Kvinner med fingermanualar

(Høyrespel, 2001, utdrag)

SCENE I
 
På ein sti
Lett gangrute før oppstiging
ikkje klatring
 
CECILIE
Der
Der oppe
Der skal vi sove i natt
 
DEA
Før det må vi nok klatre nokre timar
 
ANNA
Sove i frisk luft
Deilig
 
CECILIE
Trur de vi kjem til å få sove
Når det er så luftig
 
DEA
Eg søv uansett om alt rasar rundt meg
 
ANNA
Eg gler meg til vi er oppkomne og har  
 
DEA
For meg er sjølve klatringa det viktigaste
 
ANNA
greidd det
Såpass lyt eg innrømme

 

DEA
Når ein heng der og tenkjer berre på det ein skal
gjere
Neste tak
Neste operasjon
Konsentrasjonen
 
ANNA
Konsekvensane
Eg tenkjer alltid på konsekvensane
 
DEA
Det er jo ikkje unyttig elles i livet heller
Men det viktigaste er å behalde roa
Same kva som hender
 
CECILIE
Grunnregel 1
Behald roa
Ikkje få panikk
I det du fell med hovudet først
Behald roa
 
DEA
Det er jo viktig
 
CECILIE
Eg berre fleipa
Unnskyld
 
ANNA
Skal vi ikkje ta eit bilete før vi startar skikkeleg
 
CECILIE
Jo
 
ANNA
På med hjelmane
Alltid hjelm under klatring
 
CECILIE
Stilig
 
ANNA
No blir biletet tatt om
 
DEA
Får du med både oss og fjellveggen
 
ANNA
Ja ja
Tre sekund
Smil
No
 
DEA
Ta eit til for sikkerheits skuld
 
ANNA
Gå nærare kvarandre
Stå slik at ryggsekkane med alt utstyret viser
Halvprofil
Rett ryggane
 
CECILIE
Dette blir det stil over
 
 
____________________________________________________________________________________________
 
Frå Rønnaug Kleiva: Kvinner med fingermanualar.Samlaget 2001. Side 9-11.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
____________________________________________________________________________________________