Folk, som sviktar.

Den breide Vegen fører til Avgrunns, er det sagt. Men det er ein breid Veg, som nok ikkje fører dit, ser det ut til, men som tvertimot fører upp i Høgdi, _ og det er den Vegen, som visse Folk gjeng, naar dei snur um fraa Vinstre-Leidi og driv yver i Høgre.
           
Dei, som gjeng den Vegen, er væl farne; for dei fær Lov til aa fara aat som dei vil. Det er ikkje faarlegt, um d e i brukar sterke Ord og hæder Statsmagterne og riv ned paa store Menn, livande elder daude. Tvertimot! Av di det er den folkevalde Statsmagti og dei folkelege Stormennerne dei riv ned paa, so fær dei helder baade Kyss og Klapp for Flaakjeften sin, og vert skrivne upp i Høgre-Almanakka som store Sanningsvitne, ja som Martyrar og Heilagmenn.
           
Tilmed ein Mann som Livius Smitt hev fengje denne store Æra. Fædrelandet er endaa so reint ovglad i dette nye Sanningsvitnet, at det finn ikkje Ord for Gleda si paa sin vanlege dansk, men lyt tala Gamalnorsk. Du munt vera godr madr, segjer Fædrelandet. Slik er det aa gaa den breide Vegen, som fører upp i Høgdi!
           
Det var hellest godt for Smitt, at han kom til aa høyra heime ein Stad; for ifjor gjekk han og dreiv mest liksom hin Smeden du veit, som ikkje kunde koma inn korkje her elder der. Det var nok Smitts Tanke, at han vilde skapa eit nytt Parti, trur me; _ Hr. Sakførar og Embættssøkjar Livius Smitt vilde taka Pladsen etter gamle Sverdrup! Dette fekk han nok ikkje til, er det sagt; _ og so var det daa, at han tok den kloke Raadi aa berga seg inn i Høgre, medan Tidi var god. Det er i fleire Maatar godt aa vera der, helst naar Ein tenkjer paa aa verta Embættsmann med Tidi, og so er der ikkje so mange paa den Sida, som kunde vera Hr. Livius Smitt for store.
           
Og liksom det er godt for Smitt, at han endeleg fekk seg ein Heimstad _me likar klaare Partimenn! _, soleids er det og hyggjelegt aa sjaa, at Høgrefolket hev vortet so glade ved aa vinna denne Mannen. Det er altid gildt, naar Folk finn kvarandre, og me kann ikkje annat enn ynskja Velbekomme til baae Sidur.
           
_ikkje