Christofer Bruun um "vaare Teologar."

[Del 1 av 2]
 
(I Ordrag etter Referat i Mgbl.)
           
 
Bruuns Foredrag um Teologarne vaare inneheldt mykje, som me finn godt og sannt. Han talad nokotsonær slik um denne Saki:
           
Prestarne er ikkje verre enn me andre, og so vidt eg veit, hev eg ikkje hell tala um Syndi til Prestarne men til Samfundet, og um Prestarne berre daa, naar det vedkom dette. Men det er klaart, at er det Synder, som ein kann segja høyrer til Samfundet, so er det fyrst og fremst Prestarne, som kjem til aa bera Andsvaret; det fylgjer av det, at Prestarne hev os stor og vigtig Gjerning, dei er sette til aa vera Vegleidarar for heile Kyrkja og Samfundet. Prestarne skal fyrst og fremst hava Takk og Ære for det gode, som er gjort, for all Kraft og Stordom, som er att av den upphavlege Kristendomen, ja for kvart Framsteg, som er gjort baade paa kyrkjeleg og menneskjeleg Grunn; men er det au misst noko av det upphavlege Kristenlivet, so hev dei fyrst og fremst Andsvar aa bera. Og so er det so, at det Stellet, som eg hev tala um hev ymist med Prestarne aa gjera. Denne Løningsgreida freistar meir Presten aaleine enn heile Folket tilsaman. Og likeins gjer dette Forholdet til Kongen Prestestandet Skade, so dei maa verta honom væl mykje undergjevne. Men eg segjer det uppatt, at ved slike Synder maa det fraaløysast Prestarne det, at dei hjelpast fram i det urette ved heile Stellet, som Samfundet godkjenner. Det er soleids ikkje Meiningi, at Prestarne er so mykje verre enn andre; dei er Kjøt og Bein av same Slaget som det er i Samfundet, og skal det vera nokon Forskjel, so trur eg, at Prestarne som oftast er av dei gudlegaste og beste Samfundslemer. Men for det kann me nok tala um serskilde Lyte hjaa Prestarne og Teologarne. Dette Standet kann hava sine Veilur, men det gjeldst mindre det, som det skil seg paa Mann og Mann imillom og Stand imillom, naar det er Tale um Synder til heile Samfundet. Men det veit me, at ein kann tala um serskilde Prestesynder. Skal me gjera dette, so kann me nemna dei i tvo Ord: det er Pietisteri og Ortodoksisme. I den Tid, daa Lesardomen raadde, som er ikkje so lenge sidan, daa var Prestarne og Teologarne fælt urimelege mot all menneskjeleg Daning, mot Vitenskap og Kunst, Politik og alt sovoret. Dei sjølve og dei som var med dei, vart likesæle og vitlause i alle desse Ting, som bar burti det menneskjelege, og det fylgde au med dei paa Preikestolen. Preikurne deira var ikkje jamt tankesterke, og so var det det, at dei kom inn i ein Lovkristendom, so ein kunde sjaa det paa dei, korleids dei gjekk med tunge Byrder paa Sjæli, som meinkad so mange godviljuge Menneskje i aa finna fram til fast Fred med Gud. Eg skal ikkje nemna fleire Lyte ved dei no. Utgjenom Bygderne kann nok Lesardomen raa mykje endaa, men her i Kristiania hev han spila av, det trengst ikkje nokon Strid mot desse Avleiderne her no. Det er berre som ei Soge no den pietistiske Teologia, som det var so mykje av her for 15 Aar sidan. Men so er det so mykje meir Grunn til aa tala um den andre teologiske Avleidi, den ovbodne Ordodoksi. Det er den, som no er i Blømingi. Eg vil daa fyrst segja, at etter det eg skynar, so er det gjort eit Framstig fraa den gamle Tidi. Daa Vekkjingi til Johnson slog ned i desse gamle godslege Forhold, kveikte den ei Mengd av Krafter, som endaa liver hjaa oss. Johnson gjorde so gripalegt eit Tak i Folkelivet vaart, at det skal leitast lenge etter Maken hans. Vekkjingi hans Johnson var eit Framstig; men eit Framstig fraa denne att er den Ortodoksien, som no raar. Den kom som ein frisk Vind og reinskad Gaturne for Lesarskodde, den skapad sunn Luft, den skapad meir menneskjeleg Daning hjaa dei kristne, den skapad eit friare og djervare Kristenliv og eit naturlegare Lag til aa føra seg paa alle Maatar. Me skal vera takksame for det, men denne Leidi kann au hava sine Veilur. Pietistarne legg Vegt paa eit heilagt Liv, men dei orthodokse paa aa kjenna den kristelege Sanning, og det maa ein segja, at dei heve komet langt framum Johnsons-Folket i. Dei ortodokse Prestarne preikar jamnast baade rettare og sundare Kristendom og med meir Dugleik og Tanke enn dei gamle Pietistarne, endaa dei ikkje kann hava den glødande Kraft, som sermerkte desse. Pietismen dreg ein heilag Ham paa Folk, som ikkje er fullsann, men den ortodokse Teologi dreg au ein Ham paa Folk av kristeleg Sannkjenning, som dei ikkje hev vunnet aa veksa seg fullt inn i. Dei er so fullferdige med det same, desse ortodokse Kararne, dei liter paa Systemet sitt og veit so lettvinnt aa svara paa alle Spursmaal baade i Himel og paa Jord. Det gamle Lutherske Systemet er ganske vist eit kristelegt Tankeverk som er mykje vyrdelegt, so ein kann ikkje undrast, naar dei gjeng til Federne, som dei kallar dei, for aa faa Upplysning. Det er Gløggskap, Vit og Yvertak i det, som er undrande, og det kjenner Teologarne væl. Men det er gjenget lang Tid no, sidan desse livde, og dei siste 1 ½ hundra Aar hev ogso ført fram Spursmaal, som krev Svar. Paa slike Spursmaal svarar Teologarne vaare likeso hugheilt, som der dei hev Tankeverket av 2 Aarhundra i Ryggen. Dei maa daa greida det etter sitt eiget Skyn. Men det viser seg, at Synet deira slett ikkje er so paalitande som det var hjaa Federne. Og Ulukka er den, at i desse siste 1 ½ hundra Aar hev det nettupp komet fram so ovleg mange Spursmaal og Tvilar, at det er som eit heilt Hav av dei. Eg trur det er mange, som hev fenget ei Kjenning av det, ja sume hev komet heilt ut i Myrkret, so dei veit ikkje anten Veg hell Leid. Du kann ganga til dei ortodokse Teologarne med desse nye Spursmaal, dei vil ikkje standa fast for Svar som oftast, men det er ikkje so sjeldan, at Svaret berre syner, at dei hev ikkje Skyn paa det, som det vart spurt um.                     
 
( Meir.)