1859 Minningar fraa maalstriden. 03 Tridje røda

Ivar Aasen

MINNINGAR FRAA MAALSTRIDEN. TRIDJE RØDA

 

(Or Morgonbladet fyre 25de November.)

Naar no Bønderne vaaro ein heil sjølvstandande Nation (elder Landslyd), so kunde endaa mangt henda. Denne Nationen maatte daa smaatt um Senn «stræva seg upp ifraa sitt barbariske Stand og utvidka sitt Maal i same Mun, som han utvidkade sin Tanke». Men no ero Bønderne ingen Nation, men berre ein Deil av ein Nation; og dette gjerer ein fullkomen Grunn-Skilnad. Dei vilja tyngja oss ned med yvervigtuge Tal; det kling so stort med desse 12 elder 13 hundrad Tusund, som tala Bondemaalet, imot dei andre, som inkje tala det; men dette Bruk av Tal er her utan Meining. «Ja, naar desse 1200,000 budde fyre seg sjølv og hadde millom seg sjølv alle Elementi fyre ein Nation, hadde Riksskipnad og Regjering, Fylkestyring og Prestar o.s.v. fyre seg sjølv, so vilde det kanskje (!) inkje vera nokot umogolegt i, at dei igjenom nokre Aarhundrad’s Barbaraskap (!) smaatt um Senn kunde tilskapa ein eigen national Kultur og eit eiget Kultur-Maal.» Men no stend inkje Bonden soleides einsaman; han gjerer berre eit Stand, og dette Standet er «knytt fast til dei andre Standi og til eit heilt Kultur-Samlag, som alt no stend paa Høgdi av si Tid og eiger ein Tankarikdom og eit Maal, som seter det i Stand til at kappast med dei mest civiliserade Nationer i Europa; og ved den alt vidare og vidare avgreinade Innverknad, som dette Samlaget hever, verd ogso Bondestandet meir og meir dreget inn i Tryllekvervet under Civiliseringi og lyft upp til eit Stig, som det kanskje aldri, og i alle Fall berre gjenom myrke Aarhundrad’s Stridar, vilde hava naatt, naar det var yverlatet til seg sjølv.»

 

UMRØDA

Dette var ei stor Røda, ovlega stor i mange Maatar; og difyre hever ho ogso givet Tilføre (Anledning) til mange Umrødor, so at naar alt skulde koma paa Prent, so vilde det verda nokot drjugt. Men her faa me freista at halda oss til Saki og vera so stuttmælte, som me kunna.

Um no «Bønderne» ero berre ein Deil av Landslyden, so er det daa vist, at denne Deilen er større en dei andre. Vistnog leggja me inkje stor Vigt paa Talet 1200,000; dette Talet maa hava voret framsett i ein tidlegare Strid; og me minnast inkje grant, um Saki daa var heilt igjenom den same som no. Men det er inkje so grant med, um Talet er nokot større elder mindre; naar det fyrst er avgjort, at dette Maalet er rikjande (herskende) yver største Viddi av Landet og hjaa største Mengdi av Landsens Folk; og dessforutan kunde det kanskje visa seg, at den andre Deilen av Folket kann ogso bera Kjensla paa dette Maalet, so at han med nokon Tilvane kann skyna det so vidt i Tale og Skrift, at det berre verd eit og annat Ord, som kann trenga til Tyding, og vel inkje fullt so mange Ord som i Dansken med all si framande Iblanding, som Folk inkje skynar utan mange Tydingar og mange Aars Tilvane.

No kann det so vera, at eit Bondestand inkje gjerer ein heil «Nation» elder Landslyd fyre seg sjølv; men daa verd det vel endaa vissare, at eit Embættesstand aldri kann gjera nokon Landslyd; skulde eit av desse Standi utgjera ein Landslyd einsaman, so maatte det daa helst vera Bondestandet. Eit Bondestand som utfyller største Parten av Landsens Folkamengd og er ættat ifraa Landsens gamle Ibuar, maa daa vel hava so gildt Emne til ein Landslyd, som nokon vil krevja; for det kann aldri vera Tvil um, at Bonde-Søner kunna verda Embættesmenner og dugande Menner ogso. Det er ingi Naudtorv til, at alle Embættesmenner skulo vera Utlendingar med framande Namn og Titlar og med eit framandt Maal; for det kann ingen prova, at dette Folkaslaget skulde hava mindre Vit og Næme en alle dei andre, so at det alltid laut hava framande Folk til at styra i Landet.

Kvat er no ein Nation? Ordet kjem av Latinen og tyder eigenlega eit Føde [1], ei Ætt elder Slægt, og dernæst ei Landsætt (elder Tjod), eit stort Folkaslag av same Uppkoma og soleides nokorlunda med same Hug og Seder, med same Maal og same Minne. Naar no slikt eit Folkaslag kann bu i eit Land fyre seg sjølv og skipa eit Rike, soleides som vaart Folk, so er det ein Landslyd. (Lyd er Familie). No er Bondestandet alltid den største Parten i vaar Landslyd; og naar det no er avgjort, at Bønderne ero Landsens upphavlege (oprindelige) Folkaslag, og at deira Maal er Landsens upphavlege Maal, so er det ogso avgjort, at dette her er det heimlege, tjodlege elder nationale Maalet; det er dette, som høyrer Landet og Folket til. Kunnskap elder Kultur kjem inkje denne Saki ved; Folket kann trenga til Upplysning, og Maalet kann trenga til Dyrkning; men dette er eit annat Spursmaal, og derav fylgjer inkje at baade Folket og Maalet skulde vera uduglegt. Naar no Tidahøvi hava medført, at eit Bokmaal fraa eit annat Land er vordet kunnigt her i Landet, og at ymse Ætter hava lært seg dette Maalet, so er dette vistnog ein «historisk» Tilburd; men endaa kann ingen segja, at dette innførde Maalet skulde no vera det rette heimlandske elder tjodlege (nationale) Maalet, elder at dei Folk, som tala det, skulde no vera den rette Landslyden. Dette vilde vera at snu alle Ting paa tvert. Det innførde Maalet hever her ingen Rett utan den, som Magt og Tvang elder Ovrike kunde giva det; og den Retten varer inkje lenger, en medan Magti varer; sidan er det alltid Raad til at reisa det rette Maalet uppatter, og um det endaa kann ganga smaatt i Fyrstningi, so er dog Tanken lika mogoleg fyre det. Alt dette, skulde me tru, maatte vera so greidt og klaart, at det vilde vera ein drjugvoren Djervskap, som skulde neitta det.

Men naar det no skal heita, at det norske Bondestandet stend paa eit slikt Villmanns-Stig (elder «barbarisk Standpunkt»), at um det endaa hadde Regjering og Embættesmenner fyre seg sjølv, so skulde det endaa ljota ganga i Villmannskapen i nokre hundrad Aar, elder «igjenom myrke Aarhundrad’s Strid.», fyrren det kunde koma til nokon Kultur med sitt eiget Maal, og at dette endaa vilde vera so utrulegt, at det var berre eit Kann-henda, eit «Maaskee,» um det endaa var mogolegt, – so er dette vistnog eit av dei største Skamord, som segjast kann, um Landsens Folk og um Landsens Maal. Etter denne Umlysingi er dette Maalet inkje stort betre en Rauting og onnor Læta, som ein høyrer av Feet, og Folket sjølv er inkje stort betre en Fe. Naar ein høyrer slikt, skulde ein snaraste tru, at det var ein lystig Prettemakar av vaare eigne Folk, som her var ute med nokre forvaagalege Speord og soleides vilde hjelpa vaar Sak paa ein uventad Maate. For at han hjelper vaar Sak, er det myket Likinde til. Naar alle dei gamle og gapalege Lastord imot Bondestandet verda soleides uppatter friskade, so er det Voner til, at dette Standet vil eggjast upp til at tenkja paa sin Rett, og at alle dei gilde Bondeborni, som hava strævat seg fram til Upplysning og Kunnskap, vilja leggja større Elske paa sin Nordmannskap og hevda og verja honom betr, en dei fyrr hava gjort. Og sidan desse Folk ero dei, som kjenna Maalet best og kunna verka mest fyre det, so er det lett at sjaa, kvat Tilstyrknad dette vil vera fyre vaar Part.

Og um me no vilde taka denne Talen berre som eit Lastord paa Maalet og inkje just paa Folket, so verd det endaa lika galet. Kvat er no dette for ein undarleg Tankaskapnad, at eit Folk, som no skal koma til Kultur med sitt eiget Maal, skal fyrst ganga nokre hundrad Aar tilbaka og gjera uppatter alt det, som gjort er fyrr? Me skulde daa tru, at den Lærdomen, som Verdi no hever vunnet i desse Aarhundradi, maatte vera ein vunnen Skatt fyre alle Folkaslag, og ein Skat, som aldri nokot Folkaslag kunde missa ved det, at det tok eit nytt Bokmaal i Bruk. Kor skulde det ganga til, at eit Folk so braadlega skulde gløyma alt, som det hadde lært, at det laut til at liva uppatter dei avlidne Aarhundradi ein Gong til? Fylgjer det med, naar ein Mann lærer eit annat Bokmaal (f. Ex. Svensk elder Islandsk), at han skal «riva seg laus ifraa Kulturen» og gløyma alt det, som han fyrr kunde? Dette er daa reint at fara i Ørska; det er at røda beint burt i svarte Natti. Er det nokon sann og verkleg Vinning i denne lovsungne Kulturen, so maa han kunna festa seg paa den eine Landslyden so vel som paa den andre, so maa han ogso finna Inngang i det eine Maalet so vel som i det andre, og i Vissa lika so godt i det norske Maalet som i det danske. Er det nokot Verd i dette umtalade Kultur-Maalet, so maa det daa vera eit Maal fyre Tankar, som høyra til det aalmennelege Mannvitet; det maa hava Tankar, som kunna tydast og upplysast; det maa hava Ord, som kunna umbytast og umskrivast i dei serskilde Maali, og i Vissa lika so godt i Norsk som i Dansk. Det er soleides berre ei Tyding og ei Umbyting, som det her gjeld um; og dertil skulde vist inkje trengast nokre hundrad Aar; eit halvt Aarhundrad maatte vel vera nog, og berre paa ei tjugo Aar kunde store Ting lata seg gjera. Naar no Folk vilja neitta alt dette, so fær eg ein stygg Otte fyre, at det inkje maa vera rett voret med denne Kulturen, at det maa vera berre eit Skin utan Kraft, eit Skal utan Kjerne. Skulde Kulturen vera berre ein Stas, ein Mode, ei Etterherming av Storfolket i eit framandt Land, so verd det Størsteparten av vaart Folk, som inkje fær nokot godt av honom; men daa kunna me ogso vera lika glade; for det vilde inkje vera nokon Vinning i det fyre sjølve Folket. Og er Kultur-Maalet berre ei Etterherming av framande Ordalag, som ingen kann tyda elder klaara, so er det nokot, som inkje kjem Folket ved; det kann vera godt nog fyre ymse Smaalag i Kaupstaden, der Folk ero betre kjende i Utlandet en i sitt eiget Land; det kann vera godt nog til at gjera Smaakunster med i ein Talarstol elder i ein «Afhandling;» men det er inkje godt nog fyre Landslyden, fyre det heile Folket. Det norske Folket treng til greide og klaare Tankar, so vel som til eit heimelegt og høvelegt Maal; det er inkje vel teent med ei Ovmengd av blinde og skoddefulle Tankar, og helder inkje med ei Mukka av myrke og undarlege Ord, som lett kunna tena til eit Skalkaskjol fyre umogne Tankar og rein Tankaløysa, og som sedvanlega verda so mistydde og forvanskade, at dei berre føra til ein Slurveskap i Tenkningi og ei Utskjemming i Maalsansen, som me alt hava set so riklege Merke paa, at me inkje hava Hug til at sjaa meir av same Slaget.

Og soleides verd det heile berre eit Paastand, at den norske Landslyden aldri kunde koma til Kultur utan det danske Maal. Og naar det berre gjeld um Paastand, so kunna me ogso setja upp eit Paastand fraa vaar Sida, og det lyder so: Hadde det norske Maalet voret uppteket som Bokmaal fyre longo sidan, so vilde Kulturen i Landet hava stadet langt betr, en han no stend, og Folket hadde voret meir kunnande, meir duglegt og meir vyrdt, en det no er.

 

FOTNOTE

[1] Latinsknascere fødast,natus fødd,natio det fødde (elder samfødde);

Ætt, Elde, Bøle. Dette er radt det same Høvet, som

naar Folk paa Upplandet segja «eit Føde» (Føe) um eit Bøle elder

Lag av Ungar, serlega Fuglungar, som ero komne or same Reidet.

 

Frå Dølen No. 21, 13. mars 1859, side 1-2. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006