"Filistrarne."

I Kristiania Handelstandsforening vardt no sist Maandagskvelden teket Avgjerd, um dei skulde vera med som Corporation den 16 Mai daa Wergelandsstøtta skal avslørast.
           
Herum verdt fortalt soleids:
           
Med yver 200 Røyster mot 30 vardt det vedteket, at dei ikkje skulde møta fram dersom Bjørnson heldt Festtalen.
           
Grosserar Peter Petersen sette fram Forslag um, at daa sume av Storthingsmennerne var Upphavsmenn til Støtta, so skulde Foreningen foreslaa for Wergelands-Festkomiteen aa beda Storthinget um, at ein av dess Præsidentar vilde halda Festtalen!!
           
Dette Forslaget vardt vedteket, men ikkje med so stort Røystetal. Umframt var Ordkastet likt Avgjerdi, det vil segja: for det meste grunnat paa Bjørnsonshat. Der var endaa Ein som gjekk so vidt, at han snakkad um Bjørnsons Innsamling av Dollars i
Amerika og at han var skuldig paa Garden sin osfr. Same Karen talad um, at Arbeidararne var raae!
           
Det gjekk so vidt, at ein Høgremann reiste seg og klagad seg yver, at ein politisk Meningsfælle hadde brukat so stygge Ord.
           
Det var nok ein bra, frilyndt Mann, som var uppe og talad mykje og godt; men det hjelpte ikkje, maatru, i den Foreningi.