Vegen heim frå Sarajevo

(Barnebok, 2009, utdrag)

Her og no
 
Eg vil ikkje snakke om det.
    Eg har reist til ein annan by, eit anna land. Sette meg på eit fly. Vekk frå alt. Berre nokre få snakkar engelsk her, og eg er ikkje stø i andre framandspråk.
    Ingen spør meg om noko. Om eg var heime, ville ingen ha spurt meg om noko der heller. Eg har ikkje fortalt det til ei levande sjel.
    Mobilen er avslått. Eg slo han av før flyet tok av frå flyplassen i går. Sidan har eg ikkje hatt han på. Eg vil vere i fred.
 
 
 
Kvifor eg reiste hit
 
Eg reiste hit fordi det var det eg ville akkurat då. Eg gjekk inn på nettet og leita etter billettar med det same eg vakna om morgonen. Eg tenkte: Eg må vekk. Eg laga meg kaffi. Eg tenkte: Eg tar det første flyet herifrå. Men til overkomeleg pris. Litt vett i skallen har eg jo.
    Eg la igjen ein lapp til mor mi. Eg skreiv at ho ikkje skulle engste seg, eg stakk ikkje av, eg ville kome tilbake.
    Flyet gjekk om føremiddagen. Eg måtte skifte fly. Greitt nok. - Det er heilt elendige landingsforhold her, sa han som sat ved sida av meg på flyet då vi gjekk inn for landing. Eg kunne ikkje ha brydd meg mindre. Under meg var det fjell og åssider.
    På veg frå flyplassen inn til byen såg eg bygningar med kulehol. Somme tok bilete av øydelagde hus gjennom bussvindauget. Eg har ikkje med fotoapparat. Kvifor skulle eg det? Minnet mitt er altfor effektivt som det er. Eg har pakka ein liten sekk. Berre det mest nødvendige. Og kva treng eg?
 
Eg har med bankkortet. Eg er ikkje noko barn heller. 
 
___________________________________________________________________________________________
 
Frå Rønnaug Kleiva: Vegen heim frå Sarajevo. Samlaget 2009. Side 7-8.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
____________________________________________________________________________________________