Filistrarne

rasar. Handelsmenn og Sjømenn (?) held Møte um Wergelandsfesten og snakkar slik, at det er reint syndlegt aa høyra paa. Det er ei Faakunna og eit Trongsyn, som gjeng yver alle Merkje.
           
Og so innbiller desse Folk seg, at dei hev Rett til aa vera med aa halda Fest for Henrik Wergeland, Henrik Wergeland, som var so fri og stor og ærleg i alle sine Tankar, at dei Intelligente hatad han likso rasande som dei no hatar Bjørnstjerne Bjørnson!
           
Hadde Wergeland livt i Dag, _ dei same Kjøtsjælerne, som no stend og yler mot Bjørnson, vilde daa ha kastat Stein paa Wergeland.
           
No kalkar dei Gravi hans. Og no tek dei han og brukar han mot Bjørnson, liksom dei brukar den gamle Bjørnson mot den nye Bjørnson, og liksom dei eingong vil bruka heile Bjørnson mot den næste Storskalden, me fær, _ dersom hellest eit slikt Folk fær fleire store Menn og Skaldar! _
           
Desse Mennerne vil no halda Fest for Wergeland. Dei stend og kastar Stein etter Fristatstanken, som Wergeland elskad heile sitt Liv; dei stend og kastar Stein etter Norskdomen, som Wergeland elskad yver alt; dei stend og kastar Stein etter Aands- og Ytringsfridomen, som for Wergeland var Mannens dyraste Rett; dei stend og yler mot Landsens største Skald, fordi han er ærleg Mann og ikkje stikk sine Tankar under Stol, _ ei Framferd, som Wergeland vilde ha skjemst av aa sjaa paa; dei rasar mot Norigs trifargade Flagg, som Wergeland song so fagert um; dei slaast som galne for absolut Kongeveto i mest alle Saker, og mot den 17de Mai, som Wergeland innstifta; dei hatar alt, som Wergeland elskad, vil hava fram det, som var Wergeland mest imot, og forstend ikkje ein einaste av hans store Tankar, _ og so vil dei vera med og halda Fest for Mannen, ja ikkje nok med det, for det fekk dei faa Lov til; men dei vil raa for, korleids den Festen skal vera, raa for, kven som skal tala der, og kva der skal segjast og ikkje segjast. Det er Filistrarne, som vil halda Fest ikring Norigs heilage Ark, der Grunnlovens Tavlur ligg og heile vaar Folke-Arv fraa 1814. _
           
- Aa nei, so ille gjeng det no ikkje. Dei veit, kva dei vil, men dei veit ikkje, kva dei fær. Det einaste, dei hev Magt til, det er aa halda seg sjølve burte fraa Festen, og det gjer dei just rett i. For der hev dei ingen Ting aa gjera, slik som dei no viser seg aa vera laga. Og ingen ein vil sakna dei der. Studentarne møter fram; Arbeidararne likeso. Og so kjem Bønderne. Naar dei tri Lagi møter upp, so vil Henrik Wergeland vera fornøgd. Han vil ikkje sakna dei ylande og puksteinskastande Filistrarne han helder. Han var aldri nokon Ven av Raaskapen i Glacéhanskar elder av Fanatismen i fint Bind. Han elskad Ungdomen, Bønderne og Arbeidararne, _ og dei elskad honom igjen. Det er dei, som vil møtast med Henrik Wergeland den 17de, førde av den store Fridomsskalden vaar n o: Bjørnstjerne Bjørnson. So skal det vera.