"Vi har det saa godt, som vi har det!"

[Del 1 av 2]
 
So høyrer me Novemberfolk segja. Dei ankar seg fyr dei laake Tiderne, Verdi vert syndefullare og syndefullare, segjer de, og ei skikkeleg Spikesild kostar 10 Øyrur, men snakkar me um Politikk, segjer Folk: Vi har det saa godt, som vi har det.
           
Eg lyt hugsa paa nokot, som stend ein Stad i Bunyans Christian progress um ein Mann, som sit paa ein Mykadunge og grev i Myki, og ein Engel held ei lysande Krune og vil gjeva han; men han tykkjer han hev det so innerleg godt, slik som han hev det, blæs aat Kruna og held paa og karar i Myki.
           
Slik er det med mange av oss og: me karar og grev og tykkjer me hev det so godt, so me gaar ikke Livsens lysande Maal!
           
Den, som hev det so fælt godt, at han ikkje traar etter nokot betre, han hev ikkje meir aa liva etter. MannaLivet er eit ævelegt Arbeid fram mot nokot betre: Dei segjer at Livet det lid og det skrid, og fram mot eit betre seg søkjer. Den som tykkjer han hev naatt det gode, som han ynskjer, han er ferdig med Livet. Eit Folk, som er fornøgd med det, som det alt hev vunnet, lyt det gaa til Atters med; det er ferdigt. Det er Arbeidet frametter og uppetter, som yngjer uppatt Folki; slær dei seg til Ro og legg seg paa Latsida, so gjeng det, som Wergeland segjer:
           
Stands Kilden, som med Sang begyndt
Har raskt sin Gang,
Og den en giftig Sump vil bli!
 
Korleids skulde det gjenget med Verdi, um Folk totte dei hadde det godt som dei hadde det, og let alt vera som det hadde voret i Fars og Farfars Tid! Folk hadde det nokso godt, fyrr dei lærde aa bruka Elden og aat Maten raa; men sidan fekk dei det endaa betre. Sjøfolk i gamle Dagar sov truleg ikkje so ille, naar dei lagde seg paa berre Tiljurne; men so sette Alkibiades upp liksom ei Hengekøie, og sidan sov dei endaa betre. I den gode gamle Tidi, under Einveldet, aat me Borkebraud, best det var, og ender og daa svalt det ihel nokre Tusund Mann av oss, og me var endaa fornøgde. Tru Novemberforeningen lengtar attende til den Tidi? Elder trur Novemberkultarne ikkje, at liksom Tidi hev gjenget fram til vaar Tid, soleids skal ho halda paa og gaa fram etter vaare Dagar og? Folk hadde det godt, fyrr dei fekk Eimbaatar og Jarnveger og Telegrafar og alt slikt, men dei hev det daa betre no.
           
Slik er det vel med Samfunds-Utviklingi og. I den eldste Tidi slo dei Fangarne ihel, og Folk totte dei hadde det godt, og at detta var glorious sport(Moro paa Butlar). Sidan fann dei paa aa gjera Fangarne til Trælar det lyt vel verkja i ein November-Skolt, naar han høyrer um slikt eit liberalt Framsteg; for Liberalismen er av Develen. Men sidan livde Folk betre enn fyrr. So vart Trælarne Liveigne og kom til aa høyra til Jordi i Staden fyr til ein Mann eit stort Framsteg att; og mange dei som ikkje var Novembermenner daa - velsignad detta Framsteget. Endeleg vart dei Liveigne frie, og Jordi kom til aa høyra til dei. Hadde Guldbransen og Brandt og Jens Selbo og Presten Klavenes voret til daa, hadde dei vel spaadd, at Vaarherre aldri kunne tola slik Develskap; - men han tolde det, og Folk livde mykje betre enn fyrr.
           
So rauk Adelen i Norig i 1821. Det var ein, som trugad med, at han vilde segja dei norske Fjelli farvæl, men Dvergmaalet i Fjellet svarad: væl, og Folk liver no endaa betre enn fyre 1821.
           
Sameleids er det med den politiske Utviklingi. Folk totte eingong dei livde godt under Ættehovdingar og Fylkeshovdingar, men daa desse hadde ført Tidi so langt fram, som dei raaddemed, so livde Folket endaa betre under Feudaladelen, og daa den hadde gjort si Gjerning, besnad Folkelukka underEinveldet, til dess Folki var komne so langt, at dei totte dei kunne liva endaa betre med Sjølvstyret.
           
Godt er det, at ikkje November-Gods-Eigararne hev raadt i Heimssoga, for daa hadde me gjenget i Skogen endaa, med ein Klubbe i Handi, og slegest med Villdyr.            
 
( Meir.)