Me hev det so godt, som me hev det.


Spør du Folk no um Dagen, kos dei likar denne politiske Striden, so fær du oftaste det Svaret, at dei likar han kleint. Men Vinstremenn legg til, at Striden er naudsynleg, for at Folket kann faa hava sin Rett i Fred. Og dei hev god Von um ein snar og god Ende paa Striden. Men Høgrefolk, dei jamrar og syter, so det er reint ille. Alt dette Staaket kann dei ikkje koma tilrettes med. Ja dei kann ikkje eingong skyna, kvifyr Folk stridast. Dei hev ingi Tru paa, at dei skal faa det betre, enn dei hev det, for dei segjer: me hev det so godt, som me hev det. Det er Talen aat alle gamalkjære. Dei hev set seg so glade i det, som er, at dei ikkje trur, det kann vera nokot betre. Dei ser med mistenkjelege Augo paa alt nytt, for dei er rædde, at den kjære Fred skal ruggast, og so skyr dei det nye som Sott, _ ja Sotti hev vunnet Hevd her i Landet, so dei er ikkje so skygge fyr henne endaa. Me hev det so godt, som me hev det. Alle Dagar hev det voret Folk, som hev ført fram den Tale. Men Lukka er, at det er Faatalet, som segjer slik. Meirtalet av Mannaætti liver no paa den Trui, at det skal verta betre i Framtidi, at Ætti deira skal faa det betre, enn dei hev det sjølve. Livet var no sannt aa segja ikkje verdt aa liva helder, um ein ikkje hadde den Trui, at det seinare skulde koma ljosare Dagar. Um Folk altid hadde handlat etter Grunnsetningen: me hev det so godt, som me hev det, so stod det sanneleg ikkje rart til i Verdi. Hadde dei gamle tenkt slik, hadde me enno havt t.d. Trældomen slik som i Villmanns-Rikjom; hadde Luther tenkt slik, so var me kanskje enno i Pavedomens Villa; hadde vaare Fedrar i 1814 tenkt slik, so laag me no og sov under Sverike kanskje, som me fyrr sov under Danmark! _ Nei det er ikkje sannt det at me hev det so godt, som me hev det!


n.