Brorsfolk

(Forteljing, 1896)

Av Bolette C. Pavels Larsen
 
Eit par løgne gamle egtafolk budde før lengje siao pao en liten gar inne i Sogn.
 
Kadl eitte Hans. Han va stutte, turre aa skrene. Naor han gjekk dar kroken ne-unde aokradn aa tutla, me' ei store bot bak pao den sia broki, me' randete undetrøia, raue spøtahua, aa dei laonge, graoe haordottadn, so' rokk ratt ne pao oksli, - saog han ut so ein ørliten nisse.
 
Kjeringi va kraonke, gjekk me' stav. Ho sat oftaste me' staaveglase aa putla me' inkort lite aa skaadde utøve fjoren.
 
Dei va berre tvo aleina. Han Hans aa ei jenta dei leigde, styrde dan vetla jori deira. Ein son hadde dei hatt; men han va so idla faren, atte han laut dansa bekhætta, aa siao dan dagen saog dei han alder meira. Folk sa, atte han va reiste i fremmande krigstenest. Dar gjekk ogso da ore i bygdi, atte da va tjue aor siao han Hans aa kjeringi hadde vore utom grindi si. Men folki seie so mykje, d'e kje te høyra ette alt.
 
Han vilde no gjedna veta nytt, han Hans ogso; men alder eit menenskje saog inom døri te han. No va da so laga, likavel, atte bygdavegen gjekk beint ne-unde husi, aa naor han Hans hadde stunde, sto han dar  ne-i vegen aa ga seg i prat me' folk so' fór forbi.
 
* * *
 
Ein fine solskins somersdag sto han Hans aa ein annen kar dar neaoføre staavao has.
 
Beste dissa karadn staor dar aa snakka, høire dei ein undale, blaosande dun, ifrao fjoren likaso, fjoren, so' ligge speglande blaonke framføre dei.
 
Dei stire te dan kanten dar larmen kjeme ifrao, aa faor auga pao noko ofsale stort rykande, eit svart aa rautt trodl, so' pusta aa bere seg, donka aa spruta aa braata - - da kjeme nærare aa nærare - - da sige inpao dei, da ser fælsle ut - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - D'e fyste gaongen dei høga Sognafjedli lyte gje ljom ette stempelslagi av ei dampmaskjina, fyste gaongen eit eimskip sete fura i Sognafjoren sit blaoa djup - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
 
Augedn verte stive i han Hans, han stogga midt i ore, han staor me' gapande munn, han snur seg imot glase, dar dan kraonka kjeringi sete, nevadn i hopa aa ropa utao adle si magt:
 
"Aa, gu trøste aa gu hjelpe os, - dar kjemesveinsken!"
 

Frå Syn og Segn. Det Norske Samlaget. 1896. Side 283-284. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad