Ein Gang paa ein Vettradag

(Forteljing, 1870)

Av ls. [Lars Holst]

Det var ein Julahelg paa Austlandet. Snjoen laag nokre Fot høg; men det hadde voret Lyveder i nokre Dagar med hardt Frost attpaa, og no laag det ein tjukk Skare, so ein kunde trygt ganga kvar ein vilde.

Flestalle, som i Barnsdomen hava ferdast ute i slikt Føre, vilja minnast kor glade dei sprungo i Kring paa dan trauste Skaren og med Glederop sette i fullt Renn yver djupa Veitor og høge Gjerde, som no berre synte seg som smaa Dælder og Høgder. Jamvel som vaksen Mann kjenner ein nokot av det same, naar ein fer fram etter den kvite, faste Snjoflata; - kor som er var det no so med meg, daa eg paa Morgonsida den nemnde Helgi i bjart Solskin med Stav i Handi skreid burt etter Markjerna. Mest utan at vita av det sprang eg med trappande Stig frametter eit Stykke, - inkje fyre di eg vilde røyna kor traust Skaren var, for det visste eg, men berre av ei barnsleg Lyst, som atter vaktest hjaa meg. Den litle Hunden min, som fylgde med, syntest vera teken av same Hugen, og jamvel endaa meir en eg sjølv var; for medan eg snart atter gjekk i Make, heldt han lenge paa med at fara som vitlaus aat alla Sidor burt etter Markjerna og gøya affalege.

Lufti var rein og god; det kunde vera umkring eit Par Grader Kulde i Soli; dertil var det stilt Veder, so at Røyken steig beint upp til Himmels fraa Husi paa Garden, som laag paa høgre Sida upp aa Bakken.

Det var ikkje berre eg, som hadde vordet lokkad ut av den fine Dagen. Ned etter den same Bakken, paa ein Stad, der det var nokot bratt, foor det i fljugande Tan den eine Kjelken etter den andre med huande Born paa. Der var ogso vaksne med, baade Gutar og Gjentor; dei hadde fenget seg eit Par Langsledar, og paa kvar av deim sat det ei aatta tie Stykke samantrengde. Nedetter gjekk det, so Snjoen stod som ei Sky framfyre Føterne paa Styremannen. Av di at Marki var helder ujamn med Tuvor vordo Sledarne i det fljugande Renslet ofta flengde høgt upp fraa Marki, og daa vardt det alltid kvasse Skrik av Gjentom og kaate "Hei"-Rop av Gutom. Naar det ender og daa leet eit sterkt, samrøystat Rop med ein Skrellelaatt attpaa, daa var det jamt ein Slede elder ein Kjelke, som hadde voltet, so at heile Bølet laag i ei Røra i Snjoen; naar so Sleden stundom kom paa rett Kjøl atter, so gjorde han paa eigi Hand nokre ville Sprang ut fyre Bakken og vardt kann henda fylgt eit Stykke paa Vegen av ein liten Stakkar av ein Gutunge, som valt i Koll nedetter.

Som eg reikade lenger fram etter Dalen, kvarv Ljomen av det kaate Staalet smaatt um Senn burt i Viddi. Og tok daa Vegen til ein stor Granskog, som fyllte heile Dalen ein god Fjordung frametter. Endaa meir en eg fyrr hadde voret lokkad av den glitrande Snjoflata, vardt eg det no av den myrke Skogen, og snart stod eg i den dimme Skuggen av Treom. Berre paa einstake Stader attved Skogar-Tromen, der det var helder glennut og opet, kunde den laage Soli senda sine Straalar millom Treom ned paa Snjoen. Skogen var no lettgjengd og trygg paa alla Sidor; men paa andre Tider var det litet framkjømt fyre Dike og Myrar. I Skogom er det jamt so, at Skaren er veikare en pa Slettom; men no hadde det voret slikt hardt Frost, at Skaren ogso laag trygg imillom Treom. Berre sume Gonger, naar eg kom for nær aat ei Granbuska, gjekk eg igjenom og sokk daa helder djupt nedi.

Det var stilt i Skogen; men her og kvar saag eg likavel Merke etter Liv. Paa ein Stad vardt eg var det sermerkte Faret etter den hoppande Haren; det krossade Vegen min elder gjekk i Ring um eit Tre attved. Paa ein annan Stad var der lange, fine Render med krosslike Far, som synte, at ein Fugl hadde hoppat burt etter Snjoen, daa han endaa var mindre hard. Braadt flydde det ein stor Fugl flaksande burt fraa eit Tre i Nærleiken. Greini, som han hadde setet paa, røyvde seg so sterkt, at Snjoen rapade av og fall ruskande ned imillom Greinom, i di han tildeils vardt til fin Mjell. So vardt alt stilt atter.

Daa eg hadde gjenget ein halv Time paa Lag, var eg fyrst rett komen inn i tjukke Skogen, der det sjeldan fredast nokon Mann. Storslegne, skjeggutte Graner stodo her tett saman og fløkte i Hop dei tungt lutande Greinerna, og ofta laut eg sjølv luta meg ned og smjuga innunder til at vinna fram. Her var det ikkje greidt at halda rette Leidi. Dei digre Trei, som stodo attaatt kvarandre, gjorde det reint dimt herinne, og daa eg stadnade og saag i Kring meg inn i den døkke Skogen, dei faae Stig, som Syni kunde naa, so kjende eg, at denne Stilla og dette Einværet vordo mest kjøvande.

Sidan eg gjekk inn i Skogen hadde eg ikkje seet den litle Hunden min, og so hadde eg reint gløymt honom. Men no foor han braadlegt med ei kaat Gøying ut imillom Treom og framum meg og so lenger inn i tjukke Skogen. Kor myket dette Einværet hadde lagt seg inn paa meg, merkade eg fyrst no, daa eg kvakk ved den uventade Uppskræmingi. Men so vardt eg radt harm fyre di eg hadde teket Fæla, og sende det vreide Ropet: "Ditt stygge Troll", etter Hunden. Snart høyrde eg kor det ljomade i Skogen etter den kvasse Gøyingi. Det var greidt, at han hadde funnet eitkvart livande. Det synte seg og, at det var eit uppskræmt og fint litet Ikorn, som stod uppe i ei stor Gran og slo med dei smaae Føterne og klaksade paa sin sermerkte Maate, medan Hunden asade nedunder.

Skogen tok no til at skifta Bragd, med di at det her og kvar imillom Granom synte seg eit Lauvtre med fine nakne Greiner. Grunnen vardt nokot meir høglendt, og snart kom eg til ein liten einstak Aas, som var tettvaksen med ein tjukk Skog av Lauvtre, Bjørk og Raun. Her var det ikkje stilt lenger, men eit heilt kvikt Liv, for ei Trasteferd paa nokre hundrad Stykke hadde sleget seg ned her. Dei foro flagsande og pistrande att og fram imillom Treom. Nokre Skogskjorer hadde gjort Lag med deim og just som dei vordo meg var, breidde dei ut sine fagre blaaprydde Vengjer og flydde lenger inn i Skogen. Hine Fuglarne letost som inkje var, og nokre smaae Dompaper synte meg det raude Brjostet deita myket nær, i di dei trunadsfulle hoppade paa Greinom tett attved meg. Daa Aaasen laag høgre en Granskogen, steig eg upp aa honom til at faa sjaa ut yver Tretopparne, og snart saag eg heile Flata liggjande framfyre meg med alle dei Tusund av grøne og snjotakte Tindar, ljosleitte og solgylte mot Nord, - myrke og avsølte mot Gud. Men Syni naadde herifraa lenger en yver Skogen, burt aat Bakken, dar endaa Kjelkarne foro lystelege nedetter, og sud i heilt aat Havet, som langt burte glitrade i Soli.

Uppe fraa Aasen kunde eg sjaa, at dat no ikkje var so langt atter til synste Enden paa Skogen, og det var meg inkje imot, for eg hadde no reikad der ein Time, og min Hug paa at njota Finværet i Skogen var vorden fullnøgd, - i alle Tilfelle for ei Stund frametter. Eg foor daa snøgt ned etter Aasen, i di eg ymist sprang elder skridde, og gjekk sidan frametter. Det var ikkje lenge, fyrr eg saag Far etter Folk. Det hadde nyst voret Vidhoggarar her; digre Stuvar etter nyhogne Tre stodo upp or Snjoen, som var nedtrakkad rundt ikring; friska Greiner og Toppar laago straadde ikring, og djupe Sledefar bugtade seg burtetter imillom Treom. Daa høyrde eg Barnarøyster i Nærleiken og snare Øksarhogg, og ei Stund deretter saag eg tvo raudleitte Smaagutar, som vaaro myket annsame med at lada Vid paa ein Kjelke, i di ein tridje Gut, som var den eldste og kunde vera ei aatta nie Aar gamall, med sine Hogg kvistade dei største Greinerna. So visst som han var med at føra den tunge Øksi var det sjaaande til, at det ikkje var fyrste Gongen han brukade henne. Den uventade Syni av ein "konsjonert" Mann, som kom innan or Skogen, fekk deim alle tri til at stadna med Arbeidet og bisna paa meg med store Augo, og soleides vordo dei standande so lenge me kunde sjaa kvarandre.

No vardt det kvart etter kvart større Glennor i Skogen, og paa sume Stader sende Soli atter langa Ljosrender inn imillom Treom, som difyre framfyre meg stodo dess myrkare upp imot Himmelen. Men snart var det ikkje fleire Tre framfyre meg, - alle stodo i Bakgrunnen; eg var no komen ut paa Storvegen, og det laag framfyre meg eit langt, glitrande Hall, som gjekk ned aat Fjorden.

Fjorden laag med spegelblank Is. Tvo Sledar foro attved kvarandre frametter i eit ofsa Renn; dei klaare, linne Tonerna av dei store einkle Dombjellor, som dei bruka so smyket der aust, vordo borne upp til meg, og deira sorgblide Klang synest litet at svara til den fredsame Ro, som laag yver det bjarte Landslaget, - og likavel leet det so fagert. Men snart høyrde eg ogso Bjelleklang fraa ei onnor Sida, og denne lydde lystelegare.

Det nærrade seg meir og meir ei upprørd Blanding av mange Tonar. Ei lang Sledeferd kom imot meg, imillom deim ogso eit Par ovstore Sluffar, fullladde med Herrar og Damer, som med sin Laatt og sine lystelege Rop til kvarandre vaaro høyrande paa lang Leid. Det var eit Lag ifraa Byen, som var ute paa ei Køyreferd. Dei foro framum meg i fljugande Tan og vaaro snart langt av Vegen atter; men lenge lydde dei burtkvervande Bjelletonar.

Eg gjekk no snøgt heimetter. Daa eg atter stod paa den gamle Troppi og fyrr eg gjekk inn skodade ut yver Landskapet og leet Tankarne atter ferdast etter Vegen, som eg hadde gjenget, daa hadde eg ei sterk kjensla av, kor fager Vettradagen kann vera, og at Vetteren ikkje berre er ei Tid fyre det huslege Hygget attved den sprakande Omnen, men ogso i fullt Maal kann giva Gleda i Naturi.


Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. II. Bjørgvin: Hjaa Edv. B. Giertsen 1870. Side 46-54. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad