[Notisar]

Kristiania, den 18de Novbr.
           
Bismarck likar seg ikkje etter Vali. Dei nye (Umvali) gjeng og største Parten imot honom. Han tenkjer nok paa aa bli Godvener med Katolikarne. Igaar opnad han Rikstinget. Han vil gjera Framvarp um, at Riksreknskapet skal vera 2-aarigt, um Sjukekassor for Arbeidsfolk, um Eineret for Riket til handla med Tobakk, um Skatt paa Drykkjevaror o. m. sl.
 
           
Val er halde i Sveits. Framstegsmennerne vann.
 
           
Gambetta er no sett i Brodden for Styret i Frankrike som Minister-Præsident. Han vil faa Umbrigde i Rettsstellet, Undervisningsverket, Hærstellet, han vil hava friare Handel og gjera sitt til at Freden kan verta varande. Senatet vil han hava umbrigdt.
 
           
Gambettas Talar vert no utgjevne i Bok.