Diktaren Jon Norstog

(Artikkel, 1916)

Etter professor Hauge ved St. Olav College, Northfield, det største norske gymnas i Amerika, skal me her fortelja eit og anna um Norstog. Han er fødd 1877 paa Haukelidsæter. Um ei tid flutte folket hans til Norstog i Telemarki, og her vart han verande til han kunde sleppe inn paa Notoddens lærarskule. Tvo aar etter gjekk han ut med gode vitnemaal. Den næste vaaren tok han prøva ved ein millomskule i Kristiania. So las han i tvo aar til artium, men slutta braatt. Han vilde bli bokskrivar.

Paa farsida er han ætta ifraa Torben Okse, ein dansk adelsmann som Kristian II let halshogge. Han meinte Torben hadde drepe kongefrilla Dyveke med gift. Adelsjuryen frikjende honom. So valde kongen ut ein juryrett av bønder, og dei la paa denne domen: "Me dømer honom inkje, men gjerdi hans dømer honom". 

Paa morsida er Norstog av Vinjeætti. Hev Vinje rett naar han kved:

"Stor arv det er for mannen

av godtfolk vera fødd,"

so skynar me at Norstog hev arva stort.

Den yrste [sic] boki hans kom ut i Kristiania og vart inkje vel fagna. Um dette skriv Rikard Berge i "Dølen": 

["]Daa han i ungdoms stormod gav ut si fyrste diktsamling, "Ygdrasil", fekk han ei gjenomhekling av kritikken, som vel faae forfattarar hev fenge. Det er kje tale um anna boki var eit i mange maatar, umoge arbeid, ja det var jamvel mykje plagiat. Men det var daa au sume tak som visa diktargivnaden, og den nemnde kritikken ingenting um, aa kalle." 

Norstog hev likevel inkje late seg skræme. Han for til Amerika og tok til med eit maalblad; det laut han likevel vonom snøggare slutte med. Men bokskrivingi stridde han med like trufast. Rapp i rapp sende han ut bok etter bok. Fyrst "Paa Heklemogen", so ei fin lita soge fraa Norig, "Haakon Sollid". Den tridje boki var eit nybyggjarbilæte "Ørnerud". Det vilde vel vera rettare aa kalle denne boki ein spaadom, for desse folki finst nok inkje enno paa slettom, korkje karikaturane eller dei hine. Den fjorde boki hans "Tornekronen", er ein kaldleg spaadom um at kristentrui i Norig bli burte. Samstundes kom ei lita diktsamling, "Glitretind" heiter ho. 

For desse bøkene fekk han korkje ære eller pengar; men det gjekk likare med den sette. "Svein" er ei soge paa vers um ein norsk nykomar. Han flytjer og finn seg inkje heime paa dei vide slettom; til det hev han teke med for mykje ifraa det gamle landet. Norig er so livande med alle hans minne, at det amerikanske ikkje fær rom. So kom "Kain"; for denne boki hev han fenge mykje ros, endaa ingen til fullnads hev skyna ho, men ho sette folk i undring. Paa ein noko storfellt maate hev han gjort seg til domar over ei heil horg taa vankantar. Allvisst kan me gjeva mark paa koss han fører fram den nymotens "griseliteraturen", og i fleire vendingar syner oss at det er havilla som driv verket.

"Tone" syner oss at Norstog hev vorte rolegare i seg, og hev han fyrst fenge eit rolegare sinn, so er samstundes den domen sagd kven som er den største diktaren i det norske Amerika.

I 1909 tok han heimstadland i Mc. Kinzie county Nord Dakota. Der sette han upp eit lite prenteverk. Stundom skriv han paa bøkene sine, stundom prentar han dei, no mjølkar han kua og no steller han hønune. I denne nybyggjarhytta hev han skrive og prenta baade "Kain" og "Tone". Naar me liknar desse bøkene i hop med dei han fyrr sende ut i verdi, so tykkjest me hava trygg von for framtidi.

So langt herr professor Hauge. Torkel Oftelie, bladstyrar for "Telesoga", var no i sumar hjaa Norstog i heimen hans i Watford, N. Dakota. Han skriv: "Garden hans ligg paa høgste rimen i Mc. Kinziefylket. Stoga er av torv og bordklædd inni; ho er 14 fot lang og 12 fot breid; det er tvo glas, bord og seng, prentepresse, tvo stolar og hylle aat matkoppane; typekassone er skuva inn under lega. 

Ved hin veggen stend bokhylla. Her er det mest biblar og huspostillar. So finn me ogso Tomas av Kempis, Bunyan, Snorre, Milton, Shakespeare, Goethe, Schriver og Luther, og so nokre taa dei norske diktarane. Norstog les latin, fransk, tysk og engelsk. Her hev "Kain", "Tone" og "Moses" vorte til.

Jon Norstog hev ei bergande fast tru paa alt som stend i Bibelen. Han synest Bibelen er logisk og greid. Utviklingslæra og slikt noko bryr han seg inkje um og talar med vanvyrdnad um alt som inkje høver med skrifti; slike teoriar liver berre 15 aar, det aller høgste.

Norstog tenkjer, drøymer og diktar. Han latar seg inkje: ei ny bok um aaret, og inkje er det lette heller. So lyt me kje gløyme at han, attaat det at han diktar bøkene sine, ogso set dei, prentar dei og bind dei inn sjølv der heime i torvhytta paa Dakotasletta. Endaa fær han stunder til aa skrive i bladi og lesa mykje. Aldri høyrde du no klage av denne einslege diktaren - at han inkje fekk livemaate som det var nokor gjerd paa, eller at dei kje skyna honom eller gav honom den vyrdnaden han hadde retten til. Slikt synest inkje dette honom i hugen. Han er sæl i sitt kall og fylgjer det med glad truskap."

Herr Norstog har no i mange aar stridt som ein staut viking ærleg og trutt for sitt norske maal og alt han etter sitt samvit heldt for godt og rett. Det segjer me honom takk og ære for. Naar det høver seg so, daa kjem mange, mange norskarar til aa kappast um aa faa bera honom paa gullstol. Heil og sæl!

 

Frå For Bygd og By. Sundag 23. januar 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad