Heile vårt liv

(Dikt, 1923)

Av Rasmus Løland

Hele vårt liv det er som ei ferd
på havet med storm og bylgjer,
so tidt me må spyrja um det er verd
all møda som med det fylgjer.

Tyngde me er av otte og sut
i all' våre levedagar.
Som skuggen fyl suti oss inn og ut,
når me etter gleda jagar.

Livet er fullt av sjukdom og verk,
og saknet fær alle prøva.
Og dauden han hev i dei tusen heim
so ofta det kjæraste røva.

Ein gong i ungdomens glade leik
me drøymde um lukka og fagnad -
brostne draumar og von som sveik,
det vart vår visse lagnad.

Sæl er den som med roleg sinn
kann taka kva som kan møta.
Han ein fred i all motgongen finn,
som endå kann mykje bøta.

Sæl er den som kann taka alt
som lagad, som vil vårt beste.
Han hev funne ei sjelero,
som er det tryggaste feste.


Frå Sangbok for norsk ungdom ved Mads Berg og Rasmus Stauri. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1923. Side 357-358. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad