Smaabit-kunnskaper elder Kringsjaa-daning

(Artikkel, 1898)

Av Rasmus Løland

Samanliknar ein "upplysningi" hjå folk flest no mot for ein mansalder sidan, so vil ein nok finna stor skilnad. Folk veit um dei hundrad ting no, som dei ikkje visste um fyrr. I mest kvart hus hev dei no eit blad elder fleire; mange stader hev deiKringsjaa elder andre tidsskrift; ein fær høyra talar (foredrag) um allslags emne o. s. b. Folk kan soleis tala med no um mest kva det er; dei veit um det som er uppe i politiken og i den sosiale striden; dei veit um streikar og kvendesak og dei nyaste elektriske fljugemaskiner i Amerika, um Zola og gullet i Klondyke; –ja um det so er kunst og dikting, so er me ikke so radt blinde no. Mest alle kan leggja eit ord i laget um retningar og dekadence –og ein kan ogso nemna dei store gamle namn i "verdenslitteraturen", Shakespeare, Goethe o. s. b.
 
Kva visst folk um alt dette fyrr? Nei, det var ikkje mykje det. Lite visste dei um verdenslitteraturen og fljugemaskinerne, og Shakespeare var no ikkje eingong nemnande. Dei kunde visst snautt svara eitt til tusen –imengdiav kunnskapar.
Men las dei daa ingenting desse gamle, i foreldri si tid, visste dei ikkje noko utanfor det daglege arbeidet sit og dei smaa hendingarne i grannelaget?
Aa jau, litt las dei og litt visste dei daa og, dei mest framkomne i kvar bygd i minsto. Umfram bibelen og andre gudelege bøker som dei hadde daa som no, so hadde dei sume stader Snorres sogebok og bøker av Petter Dass. Andre stader kunde ein raaka paa Holbergs kyrkjesoge elder andre sogesøker. Litt seinare kunde ein her og der finna ei bok som heitteJordens mærkværdigheder, Berlins naturlære, bøker av Anton Bang (Jordbeskrivelse–heimsoga og landkunna –,Skræppe-Pers hændelsero. m.). –Og soAlmuevennenikkje aa gløyma med alle tilleggsbøkerne; bøker um oppdagingsfærder i alle jordbolkar, um dyreliv i Afrika, umLuftens elektrisitet, um fysik, kemi og mangt anna; –Almueven-Jonsen var i det heile ein svær kar til aa spreia ut lettskynelege bøker baade til moro og til aa læra noko av. Nokre fleire kunde ein og rekna upp, men mange vart det i kvart fall ikkje mot no. Men var lesnaden liten, so las ein paa den andre sida so mykje betre og grundigare det ein hadde. Ein kunde lesa bøker upp att baade tvo og tri gonger; ein fekk tid til aa tenkja yver innhaldet og gjera det til sit. Med andre ord: ein samla seg ein grand verkelegekunnskaper. Lite kunde det vera, men det var daa hald i det som var. Det var t. d. ikkje so radt uvanlegt i dei tider aa raaka folk som var godt kjende i Snorre. "Stend det ikkje i Snorre?" hermer dei enno etter ein gamal mann som døydde for lang tid sidan burti heimbygdi mi. Det som stoddervisste han fullt so godt som baade prest og prost.
Men no i vaare dagar? Ja her er nok dei som les paa same maaten no og, grundigt og med lærehug; men sant aa seia so fær ein ofte ei lei kjenning av, at det vert ferre og ferre. Ein skal smaka paa alt i vaare dagar, og so fær ein liksom ikkje tid til aa setja seg skikkeleg inn i noko. Ein hev slikt mas med aa "fylgja med" i allslag, at ein sistpaa ikkje fyl skikkeleg med i noko. Me kan kanskje tala eit ord med um "dei klassiske studier ved amerikanske universiteter"; men um dei mest einskilde lover for vaare eigne bygdemaal veit me kanskje minder. Me kan ha plukka til os ein heil hop stikkord um "proletariatet" og "bourgeoisiet" etter Marx og Henry George; men litt samanhengjande kunnskap um samfundshushald og loverne for næringslivet i det heile –kor mange av os hev det? Me kan vita um den siste "epokegjerande" uppfinning –at t. d. ein Watson elder Mr. Tompson burti New-Jerusalem i Amerika hev laga ein maskin som gjer til inkjes tyngdekrafti; men spør ein os um litt greida paa dei fyrste grynnleggajnde lover for tyngdekrafti ... hm!
 
Soleis i det boklege og. Ein kan kasnkje tala ikkje so lite um den jaalutte strid, anten det er Shakespeare elder Bacon som hev skrive Shakespeare-verki; men samstundes hev ein kanskje aldri gjeve seg tid til aa lesa stort av Holberg elder Welhaven. Me kan vita um dei siste merkelege uttydingar av hieroglyfer, men kanskje aldri gjeve os tid til aa lesa tri blad i eit hovudverk i bokalen vaar som Sars: Udsigt over den norske historie. Ein kan vita litt um "den gamle litteratur paa Kreta", men kanskje ikkje det slag meir um Vinje og dei norske folkevisor elder den nyare bokskrivingi paa norsk, som vel skulde liggja noko nærare? Det einaste ein veit um den og den boki –anten ho er av det eine elder det andre slaget –er oftast berre det som bladi hev meldt um henne. Daa veit ein so mykje at ein kan "tala med". Ein veit "hovudinnhaldet", og so fær det vera nok.
Og soleis i mest alt. Ein bit her og ein bit der –men so lite heilt! Det er dette som alar fram halvdaning elder kringsjaadaning, um ein so stygt skal seia, og av den hev me visst vaar gode part i vaare dagar. Det kan vera ovende bra aa faa alle desse utdragi or all verdens tidsskrifter og alle desse stubbarne um alt under himlen –for dei som hev eit vidt grunnlag av kunnskaper fyrr; dei kan gjeva det sin rette plass. Men folk som ikkje veit noko um alt dette fyrr? For dei maa det verta og kan det ikkje verta anna enn stubbverk, og kvæver kanskje all grundigare kunnskapssamling.
 
–Alle skal ta seg av ungdomen i vaare dagar, og eg lyt daa seia, at det er helst for dei unge desse linorne og er skrivne. Naar ein i ungdomsbladi kan lesa lange, lange ordskifte um "verdensmaal" elder filosofering um det som endaa vandare er –ja daa fær ein nok ei sterk kjenning av at det ikkje alltid stend so godt til med ballasti som det burde. Eg vil daa faa seia som mi meining, at det slett ikkje er so ov-viktigt at ein "fyl med" i alt og veit litt um alt "fraa bakteriarne til dei nyaste uppdagingar paa Mars –fraa gjødselsbingar til filosofiens historie" –elder korleis det no er slagordet lyder. Ein kan so ikkje fylgja skikkeleg med i alt dette lell. Nei, mykje større gleda og gagn vil ein ha av aa lesa um ferre ting, men grundigt og med ettertanke det ein les, so einveitnoko um det, noko som er tak i. I so maate trur eg me kan læra av dei gamle. Det gjeld ikkje um mengdi, mykje meir um godleiken (soliditeten). Det er mykje meir verdt aa ha lese med ettertanke dei gamle sogeverk og Munch og Sars en aa ha lese haugar av speidde stykke i ei mengd av blad og tidsskrift. Det er mykje meir verdt aakunnanoko, av natursoga, um det so er berre ei einaste grein, en aa vera so væl paa høgdi med si tid i kvar ny-ny amerikansk tankebygnad um det og det. Og det gjev meir gleda aa ha lese berreeiteinaste diktarverk godt en aa ha lese "kritikarane" i bladi um tredive. Det er eit stort mistak at ein "fyl med" i bokheimen um ein veit kva den og den hev skrive um den og den boki. Ein fær slett ikkje hovudinnhaldet paa den maaten. "Hovudinnnhaldet" fær ein berre naar ein les boki. Og ofte fær ein det ikkje heilt fyrste gongen ein les boki helder. Største hugnaden kan ein ofte ha naar ein les henne upp att –det vil daa seia, dersom ho elles hev noko verd. Og soleis i alt: um det kunnskapsgullet ein hev samla seg er noko lite, so er det betre en store mengder av papirgull. Heil kunnskap gjer tanken klaarare og styrkjer sin mann i hytta som i sal. Men korleis mykje og uheilt stubbeverk kan gjera skade paa jamvæl gode hovud –det hev visst mange set litt av.
 

Den 17de Mai 14. mars 1898. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad