[Fraa Iveland (Brev).]

Fraa Iveland (Brev). Dei tenkjer so smaatt paa aa faa ein Jarnveg upp gjenom Sætersdal, og den kjem til aa gaa eit langt Stykkje gjenom Iveland. Dei held Møte og ordskiftast alt det dei kann um den Saki. Ivelendingarne likar aa antrast. Skulestellet vaart tykkjer eg det er helder smaatt med. Der er 4 Lærarar med 2 Krinsar til kvar. 3 Lærarar hev fengje Skulestoga, men ikkje Hus til Læraren; kanskje Lærararne skal hava Hus i kvar Busk liksom Haren? Løni deira er so liti, at det er ikkje godt for dei aa leiga seg Hus for den (8 Kr. Vika med Statstillegg og 4 Kr. i Kostpengar, Skuletidi 24 Vikur). Men Løni maa ikkje vera større, av di Ein daa kunde faa altfor duglege Lærarar, so Folk vart for kloke. Og det er væl so, at det trengst ikkje nokot høgt Syn paa Livet i Iveland.
           
Dei klagar yver, at Lærararne ikkje er so iduge som dei skulde. Kanskje Lærararne paa si Side finn, at dei snart hev gjort nok for slik ei Løn? Eg er rædd, at hadde dei ikkje Samvit og Ettertanke, so dei arbeidde meir for aa hjelpe fram Folket enn for seg sjølve, _ so vilde Skulen verta mykje kleinare endaa. Nei, læt Læraren faa det nokot greidare, so han fær Hug til aa arbeida og ikkje kjøvest av Næringssut. Og gjer Skuletidi lenger; det gjer ikkje vondt, um Borni fær læra noko meir hell aa pugga Forklaringi og telja paa Fingrarne, naar dei skal rekna. Er det ikkej likso bra, tru, aa gjeva Pengarne sine til Skulen som aa kasta dei i Brennevinshandlarkassa og i Sakførar- og Fatikkassa? Det, ein gjev til Skulen, ber daa vist høgare Rente.
           
Dei, som fær læra minst her, er Kvendi. Det ser ut til Folk trur, at naar det stend, at Manden er Kvindens Hoved, so er Meiningi den, at Kvinna sjølv skal vera hovudlaus.
                                               
G. Th.