[Hær-Musiken...]

Hær-Musiken skal ikkje faa Lov til aa spela ved Wergelandsfesten, er det sagt.
           
Kven hev Rett til aa negta det? Er det ikkje Folket, som betalar baade Hæren og Hær-Musikken?
           
Det maa væl vera ein høg Kar det, som vaagar seg til aa raa yver den norske Hær-Musikken paa den Maaten _?
           
Filisterdomen her inne hev væl tenkt, at paa den Maaten skulde dei faa øydeleggja Wergelandsfesten. Men Kristianiafilistrane vil læra det baade denne Gongen og fleire Gonger, at det finst andre Folk enn dei, som hev Meiningar og Magt i dette Landet.
           
Naar ikkje Wergelandsnemdi kann faa norske Spilemenn til den 17de Mai, so skaffar ho andre likso gode. Dei skal alt ha telegraferat til Gøteborg og Kjøbenhavn um dette.
           
Der er Ting, som heng so høgt, at ikkje eingong Pengesekkjerne kann naa upp! og det er godt.
           
Men at Kristianiafolket ikkje skjemnest av aa driva det til det, at Svenskar og Danskar skal maatte hjelpa Nordmennerne til aa halda Fest for den største nasjonale Skalden sin, _ det maa me storleg undrast paa. Men det er den nasjonale Æreløysa, som er ute att. Me kjenner den fraa fyrr.
           
- Aa, kor Maalmennerne meir og meir fær Rett i den gamle Læra si, som Folk fyrr hev funnet so rar:
at der i dette Landet er tvo Nasjonalitetar!
 
 
 
Tak med Blomar og Kransar til Henrik Wergeland, naar Støtta hans skal avslørast den 17de Mai! segjer Verdens Gang. Me vil segja det same. Tanken er fager og god. Henrik Wergeland var so glad i Blomster.