[Notisar]

Kristiania, den 6te Mai.
           
N. J. Sørensenfekk av Overretten same Domen for Underretten: 60 Dagars Fengsel og Sakkostnaden, endaa Referenten hedde innstillt honom til aa verta frikjend. Saki gjeng til Høgsterett.
 
           
Stortinget hev med 57 R. mot 52 vedtekje eit Forslag av Steen om at Grunnlovs-Nemndi skulde dryfta dæ 6te Kapitlet i Stortings-Reglementet og koma mæ Forslag til Brigdingar i dæ, om ho totte at slike var turvelege. Steen totte ikkje dæ var rett, at Præsidenten 3 Gonger skulde tala ein Tingmann til Rettes, som kom mæ usømelege Ord, fyrr han kunde spyrja heile Tinget om han skulde utvisast.
           
Der er bevilja 12,000 Kr. til dæ bergenske Fiskeselskapet, og dei høgare Skular hev Tinget gjeve dei vanlege Bevillingar.
 
           
Odelstinget hev tekje ved Regjerings-Forslaget om ny Handverkslov. Denne gjer dæ noko fastare en fyrr millom Meisteren og Arbeidaren, og set ein ny Slags Rett til aa døma i Saker millom desse. I Retten skal Underdomaren vera Formann og desutan 2 Meistrar og 2 Arbeidarar. Domen kann krevjast inn for ein Overrett av 3 Meistrar og 3 Arbeidarar. Fraa den gjeng Ein like til Høgste-Rett.
 
Lagtinget hev vedtekje Loven om Avtaking af Borgarvæpningarne i Byarne. Dei som røystad mot var berre desse 4: Aschehoug, Lambrechts, Hansen, Svendsen. Dei segjer at Regjeringi vil sanktionera Loven denne Venda.
 
           
Wergelandstytta. Østlandsk Tidende skriv, at Bjørnson var den fyrste som kom fram med den Tanken aa reisa ei Stytte for HenrikWergeland dæ hadde nok vore tenkt paa fyrr, men hadde vorte reint bortgløymt. Dæ var i Mandagsforeningen Bjørnson fyrst talad paa dæ, og alle var samse mæ honom og valde ei Nemnd (B. Bjørnson, H. Ross, E. Sars, O. Skavlan) til aa greida mæ Saki. Desse fekk nokre andre gode Menner mæ seg, og spurde so Storthinget om ikkje dæ vilde telja Folket til aa reisa Minnestein for sin største Diktar. Nokre og seksti Tingmenner (fraa Kristiania ikkje andre en D. Kildal) skreiv so Namni sine under den Innbjodingi, som vart send utyver Landet.
 
           
Fædrelandet stivde seg upp og heldt ei Moralpreika for Morgenbladet og her ein Dag, fordi det sistnemnde Bladet paa ein heilag Skirtorsdag hadde komet med eit raatt og forargelegt bibelsk politisk Dikt um Bels Prestar og dei 74 i Thinget. Det hender so sjeldan no um Dagen, at Fædrel. preikar Moral for andre enn sine politiske Motstandarar, at me lyt fortelja dette Tilfellet som nokon serleg merkjelegt, _ og kanskje som eit godt Merkje for Framtidi _?
 
           
Rikspeningen og Administrationen. Der skal no ingjen lenger undrast paa al den Extraskrivingi, som øyder burt so mykje Pening i Departementi. Helder ikkje paa, at Regjeringi hev so flust av slike Skrivarpostar aat Folk som gjeng Gregersens Vegjer. For no fortelst det, at der er Departement, som hev kastat Kopipressurne, som brukast paa alle andre Kontor, og læt alt Avskrivararbeidet utførast med Handskrivning.
 
           
Vi skulde dog mene, segjer Fædrelandet, at det er en udelukkende hæderlig Sag, at en Mand kan komme til en anden Anskuelse om et Spørgsmaal, og at han saa aabent og ligefrem udtaler dette. Hev Fedrl. altid og i alle Tilfelle meint det?
 
           
Daa Storthinget hadde gjort sin Skyldnad og negtat Pengar til den Yngvar Nielsenske Ethnografi-Greida, so tillyste Hr. Yngvar Nielsen strakst nokre Forelæsningar um norske Nasjonaldragter og annat slikt, _ venteleg for aa visa Folk, kor reint galet Thinget hadde faret ved aa negta slik ein Vitenskapsmann Pengar. Det var godt paafunnet af Hr. Dr. Yngvar Nielsen.
           
Men no hender det so uheppeleg, at det nok ikkje er mange, som hev brytt seg um aa høyra paa desse Forelæsningarne hans. Kva hjelper det so?
 
           
Det vert fortalt, at Kristiania-Filistrarne skjemmest so yver Aatferdi si i Avsløringssaki, at dei ikkje aaleine vil halda seg plent burte fraa Festen den 17de Mai, men at dei ikkje eingong vil vaaga aa visa seg i sine eigne Vindaugo: dei vil rulla ned Gardini, det Bilet Avsløringsprocessionen dreg gjenom Karl-Johans-Gata!
           
Er dette sannt, so maa dei gode Filistrarne alt vera langt komne paa Hugvendings-Vegen.
 
           
Folkevæpnings-Samlag er no skipa i Trøndelagen og i Aust- og Vestoplandi.
 
           
Jadren vil dei no freista, paa aa faa oppdyrka. Der skal vera berre 66,000 Maal dyrka, men 500,000 Maal udyrka Mark, som kann dyrkast.
 
           
Paa Island hev Vetren voret hard. I Reykjavik hadde dei ikkje meir Mjøl att, daa Eimbaaten den 6te April for fyrste Gong i Aar kom baade med Mjøl og anna.
           
Der var ifjor Haust 72,349 Menneskjor paa Island: for 10 Aar sidan var dæ 69,764. I Reykjavik er dæ 2,567, i Akurreyri 713, i Isafjord 520.