Ein skuledag i gamle dagar

(Lesestykke, 1920)

Av Hallvard Bergh

Lat oss no aller-snøggast sjå inni ei skulestova ifrå slutten av 18de hundradåret. Ei 30–35 born hev rada seg kringum det lange bordet, gjentone i benken og gutane på bordkrakken, nokre heng uppi sengi og dinglar med føtene, nokre av dei minste hev vagla seg på slagbenk-loket, nokre sit her, andre kvar det råkar; alle kappast um å lesa fortast, og dei skrik so fælt at det er uråd å høyra manns mål i stova. Skulemeisteren driv att og fram på golvet, svallar no eit ord med sjølvmannen, som står burtved stabben og telgjer på eit grevskaft; no talar han med kvinnfolki og ungane, som tullar fram ved peisen, no driv han burt yver til skuleungane att. Ser han noko som han ikkje likar, so glytter han upp til han meister Eirik, som ligg og breider seg so vid der uppå skåptaket. Med' han held på og svallar med kjerringi i huset, um ei høna som hev dotte av ned i ei logbytta – eit vondt teikn – , sluttar ein gut med lesingi og vil til å gjeva sidemannen sin ei spretteklypa på nasen. Dette ser dei andre, og skjer i med ein skrellelått. »De, dykkar trollskap de er, vil de kje lesa, de!« skrik skulelæraren, og kjem sendande, tek guten i luggen og riv upp-etter og ned-etter, so hårdottane fyk. Alle les so det durar.
       Ein lang ein som sit fremst på bordkrakken og hakkar i katekisma, synest vel det fell tungt å lesa so fort som dei andre; i staden for å halda seg til det som står, skrik han so høgt og so fort han er god til: »Ko seie du, ko sa du, ko seie du, ko sa du!« Rett som det er, stanar alle dei andre med ein gong og høyrer på han, so lesingi høyrest lydt yver heile stova: »Ko seie du, ko sa du!« 
       »Jau det skal eg fortelja deg, det!« ropar skulemeisteren og gjev han eit nakkedrag so huvudet hans klakkar til skåpet. So skal han til å bli yverhøyrd.
       »Du – skå – al – ik – ke – sjæ – sjæle,« stamar guten. »Synest du du kann leksa di?« spør skulemeisteren. »Vil du svara meg på ein ting, Ola: kor lenge hev du meint deg til å vera heidning, du då? – Du lyt ta uppatt leksa.« No går skulemeisteren og sviv att og fram på golvet ei rid, set seg burtåt peisen til å verma føtene sine og mala seg ei god klypa snus. Att imillom glytter han burtåt bordet, um lesingi går godt.
       Rett som det er, renn tvo lange gutar i luggen på kvarandre, ein krøkjer seg under bordet, ein bit sidemannen sin i øyrne-stolen, ei tri-fire sit og geipar det styggaste dei er gode for. Kvernhuslesingi stanar, nokre skrellelær, dei andre kvin og kvinkar. No lyt landvernet ned frå skåptaket og gjera god tenesta. Um 2 langvisartimar les heile hergi att so det flyg toppar i øyro på dei som inne er. Skulemeisteren trunar i høgsætet, han meister Eirik ligg frammed han. Ein stor massing-snusdåse står på bordet.
       No tek skulemeisteren til å høyra ei gjenta som les i vangiljeboki um Herodes den store. Då ho hev stauka seg igjenom leksa si, segjer han: »No ungar, kann de slutta med lesnaden ei stund og høyra på meg. Me skal ha ut-tyding, skynar de.« Gutane stikk bøkene sine upp-under vesten, gjentone gøymer sine i barmen. Skulemeisteren skuvar glas-augo uppå skallen, sviv at og fram på golvet og hostar og kremtar. Til slutt tek han soleis til ords:
       »Kordan mann var han, den Herodes'en? Han var – han var ein –?«
       »Ein svenske,« segjer ein gut.
       »Nei,« svarar læraren, Herodes va kje or Sverik, men or eit landskap som ligg nær ved, – og hvad var det har gjorde?«
       »Han gjorde ikkje noko,« svara gjenta til. »Nei, det er sant det; har gjorde ikkje noko, av di han var – ko var det han var?«
       »Grannen åt svenskane,« svara guten att.
       »Du då, gapen, du kann halda kjeften din; eg spurde kje deg. Er det ingen som kann segja meg ko Herodes den store var?« – » Konge i Jødeland,« svara gjenta att. »Ja det er sant det, Marit, han var konge i Jødeland; du lyt svara jamt du, som svarar so godt.
       Ko var det no Herodes sa dei skulde gjera?« Ungane stirer på einannan, under bordet, upp i taket, dei ser hit og dit, men det er ingen som er god for å gjeta på »ko det var no Herodes sa dei skulde gjera.«
       »At alle drengebørn som –,« hjelper skulemeisteren til.
       »At alle drengebørn som var over 2 år gamle skulde kastes i Nilen,« svara han Jyggjer.
       »Det var likso godt me kasta deg i Nilen, tenkjer eg,« segjer skulemeisteren.
       »Nei, han sa – no lyt de lyda godt etter ko eg segjer – han sa at dei skulde dræbe alle drengebørn som var over 2 år gamle. Hugsar de det no då? Lat meg høyra!« Alle tek uppatt det han sa. Feilen er det ingen som ser.
       »Ko var det utav Herodes?« Ingen kann svara. »Hvad var det han gjorde då? meiner eg.«
       »Han gjorde ikkje noko,« svarar Tyggjer att. »Nei du hev rett i det, han slapp gjera noko, av di han var konge; men ko var det han gjorde lel? Før –? Han gjorde før...? før...? Ko var det han gjorde, Marit? Du plar vera so flink, du.« Ho Marit og alle dei andre grunar på eit ord som fyrste stavingi er » før« i; men »føre« er det einaste dei kann koma på; og dei synest det høver kje å segja at Herodes den store gjorde føre.
       Men han Jyggjer fær det til å høva lel, han. »Han hadde dei til å køyra snøplogen når det var fælt snøføre,« svara han.
       »Du er som ein snøplog, du. Nei, Herodes gjorde førma...? førmast...? No, Marit, når du hengjer »else« i attare enden på »førmast« , ko blir det då?«
       »Førmastelse.«
       »Det var bra, Marit. Førmastelse! Då Herodes sa at dei skulde dræbe alle drengebørn som var over tvau år gamle, då gjorde han førmastelse.
       Hvad er det som kallast førmastelse? Det er mest ikkje ventande at de skal vita det; førmastelse, det er eit hardt ord det, men vil de høyra vel etter, skal eg segja dykk det.« Han hostar og kremtar og tek soleis til ords:
       »Når du, Jyggjer, legg ei horv med tindane upp, og so kliv av uppå eit hustak og stuper deg på hovudet ned horvi, so gjer du førmastelse.«
       Ungane gjer store augo, og tenkjer at Herodes laut vera ein hardbalen kar når han gjorde slikt.
       »Kan de no segja meg ko Herodes den store gjorde?«
       »Førmastelse,« syng alle på ein gong.
       »Og ko er det som kallast so?«
       »Når ein legg ei horv med tindane upp, og so kliv uppå eit hustak og stuper seg på hovudet ned i horvi,« syng dei i munnen på einannan.
       »Riktig, det var bra, det var godt; de blir glupe no,« segjer læraren.
       »Slo han seg kje ilt då, då?« spør ein av smågutane som hev vagla seg på slagbenk-loket.
       »Kven?« – »Den kongen som kleiv av uppå hustaket og stupte seg ned i de horvi, veit eg.«
       Skulemeisteren ser på han ei liti rid og svarar: »Det er likast du ruslar sta og spør han, meiner eg!«

 


Frå Lesebok for ungdomsskulen ved Lars Eskeland og Severin Eskeland. Tridje upplaget. Kristiania: Forlagt av Olaf Norli 1920. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.