Det hev ei rose sprunge

Salme
Tysk song frå 1500-talet.
Omsett av Peter Hognestad.

Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot so grann.
Som fedrane hev sunge:
Av Isais rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
Ved mørke midnattstid.

Om denne rosa eine
er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine,
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
Som var i spådom sagt.

Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein Frelsar,
Og natti vart til dag.


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim. Eide Forlag, Bergen 2013. Elektronisk utgåve 2018 ved Nynorsk kultursentrum.