1859 Minningar fraa maalstriden. 04 Fjorde røda

Ivar Aasen

MINNINGAR FRAA MAALSTRIDEN. FJORDE RØDA.

 

(Or Morgonbladet fyre 25de November.)

Nei (heiter det), Bonden er inkje den norske Nation, og hans Maal er difyre helder inkje, som sovoret, det norske Maal. Det er godt nog til sitt Bruk, fyre det heimlege tronge Umkverve, som det er bundet til, men inkje til Bruk fyre Nationen, til at røkta dei Hugmaali (Interesser), som i Sanning ero aalmennelege, til den høgre Kulturen, som bind det heile Samlaget saman som eit Samlag; dertil saknar det Friheit og aalmenneleg Gildskap (Almeengyldighed); det hever hittil viist seg fullkomlega ubrukande dertil, og ingen hever kunnat paavisa nokor Von til, at det eingong vil verda meir brukande. Me taka det uppatter: Kvat Bondemaalet vantar, er just «sann aalmenneleg Nationalitet». Vilde Folk berre minnast, at Maalet og Kultur-Stiget ero uskiljande sambundne! Det er berre ein logen (løiet) Rikdom, som Bondemaalet kann faa med det, at ein Aasen elder ein Vinje sitja og grunda paa, korleides ei og onnor Skilning (Begreb), som eigenlega er nokot framand fyre Bonden, paa ein meir elder mindre likleg Maate kann ordast i hans Maal; eit slikt Ordalag kann so inkje verda skynat av andre en deim, som kjende det fyrr i ei onnor Form, som det daa ved Gissning maa førast tilbaka til. Slikt er berre unaturlege Umvegar, og paa den Maaten kjem inkje Maal fram, inkje nokot livande med naturleg Innreidning, men berre i beste Fall eit Kunstverk, sedvanlega endaa berre eit Spotteverk (ein Karrikatur), utan Førleike og Fagerleike som utan indre Kraft og Liv, «ein Møkkurkalf av Leir med eit Merrarhjarta».

 

UMRØDA

Dette var og ei stor Røda, som vist maa verda vel likad av deim, som tru, at Maalet i Morgonbladet er vaart rette Maal, og at slike Ord som: Sfære, Civilisation, organisk, Hensigtsmæssighed m.m. er altsaman store Fyremuner, som Dansken hever, og som det norske Landsmaalet vantar. Fyre ymse andre Folk vilja desse Sakerna syna seg i eit annat Ljos.

Naar det heiter, at Landsmaalet er godt nog fyre Bonden men inkje fyre Landslyden (Nationen), so kunde dette gjelda, naar det var berre eit forvanskat Bygdarmaal, som her var Tale um, og naar det var paakravt, at dette Bygdarmaalet skulde no strakst i dette Aar setjast i Staden fyre det innførde Bokmaalet; men nokot slikt hever inkje voret paakravt. Det hever inkje slik ei Braadhast med dette Maalet, at det no paa Timen skulde takast upp som Embættesmaal; det er langt betre Raad at fremda og dyrka det fyrst i nokre Aar paa andre Maatar. Men naar det dernæst heiter, at dette Maalet hever hittil vist seg heilt ubrukande til Greiding av dei høgre Maalemni, som høyra Landslyden til, so er dette nokot, som eg inkje kann skyna. Kvarhelst er det, at dette Maalet hever voret freistat til sovoret Bruk og viist seg reint ubrukande? Me visste inkje rettare, en at Norsken hever lika so god Raad paa Ord som Dansken, og naar norske Ord vanta, hever han same Retten som Dansken til at bruka framande Ord. Og nokre ukunnige og uhage Freistnadar (Forsøg) ero her inkje vyrdande. Um ein Mann, som inkje kunde Maalet, vilde setja seg til at skriva i det, og han daa kom i Knipa, som ventande var, so er dette inkje til at retta seg etter; det hever eit annat Lag med den, som kann Maalet, en med den, som inkje kann det. Og um nokon vilde tolka slike Skilningar som Metafysik, Naturfilosofie o.s.v. med eit einaste Ord paa Norsk, og han daa fann det reint raadlaust, so er helder inkje dette til at retta seg etter. Det skal ingen krevja, at Maalet skal hava Ord fyre alle slike Ting, som aldri kunna verda nokot aalmennelegt Vitmaal; slikt finst inkje nokot heimelegt Namn paa i andre Maal helder, og lika so litet i Dansken som i Norsken.

Det kling nokot undarlegt, naar det her er lagt slik ei Vigt paa, at det, som dette Maalet vantar, er ein aalmenneleg Gildskap (Gyldighed) eller «sann aalmenneleg Nationalitet». At eit Bokmaal kann trenga til stødt og stendigt Bruk i nokre Aar, fyrr en det fær aalmenneleg Gildskap i alle Smaadeilder, det segja me inkje imot; men daa er det berre Tidi som det gjeld um; dess fyrr at Bruket byrjar, dess fyrr vil Gildskapen koma. Men det undarlege er, at Dansken med all si framande Ifylling skulde hava ein større Gildskap fyre det norske Folket en Landsens eiget Maal. Det heng i Hop med det, som fyrr var paasleget, at eit Landsfolk aldri skal hava Lov til at velja seg eit Bokmaal, at alt skal ganga etter Hervinnings-Rett (Erobringsret) med Vald og Tvang og Ovrike, at alt, som eingong er paakomet ved eit blindt Tilfelle, skal sidan standa og hevdast, um det er aldri so uhøvelegt fyre Landsens Folk. Alle forvanskade Bygdarformer (Provincialismer), som ymse Bokmenner eingong hava teket paa Slump, skulo njota same Æra som dei rette gamle Former; [1] alle dei stygge vanskapte Ordi, som ero tillagade av tydsk og onnor framand Rot, skulo standa jamhøgt med dei beste heimelege Ordi og endaa kanskje vyrdast meir en desse; alle dei uhaglege framande Namn, som umaalkunnige Regjeringsmenner hava lagt paa sine nye Innreidningar, skulo standa urørde og vyrdast som heilage og ukrenkjande; alle dei harmelege Utskjemmingar, som ukunnuge Embættesmenner hava gjort ved dei gode gamle Gardsnamn og Mannsnamn og andre heimelege Namn i Landet, skulo alltid standa, som dei eingong ero sette; [2] og kort sagt: alt det Fuskarverk, som eingong er komet paa Papiret av eit Slumpehøve elder av eit vannkunnelegt og smaklaust Paafunn, det skal sidan standa ubrøytt um Alder og Æva, det skal alt vera gildt og gjengelegt til ævenlege Tider; og Folket – Folket skal berre læra og inkje mukka. Og so tilsidst skal heile dette paanøydde Fuskarverket kallast «Nationalitet». Fyrst faa me eit Maal ifraa eit annat Land til Grunnlag, dernæst ei Tilskiping av alle heimelege Ting etter denne framande Maalformi, so at alle dei heimelege Ord, som inkje høva til denne Formi, skulo utestengjast, og at alle dei heimelege Ord og Namn, som ein inkje kann stengja ute, skulo lempast og vendast etter den framande Formi – og so dernæst ei Utfylling i dette Maalet av framande Ord ifraa alle Heimsens Hyrnor; – og endaa skal dette Maalet heita «nationalt» og vera det einaste som er gildt og gjengelegt fyre Landslyden. Det strider imot alt Heimhøve, og endaa skal det vera det rette heimhøvelege; det strider imot Hugen og Smaken aat Landsens Folk, og endaa skal det vera det rette folkelege. Sannelega, naar ein høyrer slikt, skulde ein snaraste tru, at Landet hadde nyst voret hervunnet (erobret) av framande Folk, og at Hervinnararne hadde skift Landet imillom seg, so at dei sjølve skulde no vera den rette Landslyden og styra Landet aaleine. Det er klaart, at her er eit stort Mistak. Det er klaart, at eit Maal, som er soleides innført utan Rett og berre med Magt, kann aldri vinna nokor aalmenneleg Vedkjenning, nokor «livande Tileigning» hjaa Landsens Aalmuge. Det maa drivast fram med Tvang; for Folket vil inkje læra meir av det, en som det er nøydt og tvingat til. Vistnog kann dei endaa faa ei viss Hevd, ein viss Gildskap med Tidi; men dette vil gjelda berre fyre ein liten Part av Landslyden; den største Parten vil standa utanfyre; og kvat Verknad dette vil hava paa den aalmennelege Upplysningi, kann lett lata seg tenkja. Skulde det uppdagast, at det, til Traass fyre den lange Hevdi, endaa inkje stend betre til, en at vaare greidaste Bøker trenga til ideleg Uttyding, at største Parten av Folket aldri kann skyna Maalet i ei norsk Avisa til Gagns, og at me turva meir en Halvparten av ein Manns Alder, fyrr en me skyna det rett, ifall me inkje læra Tydsk og andre Maal attaat, so vil det sannast, at det just inkje er myket verdt med den aalmennelege Gildskapen, som dette Maalet skulde hava. Det skulde vist inkje turvast so lang Tid til, at det norske Landsmaalet kunde faa ein Gildskap, som var lika so god og langt betre, og daa kunde ein ogso hava den Hugnad at hava eit Maal, som studde seg paa Rett og inkje paa Magt, eit Maal, som gav det sannaste Tekn av Tanken og Hugen aat Landsens Folk og soleides ogso maatte vera den gildaste Reidskap til at framhjelpa Kunnskap og Seda-Bot imillom Folket.

Lika so undarlegt er det, naar det her heiter, at det er ein logen Rikdom («en løiet Rigdom»), som Landsmaalet kann faa med det, at ein Mann elder tvo seter seg til at grunda paa, kor eit framandt Ordalag skulde tolkast i dette Maalet. Eit slikt Verk hever daa voret freistat i ymse andre Maal, og soleides og i Dansken (um det endaa er smaatt og litet, som fyrr er sagt); det er soleides ein liten Hop av danske Ord, som vist maa vera tilkomne paa den Maaten; f. Ex. Yndling (fyre Favorit), Medbeiler (Rival), Hærfører (General), Sagfører (Prokurator), Haandskrift (Manuskript), Lærebygning (System), Grundsætning (Princip), lodret (perpendiculær), vandret (horizontal), grundlægge (fundere), afvæbne (desarmere). Alt slikt er, etter vaar Tanke, gode danske Ord og ein god Tilvokster fyre Dansken; men etter denne Lærdomen skulde det altsaman vera «ein logen Rikdom». Derimot skulde det vera ein sann og rettfengen Rikdom i dei Ordi, som ero tekne ut or andre Maal, f. Ex. anbefale, beskjæftige, bibeholde, bibringe, erkjende, foranstalte, gestalte sig, geskjæftig o.s.v. Um so var, so maatte det vera ein Rikdom fyre framande Folk, og serlega fyre innflutte Folk av tydske Ætter; og av slike maa der vist vera mange baade i Danmark og Norig, sidan me finna so mange tydske Ættarnamn i Avisom og Adresse-Bokom. Men nog derum; me lasta korkje Tydsken elder Borni hans; men det er vaar fyrste Skylda (Pligt) at tenkja paa vaart eiget Landsfolk, og desse Folki trenga stundom til nokot, som korkje er Tydsk elder Dansk; dei hava Rett til at krevja nokot, som hever ein heimeleg Klang, og det skulde vel inkje vera nokot Narreverk at hjelpa deim til at faa dette Kravet uppfyllt.

Enden paa heile det store Stykket er den, at av slikt Stræv kjem sedvanlega berre eit Spotteverk utan Liv og Førleike, ein «Møkkurkalf» av Leir med eit Merrarhjarta. Dei sidste Ordi skulde vist hava myket paa seg, sidan dei stodo prentade med store Bokstavar. Men eg kann slett inkje finna nokon Viisdoms-Brunn i desse Ordi. Møkkurkalve [3] var ein Leirmann, som Jøtnarne (Jutlarne) hadde gjort til ei Skræmsla fyre Thor, som dei stridde med; dei gjorde honom so stor, at han var nio Raster (Miler) høg og tri Raster yver Akslerna, og so toko dei eit Hjarta or ei Merr og sette i honom, men det var for litet til slik ein Kropp, og difyre var han so rædd og modlaus, at Drengen, som Thor hadde med seg, slog honom ned utan Motstand. Eg veit inkje, kvat Likning dette skal hava med denne Maalfreistnaden; her er ingen, som hever tenkt at dikta eit Maal av ingen Ting; her er berre tenkt paa at taka eit fyreliggjande livande Maal og reinska og dyrka det paa same Maaten som andre Maal. No kann det alltid vera so, at ein slik Freistnad vil vera nokot ustød i Fyrstningi, med di at det er inkje alle, som strakst kunna raaka paa dei rette Ordi; men slikt kann alltid retta seg med Tidi, naar betre Rettleidingar koma til. Det er ellers merkande, at det trengst ei god Maalkunna til at døma um, kvat som her er rett elder urett; fyre ukunnige Folk vil det stundom sjaa ut, som um det var Fusk altsaman, um det endaa hever den beste Grunn. Men det vil daa ogso vera eit stort Fusk, som skulde vera verre en den Skøyteløysa at taka Ord ifraa alle Heimsens Hyrnor og slengja inn i Maalet og soleides stopla upp ei uhorveleg Mukka av framande Ord med blinde Tankar, som ingen skynar til Gagns, fyrren han hever studerat tvau elder try andre Maal. Slikt skulde helder kunna liknast med Møkkurkalven. Ein Talsmann fyre Dansken hever her litet til at skrøyta av. Til Traass fyre den umtalade Aarhundrada-Hevdi, er det daa knapt eit hundrad Aar sidan Dansken fekk nokorlunda den Form som han no hever, og endaa stend det inkje betre til, en at det finst i minsto tvo serskilde Skrivemaatar; ja det verd endaa stundom sagt, at kvar Skrivande hever sin eigen Maate. Men slikt er aldri verdt at taka til Exempel, og inkje trengst det um det helder, sidan det no er betre Aatgang til ei god Maalkunna, en det hever voret i fyrre Tider. Og kor det no kann vera med dette, so skulde me tru, at ein Freistnad paa at reinska Maalet, og tilskipa nye Ord av dei gamle Røter i sjølve Maalet, maatte vera ei god Gjerning, som helder skulde hava Lov en Last. Og paa den Maaten er det ogso, at dei beste Maali hava fenget si Fylla og sin Førleike.

Og soleides enda me denne Umrøda som dei fyrre med det, at me inkje hava funnet Grunnar, som vaaro sterke nog til at venda oss ifraa den Tanken, som me fyrr vaaro komne til.

 

 

 

FOTNOTAR

[1] Av slike Former, som berre ero Bygdarmaal og inkje rett dansk Normal-Maal, er der mange i Dansken, f. Ex. Møie fyre Møde, Veir (f. Veder), beile (f. bedle), Vei (f. Veg), Øie (f. Øge), høi (f. høg), seire (f. segre), lave (f. lage), flyve (f. flyge), Bue (f. Buge), Nælde f. Nedle.

[2] F.Ex. Rødø fyre Raudøy, Nødø fyre Nautøy, Egerø fyre Eikarøy; Hvidesø fyre Kviteseid, Østerraad fyre Austraatt o.s.v.

[3] I Edda heiter det Møkkurkalfi, vonlega so myket som «Sky-Leggen». Kalve er Tjukkleggen paa ein Fot, og Møkkur skal tyda Sky elder Skodda. Med «Kalv» hever det inkje at gjera.

 

Frå Dølen No. 21, 13. mars 1859, side 1-2. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006