1859 Minningar fraa maalstriden. 01 Innleiing og fyrste røda

Ivar Aasen

Minningar fraa Maalstriden. Fyrste røda

 

Det vil vera mange, som minnast, at det no fyre eit Bil sidan var ein Strid um det norske Maalet,elder fyrst og fremst um Retten til at skriva Bøker i dette Maalet. Vistnog var det so med deim, som berre lesa dei største Avisorna, at dei fingo alt for liti Greida paa denne Saki; for so vidt eg minnest, var det eit elder tvau av dei store Dagbladom, som gav heile lange Talar imot det norske Landsmaalet, men inkje eit einaste Stykke til Forsvar fyre det; so at deira Lesarar vist maa ganga med myket uklaare og einsidelege Tankar um Tingen. Men so er det andre Folk, som kunna minnast, at der fraa ymse andra Sidor kom tvau elder try Innlegg til Forsvar og Verja fyre Landsmaalet; vistnog vaaro dei nokot stutte og samantrengde, so at eg vonar, at denne Parten heve myket meir til at segja, naar han fær Tid og Tilføre til det; men so var det daa alltid so myket, at ymse Grunndeilder av Spursmaalet vordo nokorlunda avgreidde. Det var merkande ved denne Striden, at det denne Gongen gjekk ut paa det reine Landsmaalet og inkje paa det sokallade dansk-norske som fyrr, og dernæst at Talsmennerne fyre Norsken talade i ein sterkare Tone, en dei fyrr hava gjort. Dette hadde dei vonlega lært av Motparten, sidan han no i sidste Tidom hadde sett alle sine Paastand fram med slik ein Djervskap og i slik ein avgjord Tone, som om han berre skulde segja: «So er det, og so skal det vera.» Dette tyktest vel desse Talsmennerne hava vel so god Rett til som hine, og difyre svarade dei i same Tonen; «So er det, og so skal det vera,» sagde dei ogso. Men som dette var nokot nytt og uvant, so vakte det ogso eit forfælande Staak paa Motsida; det var eit Forfang, som kravde ein ny Strid; det var eit Ovmod, som inkje skulde tolast. Og difyre komo daa dei store Avisorna setjande med all sin Herbunad, den eine fyre og den andre etter, og alle so samhugade, som um den eine hadde lært av den andre. No hadde eg tenkt, at det vilde koma ymse Talsmenner fyre Norsken og giva eit Motsvar til alle dei store Ordi, som no vaaro framsette; eg ventade, at det skulde koma no strakst etter Jolafreden, um inkje fyrr; eg hever vaktat og ventat lika til denne Tid, og det er inkje fritt fyre, at eg hever voret nokot gretten fyre det, at dei skulde vera so tagalle og lata hine segja alt kvat dei vilde. Vonlega tenkja dei so, at det hever voret sagt nog fyre deim, som vilde tenkja etter det, og at det er faafengt at bera Ljos fyre den, som inkje vil sjaa. Men det er ogso paatenkjande, at det er ein stor Hop, som trur paa den, som talar tidaste, og gløymer den, som talar sjeldan; og difyre er det so, at ein Leigomann i eit Dagblad hever ei stor Magt, anten han er kunnig elder ukunnig. Difyre tenkjer eg no, at vil inkje nokon annan, so vil eg, um eg endaa maa kjennast ved, at andre vilde hava gjort det myket betr en eg. For det var illa, at so mange store Ord skulde verda for snart avgløymde, naar det var nokot Sanning i deim; og me vita, kor det gjeng med dei store Avisom, naar dei verda nokre Dagar gamle; eg hever havt myki Møda med at finna dei Stykki, som eg helst vilde hava: men so hever eg daa funnet eit Nummer elder tvau, som innehalda riklega nog til at røda um. No vil eg taka det so, at eg deildar Stykki deira i ymse Rødor [1] elder Talar etter Samhengen og teker fram alt det sterkaste og kraftigaste, som dei hava sagt, og serlega ymse Kjerne-Setningar, som dei vonlega sjølve hava tykt best um, og som dei vonlega ogso hava fenget mest Ros fyre av sine Sidomenner. Og til kvar Røda seter eg ei liti Umrøda, det vil segja, eit Ordrag av det som me andre hava rødt og tenkt um Tingen.

 

FYRSTE RØDA

(Or Morgonbladet fyre 25 November.)

Den Setningi, at ei dansk Maalform eingong er innkomi i Staden fyre den norske, er vistnog sann, men ho inneheld langt ifraa inkje den heile Sanningi. «Hava dei gløymt det, elder vyrda dei det som ingen Ting, at det Maalet, som me (vi!) no tala og skriva i Norig, det hava me no talat og skrivet i Aarhundrad, so at me daa i alle Fall maa segjast at hava fenget Hevd paa det?» – Skulde det vera eit framandt Maal, «som i Aarhundrad hever voret oss meir kunnigt en nokot annat», og som er innelega samanvakset med dei finaste Tæger i vaar andelege Vokster, so at me inkje kunna riva oss ifraa det, utan at brjota ned det heile Kultur-Verket, som heve ført oss upp til det Stig, der me no standa? – Det er ogso hugsande, at dette Maalet hever fyrst fenget sin Tilskapnad etter den Tid, daa det var uppteket av det norske Folket, «og vist inkje utan munarleg Medverknad av dette Folket». Og so skulde me inkje hava Rett til at kalla dette Maalet vaart? At det heitte Dansk, medan Norig var samfest med Danmark, var naturlegt, men annarleides maatte det verda «sidan det norske Folket hever heilaghaldet si Atterfødsla i dette Maal», og «sidan Grunnlogi kallade det Maalet, som ho var skrivi paa, detnorskeMaal». – Naar ein soleides skulde springa yver dei sidste Aarhundradi, so maatte me no anten «stava og uttala etter dansk Mynster», elder ogso tala og skriva «Bondemaalet». «Men det eine er lika so urimelegt, ja umogelegt som det andre».

 

UMRØDA

Um det var sant, som Bladskrivaren synest meina, at hans Motpart hever inkje sagt den heile Sanningi, so gjerer han riklegt Attergjeld, med di han berre segjer alt det, som kunde høva til hans eigen Part, og læter alt det andre vera usagt. Me hava vist inkje gløymt, at der hever voret Folk i Norig, som hava skrivet Dansk i nokre Aarhundrad, og kanskje talat det og. Men det var nog ein liten Part av Folket, som kunde skriva, og det var ogso ein liten Part, som kunde tala i dette Maalet. Me, Landsfolket, hava her stadet utanfyre;vaareForfeder hava inkje talat Dansk, um dei endaa kunde vera nøydde til at lesa det, og stundom ogso til at skriva det paa ein Maate. Saki er, at største Mengdi av Folket hever eit annat Maal, som hever gamall Grunn i Landet, og som paa sin Maate er «samanvakset» med Vitet og Tanken hjaa dette Folket. Skal no Dansken ogso vera «vaart Maal», so er det tvau Maal i Landet; men daa kunna dei inkje baade tvau hava lika full Rett til at heita Norsk. Det synest oss undarlegt, at Maalet i ei Bok skal berre heita Dansk, naar ho er trykt i Danmark, men Norsk, naar Boki er avtrykt i same Maalet i Norig, elder at eit Stykke, som er avtrykt utan Umbrøyting or Berlingske Tidende i Morgonbladet, skal verda so braadlega umskapat til Norsk ifraa den Augneblinken, daa det er innkomet i det norske Bladet. Og dertil synast me ogso, at det maa vera ei stor Uskil imot dei Danske, at ein soleides skal taka Maalet deira og giva det eit annat Namn. No er det vistnog umtalat, at Dansken i Norig skal taka upp so mange norske Ord og Vendingar, at han inkje lenger kann heita Dansk; men eg ser aldri, at det verd nokot av med denne Upptakingi; helder ser eg, at dei upptekne norske Ordi verda litet vyrde og snart avgløymde, og at Maalet alltid kjem atter paa det gamle Laget. Og um det ogso skulde verda nokor Aalvora med det, so fekk vel Maalet halda sitt gamle Namn endaa; for det ser no ut til at vera Sed og Viis i andre Land, at Maalet skal hava sitt gamle Namn likafullt, um det hever uppteket aldri so mange Ord av eit annat Maal.

Den Medverknad, som det norske Folket skal hava havt i Tilskapnaden paa det danske Maalet, kunna me inkje rett verda vise paa; for naar me leita etter norske Ord elder Vendingar, som ero fyre Aalvora inntekne i Dansken, so finna me so ovlega litet, at det knapt er verdt at nemna. Det skulde vera Moro at sjaa eit Tal paa alle dei Ordi, som ero inntekne i Dansken av andre Maal; men daa vonar eg, at dei norske Ordi hadde gjort eit so litet Tal, at dei hadde reint komet burt, og helst naar dei komo ataat dei store Hundrad-Tali av tydske Ord, som ero komne til so stor Æra i dette Maalet. Det hever voret sagt, at ymse Nordmenner, og fyrst og fremst Holberg, skal hava ført ymse norske Vendingar inn i Dansken; men naar me sjaa etter i Holbergs Bøker, so verd det vist myket sjeldan, at me raaka paa nokot, som er norsk og inkje paa hans Tid kunde vera dansk. Det ser inkje ut til, at Holberg hever ført myket Norsk inn i Dansken; derimot er det myki Von til, at myket Dansk er innkomet i Norig med hans Bøker og helst med hans Komedier, som innehalda so mange danske Talemaatar, som no maatte verda kunnige og tilvande hjaa alle deim, som funno Gaman og Hugnad i denne Lesnaden.

Um no vaar Riksskipnad, etter Skilnaden fraa Danmark, vardt fyreskriven og avgjord i det danske Maalet, so er det inkje dermed avgjort, at me alltid skulo vera bundne til det same Maalet. Baade Grunnlogi og ymse andre Logjer laut skrivast i ei Hast, so der vardt inkje nokor Tid til at tenkja paa Maalet; det galdt um at giva Tanken eit Ordalag, som var klaart og kunnigt fyre dei Folk, som største Magti hadde, um det endaa var framandt fyre vaart eiget Folk; det galdt um at setja Tanken fast; sidan kunde det alltid verda Raad til at reinska og vøla paa Maalet. Men kvarhelst i Grunnlogi stend no det, at det Maalet, som ho er skrivi paa, er det norske Maal? Eg hever leitat og inkje funnet. Der stend, at alle Framsetningar av norske Saker i Regjeringi skulo stilast i det norske Maal, og at Kongs-Emni skulo verda upplærde i det norske Maal, men kvat Maal dette er, finn eg inkje um. Derimot finn eg (i § 92), at til Embættesmenner skal utnemnast berre Nordmenner,som tala Landsens Maal(«Landets Sprog»), og her tykjest eg finna ei god Rettleiding. For det er stor Von til, at «det norske Maal» og «Landsens Maal» i Norig er alt eitt og det same; og um dei som skrivo Grunnlogi, inkje just hava tenkt paa det, som me no kalla Landsmaalet, so hever daa Tanken vist inkje voret langt ifraa det. Dei visste, at Landet burde hava sitt Maal, og sidan dei no inkje kunde vita, kor Maalet vilde skapa seg til etter Skilnaden fraa Danmark, so sette dei «Norsk» fyre alle Tilfelle, og det var det klokaste, dei kunde gjera. Dei hava gjort det so kvæmt og maklegt fyre oss, at me gjerna kunde bruka Landsmaalet til alle Ting, utan at brøyta eit einaste Ord i Grunnlogi.

Men kvat no andre hava tenkt elder inkje tenkt, so tenkja no me det same som fyrr, at Dansk er Dansk so vel i Norig som paa andre Stader, og at det norske Landsmaalet er nokot annat verdt en at vera berre eit Bygdarmaal under Dansken, dømt til at gløymast og avleggjast so fort, som det kann, so at Dansken kann raada og rikja aaleine. Me hava inkje funnet denne Røda sterk nog til at venda elder vikja vaar Meining til ei onnor Sida. Og dermed ganga me vidare til ei onnor Røda.

 

FOTNOTE

[1] Røda er her brukt i den rette gamle Tydingi: ein Tale elder eit Stykke av ein Tale. I den gamle Boki, som heiter Kongs-Spegelen, er ogso Samtalen avdeild i Rødor.

 

Frå Dølen No. 18, 20. februar 1859, side 1-2. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006