Er der fåre for kyrkja og fedreland! 1)

[Del 1 av 2]
 
I.
           
Då den luterske læra steig iland hos oss og skulde førast inn med kongebud, då samlad dei katolske seg og bad, at Gud vilde fri oss frå kætteri og djevelskap, og imot sette dei seg og arbeidde av alle livsens krefter. Det var då berre gagnløysa, for Gud vilde det annarleids. So sa dei: No er det forbi med land og rike, når kristendomen er borte. Tottest det vera ein hard straffedom. So bøygde dei seg i det ytre og tagde, men tok tankarne med seg, når dei gekk yver til den nye læra, og luterdomen vann ikke somyket, som det såg ut til. Få var dei, som kunde læra frå seg det, dei sjølv hadde lært, og enno færre var norske og folkelege i ordets gode tydning. Difor gekk det og, som det gekk og var ventande. Folk var uppvande med formar og skikkar, det nye vart og mest berre ei form, ein skikk, den nye tanke og meining gekk det seint med. Fyrr hadde folk berre at halda seg til det, som prestarne sa og gjorde, no fekk dei nye prestar, kvi sku folk no ikke bera seg likeins åt, kvi sku dei no tenkja og gera nokot sjølv? So kunde alle ha det so roleg og gott. Berre folk teger, berre dei lyder etter, og ikke seger imot, då er dei gode og snille. Ka forstår dei seg på formar, på andi, på det, som er inni? Det viste seg, at form ikke skapar liv, nokon serleg verkning i livet kom ikke fram. Det bar helder attende. Det seig og sakk under einveldet, ingen vilde gera seg simpel og stiga ned og løfta upp, alle vilde høyra til dei store og fine og snakka slik, at ein var kend ut ifrå hopen. Ingen forstod bonden, og han forstod ingen, ikke eingong seg sjølv. Han sat i kyrkja etter gamal vane, han tok hatten av seg for storkaren, men forstod ingen ting utan at knurra, når han sku bitala rettigheit.
                         
2.
           
I vor tid og vi slegtar på dei gamle i vor tid geld det um at halda det gåande. Vi har det so gott, lat oss no gløyma oss sjølv og berre tenkja på andre. No har vi den reine læra, no har vi ikke einveldet, no er alt so gott og vel. Ka er det då, som vantar? nemn meg ein einaste ting! Eg skal straks vera til tenest, vi er ikke sikrad mot den nye tid med henar kætteri og djevelskap. Og so lyt vi alle samla oss som i fordums tid. Det sku vel vera snart gjort at missa det, ein ikke har. Mon det ikke er innbilning, at vi har so myket gott? Eg er storleg rædd for det. Vi kann ha ting, som um vi ikke har dei. Mange har vi, som ikke forstår seg det minste på rein læra, mange, som er likaso gode katolske no, som fyrr reformasjonen. Dei har lært sine bøker, kann dei utantil, men ikke innantil, forstår seg ikke eingong på den luterske abc i kristendom. Dei mange trur det er rein læra at segja etter, som ein annan stavar fyre. Og lærer vi oss til katoliker i barndomen, so er det tungt at snu um seinare.
Ingen vil sjå ned til dei små, og verta som barn, snakka som barn med barnet. Husk paa verdigheden, verdigheden! Der har vi det; har vi fått nokot forat gjøyma bort tanken vor med, so er det det danske mål. Vi dreg upp danske katoliker. Vi lærer, forat gera oss til, forat segja nokot pent, og ger narr av eit bondebarn, som ikke er føtt at tala dansk. Og når barnet veks til, ven vi det at sjå upp til det danske og dei dansklynde. Vi vil gerna vera med i missjonen. Vi lærer oss mål, som heidningen skyner, vi veit, at ellest kann vi ikke gera han nokot gott. Vi elskar heidningen, når vi brukar hans mål og talar til han om Gud og Kristus. Skal vi ikke ogso elska vort eiget barn? Lat oss ikke stola formyket på, at vi har rein læra, solenge vi ikke talar reint og beint fram til vore barn i deira eiget mål.
 
3.
 
Men lat so vera, at uppdraging går det galet med, du lyt då finna, at vi er fri einveldet. Tru det? Lenge har vi havt reformasjonen på papiret, sidan 1814 vor politiske fridom; korkje den eine elder den andre er trengd inn i oss og gått oss til merg og bein. Med det danske mál har vi ogso einveldet. Som Frelsaren spurde den stolte Jøden etter mynten og pekte på yverskrifti, kann ogso nofortidi peikast på det danske mål, som er yverskrift på alt, vi talar og skriv og lærer. Solenge vort eiget mål ikke er komet seg til heider og æra i landet, er landet helder ikke friat so aldeles frå framandt velde. Ka hjelp det oss at kalla oss det norske folk, når vi ikke vil bruka det norske mål? Utan det vert vi ingen nation for oss sjølv.
           
Utan det kenner vi oss ikke sjølv. Difor vil eg be alle, som elskar vor kyrkja og vort land, at elska fram vort mål i tala og skrift og verka for, at vi får det inn i skule og kyrkja. Målsaki sku med rette vera programsak for det norske folk. Vi sku ikke velja nokon til stortingsmann, når han ikke vil vera norsk i ordets rette, sanne tydning. Det kan vera meir enn målet, som er eigendomlegt for vort folk, men målet er det fyrst og fremst. Det kann ingen tenkjande vitug mann vilja nekta.
 
 
1) Fraa Nordmanden.
 
[ Meir]