"Verden lønner ikke anderledes".

Olai Haneborg er ein Mann, som me hev vondt av.
           
Han skulde gjera det beste han kunde, han stakkar, og dreiv paa med Myrmenn, so det rauk etter. Han vilde berga sitt Parti og sitt Land, vilde Olai Haneborg, og han ofrad sandelig baade Pengar og Arbeid for denne gode Saki.
           
So tapte han. Og det var ille nok. Baade Pengarne og Strævet var kastat burt; det einaste, han fekk gjort, var aa skaffa Vinstre 4 nye Valmenn.
           
Men Olai Haneborg skulde røyna det som endaa verre var.
           
So lengje Striden stod paa, tagde Høgrebladi um Olai Haneborg. Dei heldt seg liksom for gode til aa nemna ein slik Hjelpesmann. Dette kunde no vera leidt nok. Men daa han hadde tapt . . .
           
Ja, daa han hadde tapt, so vart Olai Haneborg jagad paa Porten.
           
Partiet kan ikke være ansvarlig for, hvad en Enkeltmand gjør, meinte det gudelege Fædrelandet.
           
Olai Haneborg skulde no hava Skuldi aaleine. Prestarne, som hadde teket imot Haneborgs Myrmenn, og Regjeringi, som hadde forsømt aa paaanke den Greida, - dei stod utanfor no, naturligvis. Partiet kunde ikkje vera ansvarligt for slikt, kann ein vita.
           
Og Olai Haneborg maatte attpaa Kjøpet høyra, at kanskje var det han, som var Skuld i, at Høgre i det heile tapte! Det var Vaarherre, meinte Fædrelandet, som hadde straffat Høgre for Haneborgs Skuld, - dette reine, uskyldige Høgre, som Haneborg hadde flekket til med sine stygge Myrmenn.
           
- Det maa vera fælt for Mannen aa faa slik Takk, etter alt det Strævet og alle dei Skillingarne, han hev ofrat. Men Verdi lønar ikkje likare, Hr. Olai Haneborg! Det skulde du ha tenkt paa fyrr.
           
Men ein Ting skulde me gjeva mykje for aa faa vita.
           
Og det var, kva Fædrelandet vilde ha sagt, dersom Høgre med Hjelp av Haneborgs og Jølsters Myrmenn hadde vunneti Akershus.