Ikkje gløym å klappe katten

(Barnebok, 1998, utdrag)

Anna sit i trappa og klappar katten.
- Kom og sjå, ropar pappa,
- du har fått ei ny søster.
Tenkte ho det ikkje!
- Er ho ikkje fin? seier han.
- Joda, seier Anna. - Men
kattungane du drap sist
veke var finare.
- Vi kan ikkje ha kattungar i det endelause, seier pappa.
Så tek han ein telefon.
 
Folk kjem på besøk og ser på
babyen. Gull, røykjels, myrra gir
dei den.
- Det er ein nydeleg baby, seier
Anna, - men det er sikkert nokon
som kunne trenge ein baby
meir enn oss.
 
___________________________________________________________________________________________
 
Frå Rønnaug Kleiva: Ikkje gløym å klappe katten. Samlaget 1998. Side 1.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
____________________________________________________________________________________________