Bestemor er slokna

(Lesestykke, 1907)

Av Rasmus Løland

    Det var mest som dei inkje kunde tru det i fyrste laget. Der stod bestemorstova som fyrr, og naar ein kom inn, stod krakkarne der, og bordet og omnen og sengi og alt saman som fyrr. Det var mest som ein maatte sjaa etter um ho inkje sat der sjølv og, i den gamle stolen attmed omnen. Men ho sat der inkje. Ho laag burti budi og var lik.

    Ho Lisbet burti stova, mor til Gunnar og Andres, og ho Marta burtantil andre garden, kom sidan um dagen og var med dei andre kvinnfolki og stelte med liket. Dei vaska det og hadde fine nye klæde paa det. Og dei drøste mykje, konorne, og gret ibland. Gutarne laut glytta inn rett som det var og, [sic] sjaa; men dei kom slett ikkje paa nokon graat no liksom den dagen presten tala med dei. Det var berre so fælt underlegt at det var ho bestemor som no laag der. Augo laag so djupt innsokne, og skallen hadde vorte so stor, og nasa var kvass som ein fuglenebb. Men so visste dei og at det inkje var ho bestemor retteleg, dette. Det var berre som ein ham etter henne. Ho sjølv, ho som hadde livt der burte. Dei hugsa det som presten hadde sagt, at ho snart kom til aa fara til himmerike, og no maatte ho vel alt vera der; lenger vegen kunde det vel ikkje vera. Og dei høyrde ho Marta segja det same. Ho hadde no livt so skikkeleg, bestemori, og vore so god med fatigfolket og fare so visleg aat baade med folk og med fe, so ho maatte no koma paa den gode staden, so sant nokon kom der, sa ho.

    Dei hadde ikkje kome seg til med noko-slag moro alle desse dagarne sidan presten var hjaa bestemori; men i kveld var dei uppi bakkarne med kjelkerne sine att og skreid eit bil. Det var plent som det var minder vondt og uhuglegt no daa ho var heilt burte, enn daa ho laag der so sjuk og anka seg. No hadde ho det daa ikkje vondt lenger.
    Det var blenkjande klaar og skir himmel um kvelden, og tett med stjernor. Dei sette seg til aa kvila paa kjelkarne sine uppaa eit bakkebrot eit bil og saag paa stjernehimmelen. Der stod Nordstjerna, og der stod Sjustjernorne og Vagnen som alltid. Der stod ein krins som saag ut som ein stor latinsk A, og der stod so mange hundrad andre krinsar; dei laga seg sistpaa til underlege andlit og dyr og bilæte, naar ein saag lenge paa dei. Vinterbrauti gjekk som ein bleik skimt av maaneskin gjenom stjernemengdi tvert yver heile kvelven, og langt nedmed fjelli i sud stod den stjerna som var større og blankare enn alle dei andre, næst etter kveldstjerna. Det skulde vera ei uhorveleg stor sol, sa han Paal, han hadde høyrt far sin segja det; ho var berre so endelaust langt ifraa, so ho vart liti for oss. Og like eins var det med alle dei tusund stjernorne paa himmelen, sa dei som visste det; det var altsaman soler som var saa umaateleg langt ifraa, mange tusund gonger lenger enn herifraa og til Amerika.
    «Du, det maa vera ljost og blankt der-ute, der som alle desse solerne er,» sa han Gunnar.
    «Ja ..; er det der himmerike er?» vaaga han vesle Andres seg til aa spyrja.
    Ja det var kje so godt aa segja, sa han Paal; men ein stad laut det daa vera, - kann henda det helst var uppyver den kvite vinterbrauti.
    «Ho kann vera som eit atterskin fraa sjølve det rette himmerike,» slo han Gunnar frampaa.
    Dei sat sistpaa og tagde alle fire. Ingen nemnde bestemori, men alle tenkte paa henne. Og det same kunde det vera og, um dei inkje visste noko meir um himmerike, naar dei berre viste h o var der.


Ham: skugge, bilæte

Frå Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen: Lesebok for folkeskulen. I. Landsmaalsutgaava. Kristiania: Jacob Dybwad 1907. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad