Da ska bli krig no

(Soge, 1895)

Av Bolette C. Pavels Larsen

Han Trond aa kjeringi has sat aa skaadde utøve sjøen. Han sat pao hoggestabben, aa ho sat pao hedlao framføre stovedørstokken.
      »Du Randi,« sa han Trond, han velte tobakstuggao frao dan eine kjaken bort i hin, − »du Randi, ha du lagt merkje te noki skjep − plent so' smaoe dampa − so' fære aa domla her imødlo holmadn om dagadn?«
      »Sei da dao, eg ha fudla da, meine eg! gu veit da, kaa d' e dei arbeia me'?«
      »Jau, da ska eg seia deg. D' e løgna greie, da. Eg spurde da i byn igjaorkveld. − Da ska bli krig no, mor! Dei laga seg te − ska skjota; her ska verta skradl imødlo holmadn.«
      »Du lyge, veit eg! gu trøste aa gu bere os dao!«
      »Jau, no kjeme fienden me' kongen, aa no ska da smedla laust, seie dei.«
      »Aa jøje meg! − D' e sveinskadn dao atte, spaor eg? D' e noke te ufredele folkaslag dessa sveinskadn. Gamla mor mi kan hugsa sista take, ha ho førtalt, me hadde me' sveinsken.«
      »Da va pao Austlande dan ti − da gjore kje oss noke. Men no ska dei koma siglande, seie dei, aa her yste me' Gulen ha dei set seg ut plass te liggja dult me' skjepi sine. Da kjeme fudla te røina oss dinna vendao.«
      »Men d' e dao før mykje gale, atte inkje nokon ska kunna førbjoa dei te fara her aa leita seg plass. Me hev dao ein konge, me ogso, veit eg?«
      »Du snakka so' du ha vete te! Du ha dao sagta haurt gjete, atte dei gamle norske kongadn e dø lengje siao?«
      »Ja − men va da kje so, me fekk ein fremmande atte, inkorleis?«
      »Da ha kje eg greia pao; − eg veit berre da, atte her bur inkje noken konge her i lande − − Sjao ette grisen − han e komen i pottet-aokeren!«
      »Han kan gjedna æt' op pottetedn, grisen no, − naor sveinsken teke dei kos som er − − «
      Men ho Randi laut sta jaga grisen lel − da va før mykje ilt te sjao pao, atte han skulde rota i beste aokeren.
      »Du kjering,« tok han Trond te atte, dao ho Randi kom hitaot aa vilde rutla in i stova − »du lyte følja meg te byn i maaro aa selja kveitao − «
      »Eg − følja? − Ha du gløimt, atte eg ska sta me' stuttorven borti skoradn i maaro − − «
      »Høir no − « han Trond saog attom seg; dar va gjedna nokon so nimma, atte dei kunde lya − »du veit, d' e kje te lita pao bankadn i krigstefedle; me lyt sta ta ut pengadn vaore − «
      »Jøsses, du seie noke, Trond! − Men korleis ska me fara aot?«
      »Jau − Norges bank e pligtige te gje os gudlpenga pao kvar dan setedl; − papirpengadn, dei rotna, aa sølve e kje gagn i − «
      »E kje da gagn i sølve helde no − gu trøste meg − «
      »Du høire, kaa eg seie, veit eg! Me ska sta fao gudlpenga i Norges bank − da besta e dao godt nok; − d' e rao te gjøima dei − «
       »Men du mao dao tenkja, dei e sluare elde so; − dei læte seg inkje lura, dei karadn − lita pao da − «
      »Me ska sjao, kem so' vinne; − eg ska prøva syna dei, kaa da staor skreve pao setladn, eg − eg kan baade stava aa leggja ihop − − «
* * *
      Da va te seia mørka natti, dao han Trond aa kjeringi ga seg i veg.
      Dei hadde eit heilt stykkje te sigla, før dei naadde dampen; endao laut dei gao fira tima dar pao dekke aa dra seg, før dei kom te byn.
      Kveitao sellde dei meste trast; krinsa siao kringo dan banken, dar pengadn deira va insette − da va noko te æva da tok, te lata han op − bytte augnakast, dao dei treiv ette ein rudl me' setla, so' ein utao bank-karadn flidde dei; da hadde kome føre han Trond, maota, dao, me' da same dei gjekk in, atte kansje banken kunde vilja negta te betala pengadn ut. I slike tefedle so' krig, va dei sagta gla dei tok pengadn inkorstadn, bankadn ogso, da va kje greitt før dei helde − −
      Aa tusan krone − da va noke so' da va respekt me' − −
      Han Trond gjøimde setladn væl − aa da va me' nøne han torde dra pusten, dao han trødde gatesteinadn beinaste vegen − te Norges bank.
      Ho Randi steig varsamt atti hæladn pao han; ho laut gjæta han likaso − dar kunde koma inkon kjøirande aa skamfæra han − aa dao laut ho vera pao staen aa førvara setladn, maota − −
      Undrast pao, korleis da ska gao no; − d' e dao meste inkje tenkjele, atte noken ska vilja gje dei gudlpenga − reina gudle − − − −
      Da pikka hart i bringao hinna Randi, dao dei hadde vunne seg opføre dan høga steintroppi inne i Norges bank. Da va plent so' dei va in i ei bergskora komne, tøkte ho; let dei op kjeften, va da ein ljom so' inkort ilt.
      Aa jøsses − kor fint aa gromt dar va inne! Aa jau, da va likt te, dei hadde unaape me' gudl dar; heile lemmen opøve − aa veggjedn attaot − va te seia smorde me' ljøsa gudle − −
      Han Trond smeit søvesten ifrao seg pao golve aa ga seg inaot − ho Randi bakette − −
      Da kom ein kar bortaot skraonken aa saog pao dei.
      So' lukkao va kom da inkje fleire in nett dao, so han Trond kunde gje seg tie. Han hadde fudla gjøimt setladn væl. Han fomla lengje, laut løisa pao blaotrøiao aa spøtatrøiao, − men pao resten va han no go te fao neven so laongt in, atte han fata pengarudl'n − −
      Han vilde ha gudl pao dissa setladn, sa han. Aa han va kje nett naadige te sjao te, han Trond, dao − −
      »Kor maonge penga e da?« spurde bank-karen.
      »Tusan krone.«
      » Ve du ha gudl før adle tusan kronedn?«
      »Ja, d' e meiningi.«
      »Ska du reisa te Amerika, kansje?
      »Nai, d' e kje nett meiningi da, helde.«
      »Kaa ska du dao me' so mykje gudlpenga?«
      Ho Randi fekk so' ein støkk i seg, dar ho sat; ho hadde finge seg ein sess, maota, va trøitt'e, hadde huga kvila; − jau, no bar da gjedna so te, atte dei inkje fekk gudl kos som er!
      »Eg ska ha gudl pao dissa setladn,« − han Trond ga seg inkje.
      »Ska du ha pengadn heim 'me deg?«
      »Ja, d' e meiningi, da. Eg ha nett teke dei utor banken pao dan maoten.«
      »D' e no vel alder krig du e rædde føre?«
      Ho Randi drog seg framaot. Han tok te folkast no, danna karen, tøkte ho; da va beste te go-snakka me' han, so kansje han let dei fao gudle lel. Trond va jamt sa hastige −
      »Aa ja, d' e kje godt te veta, far, i dissa tie,« sa ho Randi; »dei prata so ømse. − Aa me ser meir elde nokon trur, me so' bur so laongt utme' have − «
      »Ja, men de lyte kje tenkja slikt; d' e kje noken fiende du ser, d' e berre vaore eigne, so' ska prøva setja lande i stand; − d' e plent so' naor du vøle grindadn dine − «
      Ho Randi laut dra pao smilen, men ho let seg inkje narra, dan ruggao; ho riste pao hove:
      »Aa gu trøste os, før ei vøling!"
      »Du mao dao betenkja, atte du møsse rentedn dine, naor du teke pengadn or banken;" − bank-karen saog pao han Trond.
      »Da faor vaoga seg.«
      »Aa trur du ikkje, atte fienden − kvis atte da kom noken fiende − kunde leita gudlpengadn dine op dar heime ogsaa; du e kje go te gjøima dei so væl, atte inkje noken faor tak i dei − «
      »Da faor vaoga seg, da.«
      »Da kan vera tjua dar ute hjao dikka − «
      »Da faor vaoga seg.«
      Ho Randi aa han Trond sto dørgande stidle, meao karen tok setladn deira aa gjekk sta te ein annen kar. Aa ei stund bakette laog da ein donge me' blaonkt gudl framføre dei. Han Trond plukka da ne' i fikkedn sine; han va kje go te telja so snøggt, han, sa han, men han leit pao, han vart inkje bedregen.
      Han hadde kje bo suta før da, meinte bank-karen.
      Dao dei tvo va ut pao gatao komne, sneik dei seg nett so snaatne hunda ne' pao bryggjao; dei laut skunda seg nao dampen. Ei heile stund sa dei alder eit or te korandre. Men restpao vart ho Randi lei ao aa tiga.
      »Han hadde kje huga ut me' gudle,« kviskra ho − inkon kunde høira dei −»da blei kje krig, sa han.«
      Ho vilde høira, kaa han Trond sa, − ho tok te ottast, atte han aongra pao dinna reisi. Rentedn, maota − aa vart da no inkje krig av − −
      »Han laut inkort seia,« ga han Trond te svar. »Men jagu va han nøidde te gje seg, karen.«
      Seint om senn, dao dei va so laongt komne, atte dei saog heim te seg, fekk dei auga pao ein krudl me' fremmande kara, so' stukte me' inkort utpao dei yste holmadn.
      Dao sputta han Trond i sjøen aa saog snedde aa kvasst bortpao kjeringi si. Aa ho tøkte, da va ein kløktige kadl ho hadde − −
* * *
      Om kvelden, naor ongadn va ne-lagde, sat han Trond aa kjeringi aa skulde telja gudle. Smikkao va før døri sett aa eit gamalt hæraplagg før glase hengt.
      »D' e kje godt te ha meira i dinna veri enn adle kan veta om,« sa ho Randi. »E da kje plent hoggande so' me va tjua, me sete her − − «
      »K' e du vasa ette − − ta hit ein sokkafot«
      − Tvo vende ha dei bore sokkafoten − me' gudle ne'i − or uri, dar dei hadde greve han ne', aa inatte i kistao. Tvo vende ha dei bore gudle or kistao aa bort i uri atte, aa tvo vende or uri aa bortunde dan store steinen framme' pottetaokeren aa tebakers i uri atte − −
      Ho Randi drøime so ilt om nætt'n.
      Vissao naor dei høire dun ao sjøen aa ha set ljøsblink om kveldadn ao dampadn, so' donka førbi utme' have.
      Dao drøime dei so ilt om nætt'n.
 

Frå Syn og Segn 1894−95. Elektronisk utgåve 2001 vedJon Grepstad