Er det Aalvor?

Det var, um me ikkje misminnest, Throndhjems Adresse som fyrst tok til aa klunka paa den Strengen, at det nok ikkje var so visst annat enn at Kongen hadde absolut Veto i vanlege Lovsaker og. Ikkje just etter Formi, men like godt for det; for naar Storthinget hadde vedtekje ei Avgjerd 3 Gonger, so ho altso etter § 79 skulde vera Lov utan Sanktion, _ kunde Regjeringi berre negta aa ut-øva Loven, og so var han dermed daud og magtlaus, d. e. ikkje Lov.
           
Me trudde sannt aa segja ikkje, at dette Snakket kunde vera heilt upp meint elder heilt upp gjenomtenkt, og iallfall trudde me ikkje, at Høgre i det heile kunde vilja vera med paa nokot so stygt.
           
Men kva skal me no tru? No er det ikkje lenger det Provinsbladet aaleine, som vev um § 79 paa den Maaten; men eit Kristianiablad, som fyrr endaa hev kallat seg Centrumsblad, og som i politiske Saker nok hev ikkje liten Samanheng med Stor-Juristeriet her inne, tek til aa klunka paa same Strengjen!
           
So skriv Fædrelandet:
           
Grunnlovens § 79 har sagt, at Beslutningen tredie Gang bliver Lov, for at sikre Lovens Tilbliven, _ hvad der dog ikke er lykkets , fordi Grdl. ikke i § 81 har givet nogen særskilt Regel om slige Loves Udfærdigelse.
           
Og vidare segjer same Bladet:
           
Vi er ogsaa enige i, at selv Love, der er tilblevne mod Kongens Veto (Grdl. § 79), ikke skal adlydes af Borgerne, før de er udfærdigede og kundgjorte af Kongen.
           
- Kva er det, dei meiner? Skal det vera absolut Veto for Kongen i vanlege Lovsaker? Altso absolut Veto yver heile Lina?
           
Og denne § 79, som Nordmennerne fyrr hev voret so byrge av, dette Frihedens Klenod, dette Pant paa Folkesuveræniteten, _ skal me tru det er Meiningi, at dei vil gjera den Paragrafen og til inkjes, liksom dei alt lengje hev strævat med aa tyna § 112?
           
Det ser underlegt ut. Ein f æ r den Tanken av det me her hev hermt etter Fædrel. at dei ikkje er uhuga paa aa øydeleggja § 79, og det paa den Grunnen, at det ikkje stend nokot i § 81 um Maaten aa kunngjera slike Lovar paa; _ men fyrr dei er kunngjorde _ av Kongen _, tarv ingen bry seg um dei. Det er ikke lykkets at sikre Lovens Tilbliven gjenom Forskrifterne i Paragraf 79, segjer Fædrelandet.
           
Altso: ein stor, dyr, heilag Rett skulde kunna gjerast upp i inkjevetta for ei Form Skuld, _ fordi det ikkje er plent uppskrivet Ord for Ord i Grunnloven, kva Former ein slik Lov skal kunngjerast i! Juristarne regjerar Verdi.
           
 
Men so hev me Riksretten. Den skal nok finna ei Raad mot dei Riksraadarne, som vilde prøva paa aa setja seg so plent imot Grunnlovens klaare Ord og Bod! tenkjer Bonden.
           
- Ja; men Høgrefolki ligg og klunkar paa det og, at det ikkje er so plent visst med den Riksretten helder. Morgenbladet hev sagt ymse Ting um det. Og no ser me, at ein Novembermann i Lilleh. Tilsk. vaagar seg ut med den Lærdomen, at Kongen ikkje altid er nøydd til aa vyrda ein Riksrettsdom. _ _ _
           
 
Skal slikt vera, Aalvor? Det ser underlegt ut.
           
Gode norske Bonde, faa mange Høgremenn inn i Thinget. Lat oss faa eit Thing av Embættsmenn, Bymenn og Novembermenn. Og naar me so hev havt eit sovoret Thing eit halvt Tjug Aar elder so, _ kom so her inn til Byen og spør etter paa alle Gatur og kven du raakar, um det er nokon som veit, kor det hev vortet av Forfatningi av 1814!
           
Eidsvollsforfatningi er bygd paa den store Grunnsetningen, at Folket er suverænt, d. v. s. Herre yver seg sjølv. Suveræniteten er hos Folket; al Magt har sit Udspring fra Folket, skriv C. M. Falsen i sit Grundlovsforslag; fra Folket flyder alle Magter, skriv N. Wergeland i sitt. Og heile Eidsvollsmøtet var med paa dette, tilmed Grev Wedel-Jarlsberg.
           
Men lat no Novembermennerne koma til Magti! Dei hev ein gildare Lærdom, dei. Dei segjer:
           
Kongen hev Suveræniteten; all Magt er fraa Kongen. Folket hev berre somykje Magt som han av sin Godvilje og med klaare Ord hev gjevet det; Resten av Magti eig han sjølv aaleine.
           
- Det er væl ein gild Lærdom det, du norske Bonde!
 
                       
Mest 400
 
Bønder hadde samlat seg paa Folkemøtet i Haugsund.
           
Det var ikkje forklædde Bymenn. Og at det helder ikkje var Strilar fraa Tysnes, det kann ein sjaa av dei Resolusjonarne, dei vedtok. For dei lydde so:
           
I. Forsamlingen udtaler fuld Tilslutning til Storthingets Beslutning af 9de Juni 1880 og takker hjertelig de 74 Repræsentanter med Præsident Johan Sverdrup i Spidsen.
           
II. Paa Grund af den økonomiske Tilstand og de politiske Forhold udtaler Forsamlingen Ønskeligheden af en mere gjennemgaaende økonomisk Statshusholdning; særlig tør vi pege paa Udgiften til Kongehuset og Taffelpenge til Ministeren.
           
Desse Resolusjonarne vart vedtekne samrøystes.
           
Og liknande Adressur kjem inn til Storthinget mest Dags dagleg. Fraa alle Kantar av Landet, fraa Aalmannmøte, fraa Samlagsmøte, fraa Heradsstyre, fraa alle, som paa nokon Maate kann uttala seg paa slik meir offentleg Maate, kjem det Adresse paa Adresse til Thinget og til Sverdrup: Takk for den 9de Juni.
           
- Rare Folk, desse Bønderne! At dei daa ikkje kann forstaa, kor væl Novemberfolket vil dei, naar det arbeider for, at dei skal sleppa aa styra seg sjølve!
           
Og so vil dei hava Økonomi i Statsstyret! Liksom dei ikkje helder burde vera glade til, at so fine Folk som Kongar og Prinsar og Statsministrar og Embættsmenn vilde gjera Skillingarne deira den Æra aa eta dei upp!
           
Det er for ille.
           
Nei, daa er der meir Vit i Strilen fraa Tysnes. Han forstend, at han er for dum til aa styra seg sjølv. Og han er glad, naar Bakstrævet prøver aa taka ifraa han denne brysame Suveræniteten, som han ikkje kann bruka. Tysnesstrilen og Nesodd-Kaksarne, det er Folk, som forstend seg paa Politikk, det!
           
Dei er so vituge og so snilde, at dei mest kunde fortena at einkvar Majestæten viste dei den store Naaden og gjorde dei til Trælar, det vil segja til Trælar i utvortes Meining og.
           
Men desse Bønderne, desse Villmennerne, som vil halda paa Fridomen sin av 17de Mai, og som etterpaa alt vil hava Sparing i Statsstyret, _ ja, dei burde faa den Straffi, at dei vart reint forkasta av dei store i Landet og yvergjevne til Republikken og til alt vondt. For so fekk dei kjenna, kor godt det var. For etter som Storkararne her i Landet trur, so skal nok Fristaten vera nokonlunde det verste som er i denne Verdi, og altso just ei høveleg Straff for alle desse radikale, som vil hava ei Meining sjølve um sine eigne Ting.
           
Det er forunderlegt, at ikkje dei store i dette Landet læt denne Straffi koma yver dei norske Bøndarne og Radikalistarne! Novemberfolket og Tysnesstrilen kunde som Dyri i Arken bergast inn i Sverig so lengje; men dei radikale, og Stormengdi av Bøn- derne, og alle andre, som var so galne at dei vilde vera frie, dei skulde ut i Republikken og pinast der, so lengje til dei vart mykte og bad vakkert um Naade og absolut Veto.
           
- Prøv den Kur-Methoden gode Novembristar!