Syrgjelege Framsteg.

I 1846 visste Morgenbladet det same som me andre enno veit: at Storthinget hev Bevilgningsmagti heil og ubytt. Det skreiv:
           
Det vilde være ret interessant at vide, hvorledes Justitsdepartementet forstaar Grundlovens § 75 d, der tillægger Storthinget ganske ubetinget Ret til at bevilge Statsudgifter, naar det fortæller, at Storthinget ikke kan gjøre nogen Forandring i engang reviderede eller bevilgede Gager.
           
Storthinget kan utvivlsomt nægte at bevilge Husleie, Skriverudgifter etc. for Høiesteret, hvorved dets Holdelse bliver umulig; det kan nægte Kontorudgifter til Departementerne osv., eller det kan nægte det Nødvendige til Regjeringens Mulighed.
           
I 1881 skriv det same Morgenbladet um Saki:
           
Grundlovens § 75 Litr. d. tillægger Storthinget Myndigheden til at bevilge, det vil sige, til at bedømme, hvilke Summer der ere fornødne, men Storthinget har ingen Ret til at nægte Pengesummer, som det selv erkjender at være fornødne til Statsudgifterne, end det kan nægte at konstituere sig, nægte at vælge Lagthing, nægte at revidere Statsregnskaberne osv. osv.
           
Storthinget er, meiner Bladet no, skyldigt til at bevilga det meste av Budgettet; vistnok er det Storthinget sjølv, som skal avgjera, kva for Utgifter det er, som er naudsynlege; men det er ymse Utgifter, hvis Nødvendigheder hævet over ethvert Skjøn, segjer Bladet.
           
Ja, me kjenner den Tonen. Hævet over Tvil, hævet over Skjøn; - slikt kann Regjeringi segja um mest kva det skal vera, og so skal Storthinget vera skyldigt til aa bevilga.
           
Dersom det ikkje bevilgad, so gjorde det eit Misbruk av Grunnloven, som var jamgodt med Brot paa Grunnloven, segjer Morgenbladet. Og so -? Ja, so vilde Kongen naturlegvis bruka Magt, væl? Fædrelandet fann nok paa Raad.
           
Bakstrævet gjeng vidare og vidare. Syrgjelege Framstig atterut. Kor skal det enda?
           
Tak no denne Læra, at Bevilgningsretten er ein Bevilgnings pligt; tak dertil den Læra, at Kongen hev Veto i Bevilgningssaker; og seg oss so, kor mykje der vert att av den bevilgende Myndighed!
           
- Det Partiet, som vil innføra slike nye Lærdomar, kallar seg Grunnlovspartiet. Og so segjer det, at det vil hava Dobbeltlaas for Statskassa.- Ja, Dobbeltlaas aat Folket, men Dobbeltlykjill aat Regjeringi, so vil dei hava det; for dei veit, kva dei vil.
           
Mange Takk, segjer Folket.
           
Parlamentets Hær. Bjørnson hev skrivet ein Uppsong for dei norske Folkevæpningssamlag og sagt, at dei - som hellest kvar Nordmann skal verja Landsens Fridom. Inni Rifleringen skal Storthinget, Fridomens Cherubim, sitja trygt og fritt og med Kraft gjenomføra den nasjonale Viljen etter Loven, og ingen skal kunna gjera Landet elder Fridomen Skade elder Forfang.
           
Høgrebladi er rasande yver dette. Høgre likar i det heile ikkje denne Folkevæpningi; men iser er dei galne no, fordi det er sagt, at Folket skal væpnast for aa verja sin Fridom.
           
Morgenbladet spottar Folkevæpningssamlagi av all si arme Magt. Storthingets Garde, Parlamentets Hær, segjer det, og det trur, at det dermed hev sagt nokot reint bitande. Og Bladet finn, at det er faarlegt og galet, at Storthinget hev ein Garde elder Parlamentet ein Hær.
           
Naar Gamlehunden gjøyr, skvakkar dei smaa Kvalparne med. Dei andre Høgrebladi hjelper Morgenbladet so godt dei kann, her som hellest. Kven er det, Fridomen skal verjast i mot? skrik dei. Er der kanskje nokon, som tenkjer paa aa skada Norigs Fridom?
           
- Ja, han sagde so, Reven, daa han vilde lokka Andi til seg, som laag og saam ut paa ein Dam. Du tarv ikkje vera rædd, sagde han; her er Fred no millom alle Dyr; ikkje bry deg med aa verja deg: det er ingen, som vil deg nokot vondt!
           
- Høgrebladi skulde millom mykje annat hugsa, at Grunnloven hev ein Paragraf, som heiter § 85. Den segjer:
           
Den, der adlyder en Befaling, hvis Hensigt er at forstyrre Storthingets Frihed og Sikkerhed, gjør sig derved skyldig i Forræderi mod Fædrelandet.
           
Kvi segjer Grunnloven slikt? Kven er det, Grunnloven vil verja Storthinget imot? Er det kanskje nokon, som tenkjer paa aa ufreda Storthinget? Ja, Grunnloven hev tenkt seg det; Grunnloven hev tenkt seg, at slikt kunde henda! Kva segjer Høgrebladi til det?
           
- Høgrebladi skulde ikkje lata Folk so tydeleg merkja, at dei helst saag Landet og Landsens Fridom liggja forsvarslause. Høgre tapar paa det. Folk kjem so altfor lett til aa tenkja paa Reven, som sagde, at no var her aalmenn Fred.
           
Men Høgrebladi tenkjer ikkje so langt, stakkar, Dei hev tilmed sagt, at gjenom Folkevæpningssamlagi vert den eine Delen av Folket væpnad mot den andre.
           
Dei tilstend altso sjølv, at dei hev gjengje med Revetankar mot Fridomen og Storthinget! Gjenom Folkevæpningssamlagi væpnar Folket seg mot Fridomens Fiendar; Høgre svarar: altso væpnar Folket seg mot oss -! Det er mest for galet, at Folk skal forsnakka seg slik. -
           
Naa, lat det vera som det kann. Folket hev væpnat seg og vil væpna seg mot alle Fiendar av Norigs Fridom, kor dei so kjem ifraa; den Tingen er viss, - og den Tingen er god. Dersom det finst nokon, som ikkje likar dette, - so er det verst for honom. Ein tannlaus Fridom kann snart vera øydd; stend han derimot inn-ringad av Folket i Vaapen, - so vil baade Rev og Varg finna det best aa lata han vera.
           
Folket skal væpna seg.