Gamle Lasse

(Forteljing, 1902)

Gamle Lasse
 
Av Bolette C. Pavels Larsen
 
Han gamle Lasse e sjau og aotteti aor, men han ha kje møsst ei einaste tonn. Og han e so lettliva og spraaktefudle so han skulde vore tjue.
 
Da kann rigna og da kann vera solskin - han gamle Lasse gjeng stødt dar innmed strondi um sumaren med stuttorven og slær. Me snakka jamt med han, naor me fære forbi; me sète oss dar paa steinadn attmed vegen og ha med oss lite tobak elde inkort. Han Lasse veit maonge hende ifrao gamadl tid, og so ha han slikt aoversle fint sognamaol.
 
"D'e dao rao te snakka me dikka," seie han Lasse; "eg kann dao førstao kaa De seie. Men her fære so mykje engelsmenn um dagadn, dei førstaor eg inkje da tære, kar."
 
"Aa - eg kunde tenkje gjedna du snakka med dei og, du Lasse."
 
"Eg kann no alltid seia "yes"og "no"; men du veit da verte kje nokon offentle samtale."
 
"Nai, da ska du fao meg te tru, Lasse. Me snakka morsmaole ditt, me, maota. - Ja, kaa seie du no, Lasse, e kje da glupt, at no skal bodni i skulen fao lesa landsmaole?"
 
"Eg veit inkje eg," seie han Lasse. "Eg tykkje dei kann ha sit eige maol, eg."
 
"Ja, men Lasse - d'e kje deira eige maol bodni ha lése i bøkedn - d'e danskamaole, da. Du vil dao sagta dei ska snakka norsk her i lande."
 
"Eg vil helste ha mit eige maol, eg," seie han Lasse. - - "Kaa tid reise De framum dao?" spør han.
 
Framum. Kaa slag e han meine?
 
"De ska no framum, veit eg?"
 
Framum? Me stire pao han.
 
"Ja," seie me, "me lyte no fram pao stødl ein gaong."
 
Ditta likte han, da saog me.
 
Men me ha kje hug te sleppa ditta maolprate.
 
"Høyr no, Lasse, da va ditta maole me skulde gjera ei greie um."
 
Me teke ei landsmaolsbok med ha me oss, og gje oss te lesa fyr han Lasse, so høgt og greidt so me e go te.
 
"Ja, datta e no rao te førstao, da; datta e no greidt maol, da, kar."
 
"Ja, no ser du. Og endao vil du at bodni ska danska?"
 
"Eg vil me ska bruka vaort eige maol, kar - - Men - De ska no framum, veit eg?"
 
"Berre inkje elvi teke oss," seie me. "Ho e so stride, dinna bræelvi."
 
"Ja," seier han Lasse, "han Sjur Kvitevodl fekk so veta, han, kar, ein gaong han rei øve hinna med ein grautambar dei skulde ha te daurs. Elvi tok ambaren, kar, og reiste med han. Siao kom da ein høyfarm roande, og dei fann atte graut-ambaren midt utpao fjoren, kar, og dei fekk seg daursmat; -grauten va lika heite, kar."
 
Og han Lasse lèr so han syne adle tennedn sine.
 
"Ja ja, so reise De framum, dao," seie han og etla seg lenger upp i bakken med stuttorven.
 
Men me vil ikkje at han Lasse ska ganga ifrao oss; d'e so fint te høyra pao sognamaole hass. Me lyte finna inkort pao, og so spør me um han ha sétt bjødn noko-tid.
 
"Bjødn! Eg! Eg ha skodt pao med dei ha leikt seg uppao bræen - burtum dassa gluvredn dar - dei ha spelt seg, kar, nett so du skulde sjao pao folk, kar. Og eg ha vore med flege bjødn mei'lde ein gaong - -" Og so seie han:
 
"Kaa tid reise De framum?"
 
"Nai, høyr no, Lasse, da va ditta maole -"
 
"Nei, vidle deg, lyte eg inkje sta sjao um løao, eg, kar."
 
"Løao stend dar ho stend, ho."
 
"Ja, da gjere ho nok, men eg ska sta sjao ette, um d'e noko i ho, kar."
 
Og han Lasse gjere ein sprett, plent pao lag so eit hadlingkast."
 
"Ja, du lika maole dao, Lasse?"
 
"Eg vil me ska snakka vaort eige maol, eg, kar."
 
Me kjeme inkje lenger med han Lasse i maolvegen. So mykje ha me dao fenge vissa fyr, lel, at han vil plent ha sitt eige maol, han Lasse og.
 
"Kaa tid reise De framum?"
 
Me snakka med han Per um ditta, kor da hadde seg, at han gamle Lasse jamt spurde um me skulde "framum".
 
"Jau," seie han Per, "da ska eg gje dikka greia pao. Han Lasse ha tvo kjyre pao stødl dar framme, og no ha han sagt med budeiao, at ho ska ha rømmakopp aot dikka."
 
Dao ein dag va han Per med oss framum. Han Lasse sto innmed strondi og slo. Trast han saog oss, ropte han:
 
"Ska De framum no dao?"
 
"Ja, Lasse, no ska med framum."
 
"Per! du veit um da, du Per!"
 
Me va kje fyr fram pao stødl komne, fyr budeiao so stidde kjydna hass Lassa treiv ette rømmakopp aot oss.
 
Og dao me fór heimatte køyrande, va han Lasse neaot vegen komen med stuttorven. Dao han fekk auga pao oss, ropte han:
 
"Ha De vore framum no dao?"
 
"Ja, Lasse, no ha me vore framum. Og no ska du ha takk fyr rømmakoppen."
 
Dao vart han Lasse so bli'e at me saog adle dei tvo og tredive tennedn hass.
 
Me stogga og vilde be han farvel. Me skulde reisa.
 
"De kjeme vel atte eit anna aor?"
 
"Ja, Lasse, da gjere me."
 
"D'e no rao te førstao dikka; ein kann dao snakke me dikka."
 
"Eg tenkje d'e gjedna fyr maole si skuld, koss som er, eg, Lasse, du ha gaove oss rømmakoppen?"
 
"Eg vil ha mitt eige maol, eg," seie han Lasse. -"Men da skulde vore moro te lært noko tysk, no so ein kunde budla med engelsmennedn."
 
I da same skaut dan store turistdampen. Da gjekk so ein toreslaatt kring dalen. Og han Lasse ropte:
 
"Dei gjere no vel irao seg, fyr dei reise. Men at da vart skradl ao, da e no fjedli vaore aa takka, da. Fjedlmaole verte no bsta maole, lel."
 

Frå Syn og Segn. Norsk tidsskrift utgjeve av Det Norske Samlaget. Aattande aargangen. Kristiania 1902. Side 260-263. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad