Gjenta syng

(Dikt, 1891)

Av Rasmus Løland

Kor er dei blomar, som blømde ifjor?
Visna og rotna og vortne til jord.
Roti er upptærd av makkar og troll -
burte og burte - vorte til mold.

Kor er den elskhug du sa var so stor?
aldri du nemner'n meir med eit ord.
Burte, eg ser det, som blomar i mold;
svik var i roti - det tærande troll.

Å kor den lukka seg svikfull kann snu,
dårskap og dårskap på nokon å tru!
Auga kann lysa, ei solstråla lik;
men nedi hjarta - der løyner seg svik.


Frå Rasmus Løland: Skrifter i samling. IV. bandet. Oslo: Det Norske Samlaget 1942. Først prenta i Firda, jolenummer, 1891. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad