[Fraa Øksendalen (Brev).]

Fraa Øksendalen (Brev). Me bur i ein Avkrok, og dette Prestegjeldet er eit av dei minste i Landet; men me er ikkje plent utanfyre endaa. Eg trur, faae Bygder hev havt so mange Ungdomar paa Folkehøgskulen som Øksendalen; sume av dei hev voret heilt ned i Danmark. I Aar er Amtsskulen (Nordmøres) her, og hev havt ikr. 40 Gutar, mest herifraa.
           
Dei store politiske Sakerne og Striden millom Styre og Storthing er nokot av det, Folk her talar mest um. Dei er orventne paa, kva Veg det vil bera, men vonar, at Thinget ikkje sviktar. Her vert leset ei Mengd med Blad. Ein Mann fraa Romsdal sagde, at han aldri hadde set so mange Blad koma til so lita Bygd, endaa han hadde reist baade vidt aa breidt. Maalet og Maalsaki er mange av oss glade i, og me takkar inderleg dei Menn, som arbeidar for aa føre ho fram. Det er vaar Sak, og me vonar so visst, at ho vil vinna. Endaa hev me likevæl ikkje lært aa skrive nokot vidare. Alt tek si Tid.
 
           
Her finst ingen Novembermann. Men Grannen vaar, som lengje hev leset Almuevennen, hev no voret nokot slingren av seg. Eg hev synt han liberale Blad som Verdens Gang og Fedrh.; men dei hev voret for stride, hev han tott. So fekk han ein Dag sjaa Programmet til November-Budstikka. Det likar han! Der maatte han væl endeleg finna eit Blad, som ikkje var partisk, men hadde berre sunn og sann Upplysning aa bjoda. Han tingar Bladet, og daa det var nokot seint, fekk han 10-12 No. i ein Gong. Og han til aa lesa og lesa, det beste han kunde. Men der kann du segja, han vart lurd, so det hadde Skikk. Han vart mest ør, Mannen! Verre Partiblad hadde han aldri set; det var so han knapt fekk sova um Nætterne! Og daa eg raakad han att, sagde han: Gjorde eg ret, so ballad eg desse Bladi ihop og sende dei radt attende til Novembermennerne og skreiv ei dugeleg Lekse til dei attpaa, men eg fær det ikkje til. Eg fær væl hava Bladet so lengje som det er betalt; men jamen vil eg halda Verdens Gang no, det vil eg. Eg trur han vart plent Vinstremann med ein Gong. Gjeng det med fleire som med honom, so kann dei liberale takka Budstikka for god Hjelp.                               
 
M. A.