Upp, gledjest alle

(Salme, 1891)

Tone 75: Kom hid til mig, enhver især

Upp, gledjest alle, gledjest no
Med Fagnad, Fred og heilag Ro
I Herren, dykkar Gleda!
For Jesus han er no so nær
Og vil, daa han oss heve kjær,
Uti vaart Kjøt seg klæda.
 
Burt Sorg og Saknad or vaart Sinn!
Guds Gleda lata me no inn,
At me kann Jesus fagna
Med Bøn og Hjartans Takk og Tru.
Med honom skal i Fred me bu,
Og Gleda aldri tagna.
 
Gud, lat din Fred, som høgre er,
Enn Hug og Vit kann fata her,
Vaart Hjarta vel faa vara
I Kristus Jesus, at me maa
So stor ei Jolegleda faa,
Som aldri burt maa fara!
 
                                    (Etter Kingo.)


Frå  Nokre Salmar.Utgjevne av E. Blix. 4de aukade Utgaava. Kristiania, Samlaget 1891. Elektronisk utgåve 2009 ved Nynorsk kultursentrum