Ei fiskeferd

(Forteljing, 1902)

Av Rasmus Løland

Kva dei vaksne kann finna paa aa gryla for.

Det var ein dag paa hausten. Dei hadde rømt innfor ein haug aust paa bøarne, dei fire gutarne, og dei var ikkje blide der dei stod. Det var dei vaksne dei var vonde paa; for so urimelege og vrange folk som dei vaksne fanst ikkje. Fyrr hadde dei berre vore rame til aa leggja allslag arbeid paa deim; dei skulde baade bera ved og raka høy og henta upp aks millom stauren utpaa aakrarne. Men no paa det seinste hadde dei fenge det med aa gryla og skjella for allslag og. Var ein øyksko-saum eller ein tólkniv burtkomen, so var det stødt «ungarne» som hadde gjort det, um dei aldri hadde peika paa tólkniv ein gong, og var ei øks skarut i eggi, so hadde ungarne havt neveklaa der med og kjaksa i stein. Og skulde dei ta seg eitkvart gagnsverket fyre paa eigi hand, so var det endaa verre. Ein dag dei hadde funne seg orv og ljaa og vilde hausta inn det fine graset burtpaa eit staburs-tak, kom far aat GUNNAR og ANDRES yver deim som eit uvêr og lova deim høy baade her og der, var so dei ikkje krak seg ned att straks. Han hadde hære-saald fyrr, han, um dei ikkje trødde taki hans óg til hære-saald, sa han, tosken. Sidan vilde dei vøla køyrevegen utyver paa bøarne ein dag. Der laag ein stygg stein midt i vegen ein stad, som Sledarne alltid laut skrangla yver; men dei vaksne hadde ikkje so-vidt tiltak at dei kunde faa han burt. So tok GUNNAR og PAAL seg fyre og fann minebór og krut og vilde sprengja han sund. Og so hadde dei so nære som eit haar fenge deng, daa dei vaksne saag at det tok til aa puffa og rjuka av krutet. Det var takki dei fekk for dei vølte vegen.
 
 
Men endaa verre var det gjenge i dag. Han PAAL hadde laga ein liten slede og sele aat trehesten sin, og so tok dei den store katten hennar bestemor og spente fyre og vilde ha han til hest litegrand. Dei gjekk upp paa Storaakren og tok smaastein og køyrde ned aat bekken. Der laag so mykje smaastein og rak, so det kunde turvast at ein reinska litt upp. Og dei køyrde slett ikkje uvislegt. Dei hadde berre smaae lass, og var sjølve med og drog mest likso mykje som hesten, og dei brukte ikkje svipa anna enn litegrand naar han kvæste og vilde leggja seg ned for lasset. Han hadde lege so lenge og rett seg under omnen no, at det aldri kunde skakka at han fekk ama seg so mykje. Men jau menn lyddest det so at det skakka han baade her og der, daa bestemori og dei andre kvinnfolki fekk sjaa det. Dei kunde kje ha skríke verre, um ein hadde køyrt stein med deim sjølve. Dei reiv køyregreidorne i fillor og hivde deim paa bekken, og lova tri slags ris med ein gong, naar mannfolki kom heim. –Dei hadde kje visst betre raad, gutarne, dei tok røming fraa heile staaket, og stod no her innanfor haugen. Det var best aa halda seg or vegen eit bíl, til det kunde gaa i gløyme.
Gutarne fer til fjords
 
.
Dei tenkte fyrst aa gaa upp aat urderne og sjaa etter bringebær; men so kom han GUNNAR paa noko betre. Dei skulde ned paa fjorden og fiska. Dei hadde lenge tenkt paa det, og nokre gonger bede foreldri um lov; men det hadde vore rake nei kvar gong. Det var so spelegt aa ro aaleine utpaa fjorden for deim, som var so smaa; det var so langt til sjøs, og allslag i vegen. Det hadde soleis aldri vorte noko av. Men no var dei so arge paa all denne griningi av dei vaksne, at dei brydde seg ikkje um kva dei sa. Det var snart ikkje raad aa snu seg, skulde ein fara etter deim og tru paa deim. Og fisk var der nok av i sjøen; han OLA hadde kome att med ei heil honk ein dag han hadde vore nedpaa fjorden eit bíl.
 
 
Han GUNNAR lurde seg heim etter eit par fiskekrokar og snøre som dei aatte, og so bar det i veg ned-etter. Det leid noko paa dagen, men var endaa god tid. Baat fekk dei høyra aa faa laant nedi Viki einkvar staden. Men dei vaaga ikkje aa gaa køyre-vegen ned-etter; dei kunde raaka einkvar. Dei fór ned skogen lenger ute, og fylgde ein bekk ned eit trongt djuv. Dei hadde aldri vaaga aa gaa der fyrr; dei hadde høyrt at der skulde vera skræmslor, og at havmennerne reid der um haustnæterne. Men i dag var der ikkje det slag fælslegt. Det stod smaabjørk og osp med fint gult lauv upp-etter bergi paa kvaar sida, og haslebuskar med neter i. Dei laut stansa og plukka. Og att-under berget stod bjørnebær-ris som svartna av bær, meir enn dei vann eta. Lenger nede var det tett oreskog, so dei laut mest smjuga seg fram. Det anga haustlegt av lauvet, som alt hadde dotte ned, og her og der stakk det upp gule smørblomar. Men dei var heller smaa og bleike no. Det var leidt, at det longo skulde vera haust og alt visna burt. Men so var det so gildt med allslag etandes um hausten; so dei vilde kje byta han burt med nokor onnor tid, kor som var. –Dei skar seg lange fiskestenger her, og tok alt til aa samla makk til agn.
 
 
Det laga seg straks med baat og, daa dei kom ned aat Viki. Dei fann jagtejollen hans VELOM nedmed strandi, og tok han uløyves; det tok slik tid aa gaa og be um aa faa laana han. So fekk dei auga paa nokre rare fiskegreidor som hekk og turka burt-i ein naustvegg tett med. Det var pilk og grind og langt snøre, heilt anna til greidor enn deira eigne. «Skal me ta deim og, til laans?» kviskra han GUNNAR. Dei visste det var vaagalt og fantelegt, men gjorde det til slutt, kor som var; dei vart meir og meir modige og morske, sidan dei ein gong hadde teke til aa fara uløyves. –Dei maatte kunna taka mest all den fisk dei vilde no, tykte dei, og var kje fri dei drøste um kva dei skulde bera fisken etter paa heimvegen.
 
 
–Det var underlegt aa glida ut-yver vatnet; det var so det kipte i deim. Men det, var blikande stilt, og baaten god, so det aldri kunde vera spelegt. Fjorden vart so breid, naar dei laag her og saag ut-yver, og det var so blaanande djupt og klaart i vatnet langs strenderne. Det voks som ein svær skog av tare og kraakeskjeljar ned-etter bergi; der laag krosstroll med fine líter, og manetor siglde att og fram, og fiskar smatt ut og inn i taren.
 
 
Dei fekk ut fiskegreidorne, og tok til aa meita best dei kunde. Fiskarne fekk straks auga paa pilken og agni, og tok til aa nasa burt mot deim –men so fekk dei med eitt ei fime-rid paa seg og svíga inn under taren som dei skulde vera brende. Soleis heldt dei paa dei tjuge gongerne, og kom aldri nærare; dei berre dirra og jorta med kjeften. So toskne fiskar hadde dei aldri sétt fyrr. Og rett store fiskehenkerne skulde det ikkje verta heller, um dei fekk nokre av desse. Dei var ikkje mykje tjukkare enn ein sleikefing, nokon av deim. PAAL og GUNNAR sputta sistpaa etter deim, og kalla deim kjering-iglar alle ihop. So rodde dei lenger utpaa og vilde freista etter den skikkelege storfisken.
 
Etter storfisken.
 
Midt utpaa breidaste viki la dei seg att og tok til aa meita med ny von. Dei kunde ikkje sjaa botn nokon stad no, so det maatte vera meir enn djupn nok aat storfisken. Men det var myrkare i vatnet her, so dei kunde ikkje so godt sjaa han. Dei tykte snart dei kjende napp og; men kvar gong dei drog inn, var det inkjevetta, eller i høgdi ein taredott. Storfisken var nok altfor mykje av same arti som smaafisken: han likte betre aa nasa enn aa bita.
Dei skifte stad gong paa gong, og han GUNNAR freista jamvel aa lokka han med litt trollkunst; han las eit par løyndarord og sa «derbe sulemimut», og plystra attaat, liksom han TORMOD den gongen han fanga ormen i Martaskjellaren. Men korkje det eine eller det andre hjelpte. –Ingen av dei nemnde fiskehenker lenger; berre ein skikkeleg fisk paa kvar vilde ha vore noko. Ja um det so hadde vore berre nokre av iglarne . . . Dei kasta sistpaa ut agn paa maafaa, og sat daudstilt og venta; men fiskarne skyna ingen verdsens ting endaa. Der var slutteleg ikkje anna fyre, dei fekk ro i land att med inkje, eller so ro radt utpaa opne fjorden og freista der. Dei tvo minste vilde helst i land no. Men GUNNAR og PAAL lova for det at fisken skulde upp til slutt, um han so taut og blés og var verre enn hund og bikkja. Dei stemnde utyver att, og tok alt til aa kjenna seg heilt sjø-vande.
 
 
Det stod ein iskald vindgust beint mot deim, og det tok til aa skvapla og sjøa litt, daa dei kom ut for nesodden paa vestsida av viki og hadde opne fjorden fyre seg. Soli stod laagt i vest. Det drog upp graae skybakkar kring henne, og heldt paa leggja seg ei graa dimma yver heile himmelen. Dei likte ikkje dette, nokon av deim; men ingen vilde vera ved at han var rædd, naar dei hadde vaaga seg so langt, og desse sjøarne var berre godvêrssjøar, lét han GUNNAR. So dreiv dei paa, utyver fraa alle nes.
 
Sjøormen.
 
–Dei var komne eit heilt stykke utpaa, og hadde ut fiskegreidorne att. Daa høyrde dei med eitt ei underleg fossing burtpaa sjøen millom baaten og land. Dei saag ein kvit skavl, og noko fælt svart, liksom helvti av eit hjul, som skaut upp or vatnet. Det rulla rundt nokre gonger og sokk so ned att. «Kva er det, kva er det?» ropte vesle ANDRES og KOLBEIN. Ingen kunde svara paa det. Dei hadde høyrt gjete kval og styrja og andre store fiskar, men aldri at dei rulla soleis. Det var likast til aa vera eit langt troll som laag i bugter . . . Dei var bleike av rædsla alle fire, hivde fiskegreidorne og tok til aa ro og røma paa berre livet utyver fjorden.
 
 
Vinden heldt paa og auka, so det var tungt aa ro, og dei var ikkje mykje hæve til aa ro heller. Det gleid endaa paa ein maate, so lenge dei hadde vinden beint imot. Verre vart det, daa dei skulde krøkja inn mot land og fekk han paa sida. Den vesle jollen vogga som dei skulde sitja i eit tróg. Dei tvo minste skreik og trudde dei kvelvde med ein gong. Dei laut snu baaten mot vinden att, snøggast dei vann.
 
 
Soli var nede no, og det hadde vorte so uhugleg graatt i graatt paa sjø og land. Det var ikkje baatar eller folk aa sjaa nokon stad. Dei kunde ikkje ein gong sjaa inn til gardarne; det store neset innmed Viki laag attfyre, og utanfor var det berre skog og utmark. Og sjøarne auka og auka; dei hadde snart nok med aa halda baaten rett mot vinden, og vaaga seg ikkje av flekken til nokon kant.
 
 
Dei hadde vore rædde fyrr, men ingen ting mot no. Dei kjende seg som tusund mil fraa folk ute paa ville havet. Dei tvo minste blaaheldt i keiparne og skreik og ropte i villa paa folk, og PAAL og GUNNAR hadde ingen ting aa trøsta korkje deim eller seg sjølve med. Det var ikkje lenge fyrr dei ropte og grét alle, og dei kom i hug kor godt dei no kunde havt det hadde dei lydt dei vaksne og ikkje vaaga seg paa fjorden aaleine. Men no var det for seint.
Daa høyrde dei det fossa, og saag det svarte hjulet att . . . det var kome heilt paa den andre sida av baaten no, og var mykje nærare enn fyrste gongen. «Det er sjøormen!» skreik han KOLBEIN yver seg, og ingen kunde segja at det ikkje var. Dei hadde etter kvart fenge sine eigne tankar um trollet, alle fire, men ikkje vaaga aa segja noko fyrr. Dei treiv til aararne og tok til aa ro undan inn mot land; denne nye faaren jaga burt ótten for tversjøarne og alt anna. Dei hadde for lenge sidan mist fiskestengerne paa sjøen, og no fór pilken og. Ingen hadde hugsa paa aa dra han inn, og so drog han ut yver æsingi med grind og snøre og heile greida, so ingen ansa paa det. Det vogga fælt, men ikkje meir enn at dei klara seg no, daa dei var nøydde til, og fyrr dei rett visste av det, var dei komne so nære land at dei fekk von. Daa fekk dei auga paa noko svart som gleid fram innmed bergi; det var ein baat med ein mann i. Dei sette i aa ropa. Han svara og kom burt til deim, og so var det han VELOM.
 
 
Velom
 
 
«Er det de, fantetravar!» spurde han; han var vond for dei hadde teke jollen, og lova deim varme ryggjer alle ihop. «Eg saag dykk fara ut um neset, og hev no lóte laana baat og leita etter dykk. De kunde snart ha kome ut i natti og kvitta dykk som blinde kvelpar alle saman, og so hadde eg fenge skuldi og skit-ordi, som slepte dykk av,» sa han. –Men daa han fekk vita kor ille dei hadde vore ut-i det, blidka han seg straks, og daa dei fortalde um det store sjøtrollet, log han. «Det er berre nisa som velter seg i sjøen soleis,» sa han. So grov dei seg som vaate høns yver i baaten hans; han tok jollen paa slæp og rodde inn-yver aat Viki med deim. Det var alt halvmyrkt daa dei kom der. Han VELOM lyfte deim i land, og baud seg endaa til aa fylgja deim heim, var so til dei fælte. Nei, dei skulde klara seg sjølv no. Dei takka for seg og gjekk.
 
 
Slik mann som han VELOM fanst ikkje, so mykje skyna dei no. Dei lova at dei aldri meir skulde læ aat honom eller herma etter honom, og endaa mindre taka jollen. Og det var ikkje sant at jagti hans var so fælt ring heller, lét han GUNNAR. Det var heller ei fin jagt. «Ho hev alltid nokre bøter i fokk og storsegl, og krampar i sidorne; men det er daa ikkje verre enn at ein mann gjeng med bøtt brok; han kann vera like god for det,» sa han, og det tykte dei alle.
–Det var kólmyrke kvelden daa dei kom upp skogen nedanfor garden. Dei høyrde steinulven guffa, og det tisla so underlegt i lauvet. Men det var som inkje mot det dei hadde vore ut-i; og ikkje meir brydde dei seg um at dei kom utan fisk. Dei var berre so sjæleglade at dei kom heim sjølve.
 
 
Det stod no berre att aa koma vel fraa det heime, so dei vaksne ikkje fekk noko aa segja. Dei smaug stilt inn bakdørerne. Daa høvde det seg so heppe at der var kome framandfolk til gards, tvo hestehandlarar. Det var ein av deim i kvaar stóva; alle drøste med deim, og hadde ikkje ansa paa at gutarne var ute so lenge. Dei slapp soleis for all spyrjing og fretting, og kraup berre i seng. Men endaa lenge etter dei hadde lagt seg, var det som dei laag og vogga upp og ned langt utpaa sjøen og saag store svarte hjul dansa for augo.
 

Ordforklaringar (frå Læsestykker ...) :
Gryla: skryla, («grynte»)
Bø: heimemark, gjorde.
Ram: sterk, strid, skarp.
Øyk: hest.
Kjaksa: smaahogga.
Orv: ljaa-skaft.
Var so: dersom.
Krèka: krjupa, krabba, kravla.
Hære-saald: saald til aa skilja halmrusket fraa kornet.
Vøla: fli, bøta paa.
Puffa: pusta, støyta ut (om røyk).
Rèka: driva, slenga.
Retta seg: strekkja seg.
Skakka: saka, skada.
Ama seg: umaka seg, taka i.
Lydast: høyrast.
Spelegt: vaagalt, faarlegt.
Honk (flt. henker): knippe.
Skræmslor: skræmelege ting, skrymt («spøgeri»).
Havmann: hav-vette, liksom havfru.
Kvaar: kvar (av tvo, av baae).
Longo: for lenge sidan, alt («allerede»).
Uløyves: utan lov.
Grind: tre-raama til aa vinda fiskesnøre eller lina paa.
Drøsa: prata.
Kipa: hoppa.
Lít: farge.
Meita («mede»): fiska med stong eller snøre.
Fíma: hasta, skunda seg.
Svíga: bøygja, bugta seg, svinga seg.
Jorta eller urta: tyggja («tygge drøv»).
Djupn: dypn («dybde».)
Løynd: løyndom («hemmelighed»).
Tjota (tyt –taut): tuta, pipa.
Skvapla: skvala, skóla («skvulpe»).
Dimma: hima («dunkelhed, disighed»).
Skavl: høg, kvass baara («styrtsjø»).
Auka eller aukast: («øges»).
Uhugleg: uhyggjeleg, fælt.
Blaahalda: meinhalda, halda av all magt.
ètte: ræddhug («frygt»).
Æsing: list paa innsida uppe mot bord-kanten paa ein baat.
Lóte, av ljota (lyt –laut): maatte.
Kvitta: gjera ende paa.
Kvelo: hundsunge («hvalp»).
Herma: apa etter, segja etter.
Bot: lapp.
Krampe: kjeng (av jarn, med krok i baae endar).
Steinulv: stunulv, bergul, hobror.
Guffa: gøy.
Tisla: tusla, kvisja («rasle»).
Heppe: lukkelegt («heldigt»).
 
 

Frå Læsestykker paa landsmaal ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Kristiania 1902. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad