For Byarne tek Høgre no til aa skjelva.

Landet hev dei misst fyrr. Men so lengje dei hadde Byarne, tottest dei endaa kunna klara seg.
           
Men no skjelv dei for, at Byarne og kann verta sjølvstendige.
           
Den største og megtigaste av alle Byarne utanfor Kristiania hev no sagt, at han ikkje vil vita av det radikale Morgenbladsstyret lenger. Bergen vil hava ei Regjering, som kann skaffa Fred og Framgang i Landet. Og naar sjølve Bergen segjer eit slikt Ord, kven veit, um daa ikkje dei andre kjem etter? Det er mang ein klok Bymann, som forstend, at der ingenting lenger er aa vinna for Byarne med aa stydja Morgenbladets Velde.
           
Der er stor Faare!
           
- Og difor gøyr Høgrebladi fælt paa Bergen og dei liberale bergenske Tingmenn; kansje det kunde skræma litt. Og Aftenposten arme Kroken! - tek til aa bruka A. B. Rustads politiske Vaapen mot Byarne; Skræmingi med Krig.
           
- Ja ja! Høgre hev væl ikkje stort annat aa fara med no. Og ein kann ikkje undrast so mykje paa, at dei i Dauds Naud brukar slike Vaapen, dei megtige er, - um dei er aldri so lite blanke.