[Yngvar Nielsen...]

Yngvar Nielsen hev teket til aa gjeva ut ei Norges Historie efter 1814.
- So skulde daa det store og vigtige Arbeidet fyrste Gongen verta utført av den Mannen. Me veit dermed so nokonlunde, kva me hev aa venta. Sjølve Fædrelandet finn, at Mannen hev lagt svært stort Lag paa Karl Johans Fortjenester af Norge, det vil væl segja at han paa god November-Vis hev fortalt Nordmennerne, at det er Karl Johan, som av sin Naade hev gjevet oss ei fri Forfatning o. s. fr. Yngvar Nielsen er Morgenbladsmann og Amalgamist som me veit, og det er væl dessutan ikkje for ingen Ting, at Boki kjem just no.
           
Kanskje nokon av Vitenskapsmennerne vaare kunde finna, at det no var paa Tidi til aa taka seg paa Tak og faa ut eit skikkelegt Verk um Ny-Norigs Soga?
           
Dei hev tekje det svært maklegt til dessa. Dei stend i stor Skuld til Norig i denne Saki, og no, daa dei altso hev latet ein Partimann, som Yngvar Nielsen koma fyrst med eit slikt Verk, vert denne Skuldi ein Gong til so tung aa bera.
           
Det, som er det merkjelegaste av alt er, at Yngvar Nielsen fær Norigssoga si ut paa Forlag av Selskapet for Folkeoplysningens Fremme. Dette Selskapet vert nok meir og meir som ei halv Novemberforening no, endaa det sist av alt skulde hava nokot med Politikk aa gjera. Dei som skriv i det Laget, det er just slike Karar som Yngvar Nielsen, Ludvig Ludvigsen Daa og sovorne. Men difor vert daa og Laget studt uppe av alle dei, som likar Morgenbladspolitikk; Prestarne passar, t, D. væl paa aa faa Folkevennen med Tilleggshefte inn i Almuebiblioteki. Det skulde dei gode Heradsstyri, som eig Boksamlingarne, hava eit Auga med! For det er nok ikkje lenger visst, at det er Presten, som er best til aa finna ut dei gode Folkebøkerne.