[Eidsvollsmonumentet...]

Eidsvollsmonumentet tek dei no til aa arbeida paa aa faa istand. Fyrre Laurdagen heldt dei Innbjoarmøte og vedtok Sendebrev til alle Nordmenn um aa vera med og gjeva Pengar til Monumentet, og eit Arbeids-Utval vart utvalt, som skal samla inn Pengar og hellest fremja Saki paa alle Maatar. I dette Utvalet sit 18 Mann, derimillom Præsident Sverdrup, Statsminister Selmer, Prof. Sars, Bisp Essendrop, Bilæthoggar Skeibrok, Kunstmaalar F. Thaulow, Organist Lindemann, Grosserar P. W. W. Kildal og andre kjende Menn. Gamle Løvenskjold vilde some faa med; det skulde endaa upprettast ein Plass til i Utvalet aat han, men det gjekk ikkje. Og væl var det; for ein Mann, som hev sett fram Forslag um full Grunnlovsumstøypning med Overhus og alt vondt, burde ikkje vera med og reisa Minnesmerke yver Fedrarne paa Eidsvoll. Seinast til Vaaren 1883 skal det vera nytt Innbjoarmøte til Forhandling um det, som er gjort og det, som skal gjerast.
           
Kvar Mann i Landet, som ikkje er Fant, og som vil hava Rett til aa kalla seg Nordmenn, vil sjølvsagt leggja ein Skilling i dette Nationalmonumentet. Ingen er so arm, at han ikkje kann leggja av 1 elder ½ Kruna paa eit Aars Tid elder tvo til eit Minnesmerke for Norigs Fridom og Sjølvstende!