Sæle julekveld

(Elias Blix, 1898)

Sæle julekveld!
Englar høgtid held,
syng i dag den same songen
som dei song den fyrste gongen
over Betlehem:
Sjå, din Frelsar kjem!
 
Sæle julekveld!
I vårt låge tjeld
vil no Jesus heimvist taka,
så hans sysken små kan smaka
her på jord den fred
som Guds englar gled.
 
Sæle julekveld!
Lat ein heilag eld
stiga høgt i logar klåre
opp ifrå vår låge åre,
brenna i kvart bu
høgt i takk og tru!
 
Sæle julekveld!
Englar høgtid held,
lovar Gud for dei fekk kveda
ut på jord den store gleda.
Syng då alle med,
jord og himmel, kved!
 

Tekst: Elias Blix i Joletre 1898
Melodi: Adam Drese 1698
Kjelde: "”Det lyser i stille grender". Syng jula inn, 2000
 
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2004