Nordmanns-song

(Dikt, 1885)

[Af Dr. G. J. J. Sauerwein *]

Ja, nordmenn vil me alltid vera,
til nordmenn heve Gud oss skapt,
Gud sjølv, han gav oss denne æra,
ho aldri blandt oss skal bli tapt.

Skjønt svarte skyi stend paa himlen
og stormen ryt og ruskutt fyk,
vaart hovud svigtar ei av svimlen,
nar vaaden kjem, og vener stryk.

Traatt liksom tre i trygge liom
so stend norrøna-folket fast;
som groni grøn paa elve-si'om,
kvar trivst og trottar, blæs det kvasst.

Haldt fast, du som er fæl te tola,
du nordens folk so frægt og fritt;
lat ræddhug skræma, rangheit skraala;
du stødt maa tala maalet ditt.

Lat han bli tverr, som helst vil tyna
eit maal so lint, ein ljod so kjær,
som far og mor fekk brukt te syna
hin fadren, som i himlen er.

Me stend rett fast ved kong og rikje,
fritt som i skogen stam ved stam,
men aldri lel fraa lippom vikje
Norrøna-ord, som fritt ber fram!

Ja, nordmenn vil me alltid vera,
til nordmenn heve Gud oss skapt;
Gud sjølv, han gav oss denne æra;
ho aldri blandt oss skal bli tapt.

*] Den lærde tyskaren som nyst heve synt baade kjennskap og kjærleik til det norske maalet ved aa gjeva ut si "Frie viso".


Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 22. Maandag den 30de november 1885. 1ste aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad