Glade jul, heilage jul

(Omsett av Bernt Støylen, 1906)

Glade jul, heilage jul!
Englar kjem frå Guds kongestol,
blomar ber dei frå paradis,
fint og fagert dei syng Guds pris.
Løynleg ikring oss dei går,
løynleg ikring oss dei går.
 
Julebod, gledeleg bod
tonar til oss med himmelljod,
song av englar som hyrdingar såg
den gong Jesus i krubba låg.
Songen av englar er sæl,
songen av englar er sæl.
  
Fred på jord, fryd på jord!
Jesusbarnet det er vår bror,
englar syng om hans herlegdom,
han har reidd oss i himmelen rom.
Songen av englar er sæl,
songen av englar er sæl.
 
Sæle fred, himmelsk fred
julekvelden til jord kom ned.
Englar syng om den fred dei såg,
syng om han som i krubba låg.
Gled deg, kvar sjel han har frelst!
Gled deg, kvar sjel han har frelst!
 

Tekst: Joseph Mohr 1818; til dansk ved Bernhard Severin Ingemann 1850. Til nynorsk ved Bernt Støylen iSongbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte, 1906
Melodi: Franz Xavier Gruber 1818
Kjelde:"Det lyser i stille grender". Syng jula inn, 2000
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2004. Brukt med løyve frå familien.