Fjellrosa

(Lesestykke, 1914)

Av Rasmus Løland

Finast av alle blomar i fjelli er fjellrosa. Framyver jonsok er det hennar tid. Som kvite stjernor stend ho uppetter alle skorerne i fjellet, so sant der er dropen av vatn aa suga. Bladi ligg i ein krans ut yver berget, tjukke og saftfulle, i flør yver einannan. So skyt blomen upp midt i bladkransen, strak og fin og greinut som ei ungbjørk, og med hundrad av smaa snøkvite blomar paa kvisterne. Maken til blom bid ikkje. Men so hev han og ei soga for seg sjølv.

Det var paa den tidi Jesus og Sankt Peter vandra kringum paa jordi. So gjekk dei ein dag gjenom ein stor skog. Det var brennande solskin, og dei var trøytte og mødde.

So fekk dei sjaa eit tre innmed vegen som det var so god skugge under. Der sette dei seg til aa kvila, og Sankt Peter tok upp nistematen or skreppa, og dei aat dagverd. Men daa dei skulde gaa att, sa Jesus til Sankt Peter: «Sjaa paa dette tre som hev gjeve oss skugge, og vert fullkomen som det». Og Sankt Peter saag upp, og han saag daa at, fagrare tre fanst ikkje i all skogen. Det var høgt og strakt som den finaste seljetein, og leggen var ljosgron av lit. Greinerne stod fint ut til alle kantar og stuttna jamt av upp-etter, og ikkje ein kvist var roten eller broten. Og uti greinerne lavde det av snøkvit fin blom millom lauvet. Daa bøygde Sankt Peter seg og tok lærdom av dei ordi meisteren hans hadde sagt, og dei gjekk derfraa.

Men fraa den dagen tok alle hine trei i skogen til aa ovundast paa dette treet som hadde fenge slik ros. Eineren tøygde seg med greiner som eiterormar burt-etter marki og stakk det i leggen og heldt regnet burte fraa røterne paa det.

Paa sudsida tøygde ei stor eik seg upp og skygde for soli, og paa nordsida bøygde ei stor fura seg ut yver det og slepte alle dei gule naalerne og turre kvisterne sine ned i blomarne og lauvet paa det. Klungeren stakk upp med kvasse naaler og reiv borken av dei neste greinerne, og alle hine trei fletta seg saman paa alle kantar og heldt dei friske vindarne burte fraa det.

— Mange aar etter so kom Jesus og Sankt Peter gjenom skogen att. Det var heitt solskin denne gongen og, dei hugsa det fagre treet som hadde gjeve deim so god skugge, og leita etter det. Men daa dei kom der det hadde stade, fann dei berre som ein falske av det. Det var innturka og skrint og hadde korkje blom eller lauv. Det var berre so vidt det var nokre friske knuppar att uppi ytste topparne. Daa saag og skyna Jesus korleis det var gjenge til, og han sa til Sankt Peter:

«Dette treet var for godt for storskogen og lyt no døy. Men tak du ein av dei friske kvisterne uppi toppen og set han høgt uppi fjelli, langt fraa alle hine trei. Der skal han liva, og ætti hans etter han, til løn for den gode skuggen som dette treet gav oss.»

So tok Sankt Peter nisteskreppa av ryggen og sandalarne av føterne og kleiv høgt upp i toppen og braut den friskaste kvisten han fann. Den bar han sidan langt upp i dei høgste fjelli og sette han i ei skor, og der feste han rot og voks upp. Men han vart ikkje til eit stort tre som det han var komen av. Han vart til ein blom. Men denne blomen var laga heilt som det fagre treet i skogen med grein og med kvist, berre at alt lauvet paa kvisterne no hadde vorte til blom. Sidan spreidde denne blomen seg ut yver i alle fjelli, og der veks han enno. Det er fjellrosa, den venaste av blomar.

Note:

F j e l d r o s a heiter sume stader fjellfru, bergfru, bergbruse, bergblom o. m.

 


Frå Lesebok for folkeskulen ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Ny utgaava. Fjorde bandet (landsmaalsutgaava). Kristiania: Jacob Dybwads Forlag 1914. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad