Der Kvende hev Retten sin.

 
I Sveits var der ifjor 108 Kvende som studera ved Universiteterne i Bern og Zürich og Genf. I Paris var der ifjor 50 Kvendi, som studera til Lækjarar. I Holland studera 40 Kvinnur ved Universitetarne i Leyden og Groningen. Ei Amerikansk Kvinna ifraa Baltimore tok ifjor Doktergrad i Filosofi i Zürich i Sveits. I Austrike er det 150 Postembætte, som er styrde av Kvinnur. Den franske Regjeringi hev gjevet ei Kvinna, Maria Lorillon Pengar til aa reisa til Amerika aa søkja Kunnskap um some Greiner av det amerikanske Skulestell. Ved den nye Høgskulen i Stockholm i Sverige er ei Kvinna _ Fru Kowalewski _ Lærar i Mathematikken. I Helsingfors i Finnland hev dei ein Skule fyr høgre Daning, der Gjentur og Gutar gjeng saman.

 

Frå Fedraheimen 08.03.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum