Eg er så glad kvar julekveld

Omsett av Bernt Th. Anker 1906

Eg er så glad kvar julekveld,
for då vart Jesus fødd.
Då lyste stjerna som ei sol,
og englar song så søtt.
 
Det vesle barn i Betlehem,
han var ein konge stor,
som kom frå høge himmelborg
ned til vår arme jord.
 
No bur han i sin himmelheim,
han er Guds eigen Son.
Men alltid minnest han dei små
som bed med tru og von.
 
Eg er så glad kvar julekveld,
då syng me Jesu pris,
då lèt han opp for alle små
sitt vene paradis.
 
Ho mor ho kveikjer alle ljos,
dei skin i kvar ei krå,
for heile verda, seier ho,
skal julestjerna sjå.
 
Ho seier stjerna skin enno
og aldri slokna kan,
og får ho skina på min veg,
då finn eg himlens land.
 
Ho seier alle englar syng
enno om fred på jord,
at himlen like open er,
Guds kjærleik like stor.
 
Å, gjev eg kunne syngja så,
då vart visst Jesus glad,
for eg vart òg Guds kjære barn
ein gong i dåpens bad!
 
Eg er så glad kvar julekveld,
så glad i Jesus Krist,
og at han også elskar meg,
det veit eg sant og visst.

 


Tekst: Marie Wexelsen 1859. Til nynorsk ved Bernt Th. Anker i Songbok for sundagsskulen og uppbyggjingsmøter, 1906
Melodi: Peder Knudsen 1859
Kjelde: " Det lyser i stille grender". Syng jula inn, 2000 
© Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2004