Maalreisningi i Finnland.

 
I Finnland hev svensk Maal voret det gilde Maalet liksom Dansk er i Norge. I lange Tider hev dei no arbeidt paa aa reisa Folkemaalet; den finnske Literaturen veks med kvar Dag, paa Theatri og i Bladi vert finnsk brukt, og ved Høgskulen i Helsingfors vert og finnsk myki brukt. No hev den ryske Keisaren gjevet Paabod, at finnsk ogso skal kunna brukast i all offentleg Gjerd elder som Statsspraak likavel som svensk. Det kann vel inki vera Tvil um, at Folkemaalet snart ogso lyt verta Maalet aat Folkets Tenarar daa. Generalguvernøren hev fenget burtimot 60 Takkeskrivingar fraa Finnlendingarne for denne Raadgjerdi.

Naar skal den Tidi koma, daa Embættsmennerne her i Landet vert nøydde til iminsto i si offentlege Tenesta aa bruka Landsens Maal?