Å jul med di gleda

Omsett av Bernt Th. Anker 1906

Å, jul med di gleda og barnlege lyst,
me ynskjer deg alle velkomen!
Me helsar deg alle med jublande røyst,
ti tusene gonger velkomen!
Me klappar i hendene,
me synger og me lær
så glad' er vi, så glad' er vi,
me svingar oss i krinsen og neiar, og bukkar.
 
De Austerlands vise som stjerna fekk sjå,
me veit kvar de lengtar å fara,
for me ville også til Betlehem gå.
Lat ferdafylgjet vårt vara!
Me klappar i hendene,
me synger og me lær
så glad' er vi, så glad' er vi,
me svingar oss i krinsen og neiar, og bukkar.
 
Så rekkjer eg deg no med gleda mi hand;
kom skund deg og gjev meg den andre!
Så knyter me kjærleikens heilage band
og lovar å elska kvarandre.
Me klappar i hendene,
me synger og me lær
så glad' er vi, så glad' er vi,
me svingar oss i krinsen og neiar, og bukkar.


Tekst: Gustava Kielland. Til nynorsk ved Bernt Th. Anker iSongbok for sundagsskulen og uppbyggjingsmøter 1906
Melodi: Svensk barneleik eller barnesong
Kjelde: "Det lyser i stille grender". Syng jula inn, 2000
© Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2004