Kling no, klokka

(Salme, 1889)

Kling no, klokka! Ring og lokka,
ring og lokka frå tusund tårn!
Tona um frelsa! Kalla og helsa,
kalla og helsa med fred Guds born!
Kling no, klokka! Ring og lokka,
ring og lokka frå tusund tårn!


Songar sæle, englemæle,
englemæle med livsæl ljod!
Far gjennom grender, strøym over strender,
strøym over strender som toneflod!
Songar sæle, englemæle,
englemæle med livsæl ljod!

Englar kveda: Høyr den gleda,
høyr den gleda som her er hend!
Ljoset er runne, livet er vunne,
livet er vunne: ein Frelsar send.
Englar kveda: Høyr den gleda,
høyr den gleda som her er hend!

Sæle stunder, store under,
store under og løyndoms skatt!
Møyi vart moder, Gud vart vår broder,
Gud vart vår broder i julenatt.
Sæle stunder, store under,
store under og løyndoms skatt!

Barn er bore. Barnekåret,
barnekåret ved det me vann.
Anden no føder oss til hans brøder,
oss til hans brøder, Guds born som han.
Barn er bore. Barnekåret,
barnekåret ved det me vann.

Sjå, det dagast, snart det lagast,
snart det lagast til høgtid ny!
Då skal oss klokka leikande lokka,
leikande lokka til helg i sky.
Sjå, det dagast, snart det lagast,
snart det lagast til høgtid ny!



Første gong prenta 1889. Kjelder:  Det lyser i stille grender, Oslo 2000. Tekst: Elias Blix. Melodi: Folketonevariant frå Oppdal, Halle 1705 og 1708. Elektronisk utgåve 2018 ved Nynorsk kultursentrum