, inkje gjerer so ovlega myket fraa elder til fyre Framgangen i Kunnskap og Kultur. Men kor det no kann vera med dette, so er det vist, at det norske Landsmaalet, soleides som det no er skipat, inkje stend paa nokot forgamalt Stig fyre Kulturen; og um det endaa hever eldre Former en det danske, so er det daa solangt ifraa, at dette kann vera Maalet til nokot Hinder, at det tvertimot av maalkunnige Folk maa verda haldet fyre ein Bate og inkje fyre ein Skade. [3] Og dermed tenkjer eg, at me lata denne Røda fara.

 

 

 

FOTNOTAR

[1] Denne Røda er her teki serskilt, fyredi ho inkje vilde rett fella saman med dei fyregangande Rødorna. Um desse Ordi ellers skulo takast som ei Kjerne-Setning, er vandt at vita; for det er inkje lett at finna nokon Kjerne i dette Stykket i Posten. Der er talat myket att og fram, og ofta med slik ein kunstig Sving, at naar ein skal til at heimføra det paa sjølve Saki, so veit ein inkje rett, kvarhelst det skal høva. Det, som ein snaraste seer, er det, at Innsendaren hever havt ein stor Hug til at giva Folk Lastord. Motstandaren i «Nyhedsbladet» fær soleides riklega paasmurt; han verd inkje berre skuldad fyre «Fraser» og «Manøvrer» og urette Skilningar, men endaa fyre «komplet Konfusion» og «komplet Misforstaaelse av baade Maal og Kultur». Men alt slikt er no lettare at segja en at sanna; og det seer inkje ut til, at der er framkomet nokot fullnøgjelegt Prov paa, at desse Skuldingarne ero sanne. Det kunde endaa henda seg, at sumt av dette vilde høva just paa sjølve Stykket i Posten. Der er f. Ex. talat um «Fraser», og no er der millom annat ei Setning i Posten, som lyder paa Lag som so: «Naar Aalmugamaalet inkje hever tilskapat nokot Bokmaal av seg sjølv, so er det fyredi, at det i Grunnen vantar Liv; men Liv er Framstig, og Framstig er Kultur; og honom er det nettupp det vantar. Men ingen gjord Normal kann giva det Kultur og Liv; for han (Normalen) er sjølv daud.» Sovidt Posten. Er inkje dette «Fraser», so veit eg inkje, kvat som skal vera det.

[2] Nokot slikt er stundom ogso Tilfellet i Engelsk; f. Ex.out, house, wide (veid),ride (reid), som i Angelsachsisk heitteut, hus, vid, ridan. Ellers hever no det engelske Maalet, som kunnigt er, dei stuttaste Former og fæste (færreste) Bøygningar; men det hever det havt i fleire hundrad Aar, og lenge fyrr en der vardt nokon aalmenneleg Kunnskap i Landet.

[3] Det kann aldri vera nokon Vinning fyre eit Maal, at tvo elder tri serskilde Ljodar ero samanfallne til ein einaste Ljod, soleides som naar Dansken hever «d» fyre baade «t» og «d», f. Ex.lede fyre leida og leita, elder «ø» fyre au, øy og ø, f. Ex.bløde fyre blaute, bløyta og bløda. Den næraste Fylgja av slik Skipnad er den, at mange gamle Ord verda burtkastade, berre fyredi dei likjast paa ymse andre Ord og soleides lett verda mistekne; og derav fylgjer vidare, at Maalet verd armt og vanhjelpat, so at det lyt anten bruka sama Ordi i mange ulike Tydingar elder ogso taka framande Ord til Hjelp.

 

Frå Dølen No. 22, 20. mars 1859, side 1-2. Elektronisk versjon ved Nynorsk kulturesentrum 2006