Her kjem me, dine arme små

Omsett av Elias Blix 1881

Her kjem me, dine arme små,
vår Jesus til din stall å sjå.
Send oss ditt ljos i hjarta inn,
so vegen fram til deg me finn!

Med song so spring me deg i mot
og kysser dusti for din fot.
Å signa stund, å sæle natt,
då du vart fødd, vår sjele-skatt!

Velkomen frå din himmel-sal
ned til vår tåre-dimme dal,
der dei deg inkje ann gav
enn stall og krubba, kross og grav!

Men Jesus, å kor gjeng det til
at då so fåe kjenna vil
den kjærleik himmelhøg og stor
som drog deg til vår arme jord?

So drag oss til ditt hjarta nær,
vår sjeleven so god og kjær,
so kvar av oss so inderleg
i hjartans tru må fagna deg!

Lat ikkje verdi  med si makt
oss draga frå vår dåp og pakt;
men gjev vår lyst og lengting må
til deg, til deg åleine stå!

So skal me syngja sigersong
med alle heilage ein gong
og i ditt sæle Paradis
deg prisa høgt på englevis.

Her stend me no i flokk og rad
kring deg, vårt fagre hjarteblad.
Å hjelp at me og alle må
i himmel'n kring din kongstol stå!

  


Tekst: H.A. Brrorson 1732
Melodi: J.A.P. Schulz 1786
Kjelde: Alvestad: Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag, 2. upplaget, Oslo 1931. Elektronisk utgåve 2018 ved Nynorsk kultursentrum.